LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Vitskapleg assistent - Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI)

Søknadsfrist: 30.06.2021

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6 200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program.

Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.


Institutt for idrett, kosthald og naturfag har ca. 110 tilsette i Sogndal, Bergen og på Stord. Fagområda i instituttet omfattar idrett, kroppsøving, fysisk aktivitet, folkehelse, friluftsliv, naturfag og mat og helse. Instituttet er og ansvarleg for oppfølging av Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet. Instituttet har ansvar for fleire utdanningar på bachelornivå innan idrett, kroppsøving, friluftsliv og folkehelse.

I tillegg kjem masterutdanningar i idrettsvitskap og fysisk aktivitet og kosthald i eit skulemiljø. Instituttet gir og undervisning på sine fagområde på alle nivå i barnehagelærarutdanninga, praktisk-pedagogisk utdanning og ved grunnskulelærarutdanningane, og bidreg i fakultetet sitt Ph.D.-program Danning og didaktiske praksisar. Tilsette på instituttet er involvert i forsking og utviklingsarbeid som er relevant for aktiviteten ved fakultetet og deltek i faglege nettverk både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet er og ein viktig aktør regionalt og nasjonalt for å bidra til vidareutdanning og kompetanseutvikling i skule, barnehage, idrett, friluftsliv, helse- og treningssenterbransje m.m.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei mellombels stilling som vitskapleg assistent ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI).

Stillinga inngår i Institutt for idrett, kosthald og naturfag (IIKN) ved campus Sogndal, for perioden 01.09.2021 - 31.07.2022.

Stillinga som vitskapleg assistent vil ha eit omfang på 50 - 100% og omfanget vil bli avklara til intervjurundar/tilsettingsprosessen startar.

Om stillinga:

Stillinga er knytt til forskingsprosjektet Active Learning Norwegian Preschool(er)s (ACTNOW). ACTNOW er eit storskala forskings- og utviklingsprosjekt knytt til kompetanseutvikling i høve til fysisk aktivitet i barnehagen. Målet er å utvikle ein god og bærekraftig modell for auka fysisk aktivitet i barnehage og undersøke effekten av fysisk aktivitet på barn si generelle utvikling, læring og helse. Prosjektet er leia av professor Eivind Aadland ved IIKN, FLKI, campus Sogndal. Her vil og den vitenskaplege assistenten ha sin arbeidsstad/tilknytning.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Stillinga har følgande ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Planlegge og koordinere datainnsamling.
  • Gjennomføre datainnsamling.
  • Plotte, bearbeide og kvalitetsvurdere data.
  • Drifte nettressursar.
  • Gjennomføre andre oppgåver ved behov.

Kvalifikasjonskrav:

  • Søkjarar må ha mastergrad i idrettsvitskap eller tilsvarande.
  • Søkjarar må ha førarkort klasse B.
  • Søkjarar må meistre norsk (munnleg og skriftleg).

Ønska kvalifikasjonar:

  • Erfaring med gjennomføring av større forskingsprosjekt.
  • Erfaring med testing og datainnsamling knytt til fysisk aktivitet, fysisk form, motorikk, sosio-emosjonell helse, sjølv-regulering, eksektutiv funksjon og/eller læring hjå barn.
  • Erfaring med handtering av forskingsdata.
  • Kjennskap til fysisk aktivitet og folkehelsearbeid.
  • Erfaring frå arbeid i barnehage.

Personlege eigenskapar:

  • God evne til sjølvstendig og systematisk arbeid.
  • God samarbeidsevne.
  • Evne til å ta initiativ.
  • Fleksibel og løysingsorientert.
  • Kommuniserer godt med barn.

Den som vert tilsett må vere personleg eigna for stillinga og ha høgt etisk medvit i møte med andre er påkravd.

Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju.

Tilsetjingsorgan er tilsettingsutval ved Høgskulen på Vestlandet.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, herunder attestar og vitnemål.

Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga overstig 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse.
  • Spanande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling.
  • Høve for trening i arbeidstida.

Stillinga som vitenskapleg assistent er lønna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1019/1020.

Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jf. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynsket ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Assisterande instituttleiar Ane Solbraa, tlf.: 57 67 60 81 / 909 53 275, e-post: [email protected]

2) Professor Eivind Aadland, tlf.: 57 67 60 86 / 476 23 461, e-post: [email protected]

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS