LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Vitskaplege assistentar - SEFAL

Søknadsfrist: 06.08.2021

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap, og lærerutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr ulike årsstudium og bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar.


HVL skal vere tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har ambisjonar om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI) har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6 200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program.

Fakultetet har omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet vert organisert i 5 forskingsprogram, 3 sentre og forskargruppar.


Senter for fysisk aktiv læring (SEFAL) er organisert under FLKI og har fokusområde innanfor fysisk aktiv læring (FAL) i grunnskulen. Senteret vart etablert ved HVL, campus Sognda, i august 2018. Det har 13 tilsette knytt til seg, og er leia av professor Geir Kåre Resaland. SEFAL tilbyr, som den einaste i Norge, høgskuleutdanning i fysisk aktiv læring i skulen både som etterutdanning utan studiepoeng og vidareutdanning på masternivå med 15 studiepoeng. Det er ein sterk dynamisk kopling i SEFAL-utdanningane mellom det faglege (FAL) og det å utvikle læraren sin pedagogiske praksis. Kandidatane vil arbeide med utdanningar og data knytt til praksisfeltet i grunnskulen. Det er difor gunstig med kunnskap om praksisfeltet i skulen og undervisingserfaring frå grunnskulen. Det er knytt betydeleg med forksing kring SEFAL-utdanningane, og SEFAL har eit stort internasjonalt fagleg nettverk.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig to mellombelse stillingar som vitskapleg assistent ved Senter for fysisk aktiv læring (SEFAL).

Det er ledig to stillingar, ein i 50% og ein i 25%, som som vitskapleg assistent ved SEFAL frå september 2021 til 31.07.2023.

Søkjarane må skrive i søknaden kva stilling (50% eller 25%) dei vil søkje på. Dersom ein ønskjer å søkje på begge stillingane, må ein setje opp prioritert rekkjefølgje i søknaden.

Arbeidsstaden er campus Sogndal.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Stillinga har følgande ansvars- og arbeidsoppgåver:

Vitskapleg assistent er rekrutteringsstillingar der hovudoppgåva er å vere støttespelar for dagleg leiar og FoU- leiinga ved senteret. Begge stillingane vil bli knytt til dagleg drift av senteret, utviklinga og drifta av utdanningstilbodet, og samhandlinga med eksterne partnarar. Men vektinga kan avhenge av dei tilsette sine bakgrunnar. Stillingane skal og gi høve til innsikt i vitskapleg arbeid og metode. Dei medfører aktiv bruk av digitale verktøy.

Generelt:

Stilling som vitskapeleg assistent skal gi moglegheit for innsikt i vitskapeleg eller kunstnerisk arbeid og metode. Arbeidsoppgåvene skal liggje på eit akademisk nivå og skal bestå av vitskapeleg eller kunstnerisk assistanse. I samband med dette kan vedkommande påleggjast undervisning, laboratoriearbeid og tilsvarande arbeid. Stillinga kan ikkje besetjast av personar som tidlegare har vore tilsett i stipendiatstilling eller har oppnådd tilsvarande kompetanse.

Kvalifikasjonskrav:

I stillingane ønskjer vi studentar som er i gong med mastergradstudium eller PPU, eller ferdig med dei 3 første åra av ei fem-årig høgre utdanning. Nyleg utdanna masterstudentar er óg aktuelle kandidatar. Utdanninga må vere relevant for stillingsprofilen.

Dei som vert tilsett må vere personleg egna for stillinga, ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, men òg evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel. Vi søkjer etter medarbeidarar som er endrings-, utviklings og løysingsorienterte. Høgt etisk medvit i møte med studentar og samarbeidspartnarar er påkravd.

Dei som vert tilsett må ha gode kunnskapar og erfaring med fysisk aktiv læring.

Det er ein føremon med arbeidserfaring frå grunnskulen eller høgre utdanning.

Arbeidsspråket er norsk. Søkjarane må meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk, og engelsk.

Tilsetjingsorgan er tilsetjingsutval ved Høgskulen på Vestlandet.

Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen.

Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga overstig 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse.
  • Spanande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling.
  • Høve for trening i arbeidstida.

Stillinga som 1018/1019/1020 er lønna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1018/1019/1020 - Vitskapleg assistent.

Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jf. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynsket ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Førsteamanuensis Rasmus Stokke, tlf.: 951 54 332.

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS