LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Rådgjevar innan samfunnssikkerheit og beredskap

Søknadsfrist: 18.12.2022

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 17 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Høgskulen på Vestlandet søkjer ein drivande og erfaren medarbeidar til ledig stilling som rådgjevar innan samfunnssikkerheit og beredskap

Høgskulen på Vestlandet arbeider systematisk og førebyggande i vårt arbeid med sikkerheit og beredskap. Rådgivar samfunnsikkerheit og beredskap er ein pådrivar og tilretteleggar for å utvikle og implementere system og rutinar i organisasjonen, i tett samarbeid med leiarar og medarbeidarar i heile organisasjonen.

Stillinga er per i dag organisert i direkte line til organisasjonsdirektør. Hovudarbeidsplass for stillinga kan vere på ein av våre fem campus; Bergen, Sogndal, Førde, Stord og Haugesund. Ein må pårekna noko reiseverksemd.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Arbeidsoppgåvene som er lagt til stillinga er hovudsakeleg:

  • Oppfølging og implementering av nasjonale føringar for arbeidet med samfunnsikkerheit ogberedskap
  • Utarbeiding og operasjonalisering av strategiar for sikkerheit- og beredskapsarbeidet
  • Rådgiving og støtte til HVL sin beredskapsorganisasjon innanfor alle fasar av systematisk sikkerheit og beredskapsarbeid
  • Tilrettelegging og gjennomføring av krise- og beredskapsøvingar
  • Gjennomføring av opplæring av personell i sine beredskapsroller, og utøving av desse i krise- og beredskapssituasjonar
  • Operativ støttefunksjon i beredskapsgrupper på sentralt -og lokalt nivå ved fakulteta
  • Rolle som Sikkerheitsleiar ift HVL sitt arbeid etter sikkerheitslova
  • Kontakt med eksterne nettverk og deltaking i aktuelle fora på krise -og beredskapsområdet

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

  • Relevant utdanning frå universitet/høgskule på masternivå; helst innanfor samfunnsikkerheit ogberedskap. Realkompetanse med relevans for dei aktuelle oppgåvene kan kompensere for utdanningskravet, føresett at ein har minimum bachelorgrad som utdanningsnivå
  • Kjennskap til og erfaring med bruk av verktøy og sentrale metodar innan sikkerheits- og beredskapsfeltet
  • Erfaring med strategisk og operativt sikkerheits- og beredskapsarbeid i ein større organisasjon
  • Det er ønskjeleg med god kjennskap til aktuelle lover og forskrifter knytt til fagområdet, og kjennskap til offentleg forvaltning og sikkerheit- og beredskapsarbeid i offentleg sektor.
  • Ønskjeleg med kjennskap til "lov om nasjonal sikkerhet (sikkerhetsloven), med tilhøyrande forskrifter.
  • Søkjaren må kunne tryggleiksklarerast til nivå KONFIDENSIELT

Personlege eigenskapar:

  • Sjølvstendig og initiativrik
  • Planmessig, strukturert og løysingsorientert
  • Gode samarbeidsevner og evne til å bygge nettverk
  • God formidlingsevne og evne til å motivere medarbeidarar
  • God rolleforståing i balansen mellom strategiske og operative oppgåver

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ. Ut i frå ei vurdering av kompetanse og erfaring vert ein innplassert anten i stillingskode 1364 - seniorrådgivar eller 1434 - rådgivar

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Organisasjonsdirektør, Tage Båtsvik, 53 49 14 05/ 454 26 924, e-post: tage.batsvik@hvl.no

Søk stilling

Powered by Labrador CMS