LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Postdoktor i teiknspråk og tolking

Søknadsfrist: 20.12.2022

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6600 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod.
Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.


Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking har omlag 160 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord.


Instituttet gjev undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanninga, grunnskulelærarutdnningane, og i bachelorutdanninga i teiknspråk og tolking. I tillegg bidreg instituttet i to-årige masterutdanningar og i Ph.d.-programmet Studier av danning og didaktiske praksisar. Instituttet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod.

Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt.

Instituttet har som mål å vere i front av skule- og profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt. I denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det det ledig mellombels stilling i 100% postdoktor i teiknspråk og tolking ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett

Stillinga er retta mot Fakultetets strategiske satsing på teiknspråk og tolking, og vil bidra til å styrke teiknspråk i Noreg og tolking på tvers av språk og kultur.

Stillinga er knytt til prosjektet «Avbilding i teiknspråk, som ein drivkraft til å fremja inkludering, kommunikasjon og oversetting (DEPICT)» som finansierast med midlar frå Noregs Forskningsråd (LENKE TIL NETTSIDA). Prosjektets mål er å undersøke avbilding og kva for ein rolle det har i kommunikative praksisar hos teiknspråkbrukarar.

Stillinga vil innebere gjennomføring av eit relevant prosjekt knytt til erfaring og ekspertkjennskapar hos to-/fleirspråklege personar som kan eit eller fleire teikna språk. Arbeidspakke 1 av DEPICT prosjektet har som mål å undersøka korleis leksikale avbildande teikn vert prosesserte hos ulike teiknspråklege personar. Dette skal gjerast gjennom ein tverrspråkleg, eksperimentell studie, der deltakarar med ulike teiknspråk vil bli spurt om å kjenne igjen referentar av leksikalisert avbilding i deira eige og et annet teikna språk. Materialet vil bli analysert med søkelys på kva kvalitetar av avbilding som påverkar oppfatninga av likskap blant teikna.

Stillinga lysast ut over 2 år utan pliktarbeid. Postdoktoren vil vere ein del av HVL sitt fagmiljø innafor teiknspråk og tolking, forskargruppa Teiknspråk, tolking og kommunikasjon, det strategiske forskingsprogrammet Språk, Kommunikasjon og Læring (SKoL). Postdoktoren forventast å avslutte prosjektet sitt innanfor toårs perioden. Arbeidsstad vil fortrinnsvis være på campus Bergen. Det kan åpnes for arbeidsplan på NTNU.

Ansvars- og arbeidsområde:

Innanfor arbeidspakke 6 kommer postdoktoren til å:

  • Samle data til arbeidspakken (samen med arbeidspakkeleder).
  • Samarbeide i å designe eksperimentet og i å produsere eksperimentell oppgaver.
  • Delta i dataanalyse.
  • Publiserer, forfattar eller medforfattar, på minst to poenggivande publikasjonar per år der minst ein av dei er på nivå 2.

I tillegg til arbeid innanfor arbeidspakken er det forventingar om at den som vert tilsett samarbeide godt med andre deltakarar i prosjektet og til å delta aktivt i nettverksaktivitetar og forskergruppa DEPICT er knytta til. Det vil være ein del reising i samband med datainnsamling/feltarbeid.

Kvalifikasjonar:

Kriteria for tilsetting i undervisnings- og forskarstilling går fram av Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger

Doktorgrad relevant for fagområdet teiknspråk og tolking må vere oppnådd ved søknadsfristen. Dette kan for eksempel vere doktorgrad innan språk, kommunikasjon, lingvistikk og kognitiv psykologi (men er ikkje avgrensa til dei). Søkarar med doktorgrad frå andre fag som kan dokumentere god kjennskap til tematikken i utlysinga, t.d. gjennom fagleg vinkling på doktoroppgåva, kan og vurderast som kvalifiserte.

Ved bedømming skal hovudvekta leggjast på søkjar sine kvalifikasjonar for tematikken i DEPICT-prosjektet generelt og arbeidspakke 1 spesielt, samt på kvaliteten i tidlegare forsking og innleverte vitskaplege arbeid. I vurderinga av søkjarane vil vi leggje vekt på søkjar sin motivasjon, potensiale for forsking, sjølvstende, samarbeidsevne og om søkjar er personleg eigna for stillinga. Erfaring frå popularisering/formidling og administrativt arbeid vil òg bli tillagt vekt.

Følgjande kvalifikasjonar vil bli særskilt vektlagt:

  • Faglege kvalifikasjonar innan for det utlyste området, med hovudvekt på kvalitet i doktoroppgåva og andre vitskapelege arbeid.
  • Lingvistisk kompetanse for å kunne identifisere og analysere avbilding i tegnede språk.
  • Kompetanse i eit eller fleire teiknspråk.

Ønska kvalifikasjonar:

  • Har god kjennskap til teiknspråk og kommunikasjon på tvers av landegrenser.
  • Har erfaring med gjennomføring av ulike prosjekt.
  • Erfaring å bruke R eller andre program for statistisk analyse.
  • Avansert/førstespråkskompetanse i norsk teiknspråk.
  • Avansert kompetanse i skriftleg engelsk.

Personlege egenskapar:

  • God evne til sjølvstendig og systematisk arbeid.
  • God samarbeidsevne.
  • Evne til å ta initiativ.
  • Høgt etisk medvit i møte informantar er påkravd.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjonen som ved søknadsfristen er lagt inn i www.jobbnorge.no. Det er søkjaren sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:

Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjaren sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga er større enn 50 MB må dei komprimerast før opplasting, eller leggjast ved som lenkje.

Søknadane blir sendt elektronisk til eit sakkunnig utval. På bakgrunn av utvalet si vurdering vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveundervisning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spanande fagmiljø med moglegheiter for kompetanseheving- og utvikling
  • Moglegheit for trening i arbeidstida

Stillinga som Postdoktor er lønt etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1362 - Postdoktor.

Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogelg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er av den grunn eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing, og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet:

1) Førsteamanuensis Gro Hege Saltnes Urdal, tlf. +47 55 58 59 61 og e-mail: Gro.Hege.Saltnes.Urdal@hvl.no

2) Førsteamanuensis Benjamin Anible, e-mail: benjamin.d.anible@ntnu.no

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS