Stilling:

Dataforvaltar – databaseutvikling / datahandtering

Søknadsfrist: 31. august 2018

Havforskingsinstituttet

Havforskingsinstituttet (HI) er det største marine forskingsinstituttet i Europa med vel 1000 tilsette og ei rekkje forskingsfasilitetar og laboratorium av høg internasjonal standard. Hovudaktivitetane våre er forsking, rådgjeving og overvaking. Havforskingsinstituttet eig og driv seks forskingsfartøy. Vårt hovudkontor ligg i Bergen, vi har avdeling i Tromsø og forskingsstasjonar i Matre, Austevoll og Flødevigen.

Frå 1. januar 2018 er HI fusjonert med Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking (NIFES). Det nye instituttet skal være ein leiande kunnskapsleverandør for en bærekraftig forvaltning av ressursane i de marine økosystema, og for hele kjeda frå hav til mat.

Om stillinga

Ved faggruppe Norsk marint datasenter (NMD) er det ledig fast stilling som senioringeniør med arbeidsstad i Bergen. NMD arkiverer og gjer tilgjengeleg marine forskingsdata med hovudfokus på Havforskingsinstituttet sine data. Forskingsdata skal i større grad gjerast tilgjengeleg over Internett og Intranett.

Arbeidsoppgåver vil vera knytt til arbeidet med både historiske og nye forskingsdata. Noko felt- og toktarbeid og anna reiseverksemd knytt til stillinga kan påreknast.

Kvalifikasjonar

Søkjarar bør ha universitets-/høgskuleutdanning på mastergradnivå innan realfag. Relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning.

Søkjarar bør ha kompetanse innan databehandling/informatikk og relevant erfaring. Kompetanse innan desse systema og plattformene er å føretrekkje.

  • Handtering av historiske forskingsdata
  • Mottak, handsaming og tilgjengeleggjering av forskingsdata
  • Visualisering av forskingsdata
  • Data dokumentasjon, prosedyreutvikling og publisering av data
  • Linux-baserte serverar
  • Relasjonsdatabasesystem PostgreSQL, PostGIS
  • Scriptspråk som Python
  • Agile teknikkar organisert med SCRUM-metodikken

Personlege eigenskapar som kommunikasjons- og samarbeidsevner, evne til å arbeide sjølvstendig og målretta og kunne ta ansvar som prosjektleiar vert vektlagt.

Me tilbyr:

  • Ei interessant og utfordrande stilling i eit godt arbeidsmiljø med mykje internasjonal kontakt.
  • Fleksibel arbeidstid og gode pensjons- og velferdsordningar.

Ytterlegare informasjon

Stillinga vert løna etter Statens lønnsregulativ som 1181 senioringeniør.

Kontakt faggruppeleiar Helge Sagen, tlf. 952 15 046, e-post: [email protected] dersom du ønskjer meir informasjon. Sjå gjerne og nettsida vår, www.hi.no.

Havforskingsinstituttet er ei IA-verksemd som er opptatt av mangfald, og vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje stillinga. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Søkjaren vil bli orientert om dette på førehand.

Søknad skal sendast elektronisk via link på denne sida med CV, relevante attestar og vitnemål.

Søk på stillingen