Vi er på jakt etter ein ny kollega som skal ha ansvar for forskingskommunikasjon

Rådgivar med ansvar for forskingskommunikasjon

Søknadsfrist: 30.11.2022

Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda er høgskulen for humaniora og samfunnsvitskap i Møre og Romsdal. Vi er ein spennande kompetanseorganisasjon i vekst med om lag 4500 studentar og 380 tilsette. Vi gjev undervisning i ei rekkje fagområde, yrkesretta utdanningar og etter- og vidareutdanningar i nært samarbeid med samfunns- og næringsliv. Høgskulen i Volda driv mykje forsking og utviklingsarbeid og satsar på forskaropplæring og kompetanseoppbygging for dei tilsette i samarbeid med universitet i inn- og utland.

Har du redaksjonell erfaring, kontakter i medie-Noreg og trur du kan kle tittelen formidlingskunstnar? Då håper vi du les vidare og klikkar på søkeknappen!

Om stillinga

Vi treng deg som har god penn og trakterer tastaturet slik at forskingsstoff vert tilgjengeleg og forståeleg. Som kjenner nyheits- og aktualitetsverda, slik at forskarane våre kan delta i ordskiftet – både for å sette dagsorden og vere ekspertar på sine område i pågåande debattar og relevante kanalar. Dette kan du hjelpe dei med. Målet ditt er å sette fagmiljøa i Volda på kartet.

Du vert ein del av ein raus gjeng som du kan sparre og samarbeide med, men har hovudansvar for ditt område.

Kommunikasjonskontoret i fellesadministrasjonen er i dag seks tilsette, og rapporterer til høgskuledirektør.

Kvalifikasjonar

Av utdanning må du ha minimum bachelor i mediefag. Du må skjøne kva som er ei god (nyheits)sak eit godt overblikk over medie-Noreg - og gjerne ha eit tabloid gen. Det er ein bonus om du har erfaring frå medietrening og bodskapsarbeid.

Nyttige eigenskaper i jobben tenkjer vi er å vere effektiv, ha evna til å forenkle komplekse fagområde og bodskap, vere tålmodig – men også masete, på ein hyggeleg måte. Kan vi kalle det pågåande med eit smil?!

Erfaring og personlege eigenskaper vert vekta tungt i tilsettingsprosessen.Du må ha gode norsk- og engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg. Administrasjonsspråket ved høgskulen er norsk.

Dagleg arbeidsstad er Høgskulen i Volda.

Arbeidsoppgåver

- Gjere forsking, forskingsområder og forskarar ved HVO kjent

- Oversyn med nettsider og innhald knytt til forsking og forskingsgrupper i samarbeid med forskingsadministrasjonen

- Skrive pressemeldingar, nyheitssaker og produsere innhald til eigne kanalar i samarbeid med innhaldsprodusentar ved kommunikasjonskontoret (Vi har mellom anna eigen YouTube-kanal knytt til forsking du kan boltre deg i, samt medlemsskap i forskining.no)

- Mediekontakt og medietrening

Vi tilbyr

- Ein skikkeleg kjekk og dyktig gjeng på seks personar som næraste kollegaer.

- God pensjonsordning i Statens pensjonskasse, det vert trekt 2% lovbestemt innskot i Statens pensjonskasse av løna, som inneber pensjonssparing og risikoforsikring, les meir på www.spk.no.

- Tilsettgode og fordelar, mellom anna moglegheiter for trening i arbeidstida

Stillinga er løna etter kompetanse og kvalifikasjonar i statens lønsregulativ: 1434 rågiver. Normal årsløn for denne stillingskoda ved HVO er mellom kr. 524 900 – kr. 626 100,-

Generell informasjon

Ved HVO er vi opptatt av mangfald. Medarbeidarar med ulik livserfaring vil gjere oss i stand til å finne gode løysingar på arbeidet vårt. Vi oppmodar difor alle til å søke stillinga utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkommen til å søke sjølv om du ikkje kan vise til ei samanhengande yrkeskarriere. Lokala er universelt utforma, og vi legg tilhøva til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

Dersom du har nedsett funksjonsevne, innvandrarbakgrunn eller hol i CV kan du bli positivt særbehandla om du kryssar av for dette når du søker stillinga. Vi vil invitere minst éin kvalifisert søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om dette på arbeidsgiverportalen.

Tilsetjing skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.

Aktuelle kandidatar vert innkalla til intervju. Søkjarar som vert kalla inn til intervju, må ta med originalar av vitnemål og attestar for å dokumentere dei elektronisk innsende vedlegga.

Om søknaden

Alle som søker stillinga må søke digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå informasjon som ligg føre ved utløp av søknadsfristen. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillinga

Offentleg søkarliste blir utarbeidd etter at søknadsfristen er ute. Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette grunngjevast i Jobbnorge. Du vil bli varsla om reservasjon ikkje blir tatt til følge.

Kontakt

Nærare opplysningar om stillingane får ein ved å kontakte:

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS