LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Høgskulelektor i teiknspråk og tolking

Søknadsfrist: 05.02.2023

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6600 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program.

Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.


Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking har omlag 160 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord.


Instituttet gjev undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanninga, grunnskulelærarutdnningane, og i bachelorutdanninga i teiknspråk og tolking. I tillegg bidreg instituttet i to-årige masterutdanningar og i Ph.d.-programmet Studier av danning og didaktiske praksisar. Instituttet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod.


Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt.

Instituttet har som mål å vere i front av skule- og profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt. I denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det er det ledig ei mellombels stilling som høgskulelektor i teiknspråk og tolking ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett for perioden 01.08.2023 – 31.07.2024

Stillinga inngår i Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking ved campus Bergen.

Ansvars- og arbeidsområde:

Stillinga har følgande ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Den som blir tilsett vil ha ansvar for undervisning i teori og praksis i teiknspråk og tolking gjennom heile studiet.
  • Personen som blir tilsett må også kunna undervisa i teiknspråkdidaktikk, norsk, i tolking mellom norsk og norsk teiknspråk og tolking med teikn som støtte.
  • Den som blir tilsett kan også trekkjast inn i arbeidet med rettleiing og evaluering av bacheloroppgåver relatert til den faglege profilen sin og kompetanse.

Kvalifikasjonar:

Kriteria for tilsetting i undervisnings- og forskarstilling går fram av Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger

Formell utdanning og kompetanse:

  • Master i norsk/nordisk, pedagogikk eller lingvistikk og må ha god kompetanse i norsk teiknspråk. Personar som ikkje har ei mastergrad, men som kan dokumentera levert grad i løpet av våren 2023 kan vera kvalifisert.
  • Undervisningsspråket er norsk og norsk teiknspråk.
  • Den som blir tilsett må ha gode samarbeids- og formidlingsevner, men òg evna til å arbeida sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel. Høgt etisk medvit i møte med studentar er påkravd.
  • Den som blir tilsett må vere personleg eigna for stillinga.

Følgande teller positivt i vurderinga

  • Norsk høgare grads eksamen i språk og/eller pedagogikk er ønskjeleg.
  • Relevant forskingsarbeid og yrkespraksis vil bli vektlagt.
  • Det er også ønskjeleg med kjennskap til kulturen til døve, høyrselshemmas organisasjonar, internasjonale teikn og andre lands teiknspråk. Vedkommande må ha ein kompetanse som er relevant for utvikling av eit studietilbod som møter krava til likestilling av norsk og norsk teiknspråk i studiet.
  • Det er vidare ein fordel om søkaren har erfaring med pedagogisk bruk av IKT.

Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju.

Tilsetjingsorgan er tilsetjingsutval ved Høgskulen på Vestlandet.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjonen som ved søknadsfristen er lagt inn i www.jobbnorge.no. Det er søkjaren sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:

Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjaren sjølv laste opp attesterte omsettingar. Om vedlegga er større enn 25 MB må dei komprimerast før opplasting, eller leggjast ved som lenkje.

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spanande fagmiljø med moglegheiter for kompetanseheving- og utvikling
  • Moglegheit for trening i arbeidstida

Stillinga som høgskulelektor er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1008 - høgskulelektor

Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogelg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er av den grunn eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting, og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktpersoner ved Høgskulen på Vestlandet:

1) Kristin Ran Choi Hinna, Instituttleder, 55 58 59 40 / [email protected]

2) Kjersti Skaden, fagtilsett på Tegnspråktolk, 55 58 97 19 / [email protected]

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS