Stilling:

Førsteamanuensis / førstelektor i norsk

Søknadsfrist 22. november 2018

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap, og lærerutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL skal vere tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har ambisjonar om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, studiestad Stord, er det ledig 1 fast stilling som førsteamanuensis/førstelektor. Stillinga er lagt til fagmiljøet i norskdidaktikk ved Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking på Stord.

Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, i Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 500 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.

Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking har 160 tilsette i Bergen, i Sogndal og på Stord. Instituttet gir undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanninga, grunnskulelærarutdanningane (masternivå frå hausten 2017), og i bachelorutdanninga i teiknspråk og tolking. Vi gir også ei rekke etter- og vidareutdanningstilbod, mellom anna innanfor etterutdanningsprogrammet Kompetanse for kvalitet og satsinga Kompetanse for mangfald, som begge er sett i verk av Utdanningsdirektoratet.

Norskmiljøet ved Høgskulen på Vestlandet, studiestad Stord, har 7 tilsette. Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har som mål å vere i front av skule- og profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt. I denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Arbeidsoppgåvene vil primært vere undervisning, oppfølging i praksis, rettleiing og evaluering av studentoppgåver, i tillegg til FoU-arbeid. Du må kunne undervise både i grunnskulelærarutdanningane (1-7 og 5-10) og i barnehagelærarutdanninga. Arbeidsoppgåver innanfor etter- og vidareutdanning og/eller kurs og oppdragsverksemd kan også vere aktuelt, avhengig av kva kompetanse du har, og instituttet/fagmiljøet sine behov. I tillegg er følgande arbeidsoppgåver vere relevante for stillinga:

  • Ta initiativ til, leie og gjennomføre FoU-arbeid innan norskdidaktikk
  • Bidra til forsking og utvikling av forskingsmiljø innan norskdidaktikk
  • Bidra til utvikling av ny master i matematikkdidaktikk
  • Bidra til vidareutvikling av fakultetet sitt ph.d.-program «Danning og didaktiske praksiser»
  • Undervisning, rettleiing og evaluering av ph.d.-prosjekt, masteroppgåver, samt bacheloroppgåver i norskdidaktikk i grunnskule- og barnehagelærarutdanninga
  • Bidra til studentinvolvering i forskingsprosjekt og i samarbeid med andre aktørar utvikle studentane si praksisutdanning
  • Bidra til nye og utvikling av eksisterande samarbeidsprosjekt med eksterne forskingsmiljø både nasjonalt og internasjonalt
  • Bidra til å utvikle samarbeidet med praksisfeltet (partnerskular)

Kvalifikasjonar (krav til stillinga):

Du må ha mastergrad/hovudfag eller førstekompetanse i norskdidaktikk. For tilsetting som førsteamanuensis må du ha avlagt doktorgrad med relevans for stillingsprofilen. For tilsetting som førstelektor må du ha dokumentert kompetanse på nivå med norsk doktorgrad, og med tilsvarande relevanskrav.

Om du ikkje har formell praktisk-pedagogisk kompetanse, får du tilbod om kurs i høgskulepedagogikk som du må ta innan to år frå tilsettingsdato.

Ved vurdering og rangering av kvalifiserte søkarar vil det i tillegg bli lagt vekt på allsidig og relevant ndervisningserfaring, og yrkeserfaring frå grunnskule eller barnehagen.

Personlege eigenskaper:

Du som søker, må ha gode formidlingsevner og ha eit høgt etisk medvit i møte med studentar. Stillinga krev også at du både kan samarbeide og jobbe sjølvstendig, og vi vil legge vekt på om søkarane er personleg eigna for stillinga. Du må meistre både bokmål og nynorsk.

Søk på stillinga

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka «Søk denne stillinga» på denne sida. Som vedlegg til søknaden må du også laste opp attestar og vitnemål. Søknaden må også innehalde vedlegg som dokumenterer pedagogiske kvalifikasjonar. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må du sjølv laste opp attesterte omsettingar.

Vi gjer merksam på at søknader blir vurderte med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Det er ditt ansvar å sørge for at all informasjon er lagt inn innan fristen. Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Aktuelle søkarar til stillinga vil bli kalla inn til intervju.

Lønnsvilkår Førsteamanuensis blir lønt etter Statens regulativ, stillingskode 1011. Førstelektor blir lønt etter Statens regulativ, stillingskode 1198 Høgskulen har tenestepensjonsordning og det vert trekt lovfesta innskot til Statens pensjonskasse. Generell informasjon Den som vert tilsett må rette seg etter dei lover, forskrifter, instruksar og avtaler som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting og rekruttere personar med ulik nasjonal- eller etnisk bakgrunn.

Opplysingar om søkar kan bli gjort offentleg sjølv om søkar ber om ikkje å bli ført opp på søkarlista. Dersom førespurnaden ikkje blir tatt til følgje, vil søkar bli varsla om dette.

Høgskulen på Vestlandet er ei I/A-bedrift.

Hjemmeside

Kontaktpersoner:

  • Assisterande instituttleiar Jorunn Steensnæs tlf. 53 49 13 98

Søk denne stillinga

Powered by Labrador CMS