LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Prosjektleiar - Fakultet for helse- og sosialvitskap (FHS)

Søknadsfrist: 31.07.2021

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for helse- og sosialvitskap har om lag 370 tilsette og om lag 4500 studentar. Vi har eit breitt utdanningstilbod innan helse- og sosialfaglege profesjonsutdanningar, etter- og vidareutdanningar og fleire masterprogram.


Fakultetet tilbyr ph.d.-utdanninga "Helse, funksjon og deltaking". I tillegg har Fakultet for helse- og sosialvitskap ansvar for forskingsområdet: "Innovasjon i offentleg sektor" i ph.d.-utdanninga Responsible Innovation and regional Development (RESINNREG), som er eit samarbeid på tvers av fakulteta.

Studentane våre får omfattande ferdigheitstrening i tillegg til praksis, mellom anna gjennom øvingar i kommunikasjon og utprøving ved eit avansert simuleringssenter, SimArena. Vi praktiserer fleksible læringsformer der studenten sjølv blir utfordra til å delta i forsking og utviklingsarbeid.

Høgskulen på Vestlandet (HVL), Fakultet for helse- og sosialvitskap (FHS) har ledig prosjektstilling som prosjektleiar.

Om stillinga:

Vi lyser etter prosjektleiar i 100% stilling i eit år, med tiltreding så snart som mogleg. Stillinga plasserast i studieadministrasjonen ved FHS.

Til stillinga ligg ansvar for å koordinere tiltak på fakultetet knytt til læringsmiljø og studiemestring. Oppgåver med igangsetting og drift av vedtekne prosjekt knytt til studentassistentar og særskilte tiltak for fleirspråklege studentar vil stå sentralt. Stillinga vil også ha oppgåver innanfor fakultetet si satsing på digitalisering av arbeidsprosessar på det studieadministrative feltet. I tillegg kan det vere aktuelt å legge nokre studieadministrative driftsoppgåver til stillinga for å mogleggjere aktiv deltaking frå fast stab i ulike utviklingsprosjekt.

Den som går inn i stillinga må vere ein dyktig organisator, ha gode samarbeidsevner og kunne ta sjølvstendig ansvar for oppgåver.

Arbeidsstaden er Campus Bergen.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Samarbeid med utdanningsleiing, fagmiljø og administrasjon om tiltak for studentar
  • Igangsetting, koordinering og drift av studentassistentordninga inklusiv personalansvar for studentassistentane
  • Samarbeid med fagmiljøa om rettleiing av studentassistentar
  • Administrativ støtte opp mot arbeidet med igangsetting og gjennomføring av særskilte tiltak for fleirspråklege studentar
  • Støtte opp under digitalisering av arbeidsprosessar innanfor det studieadministrative feltet
  • Studieadministrative driftsoppgåver

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

  • Høgare utdanning på minst bachelornivå
  • Relevant arbeidserfaring
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
  • God digital kompetanse

Lang og relevant erfaring/realkompetanse kan kompensere for utdanningskravet.

Ønskede kvalifikasjoner:

  • Arbeidserfaring frå studieadministrasjon i universitets- og høgskulesektoren
  • Kjennskap til helse- og sosialfaglege utdanningar
  • Erfaring frå prosjekt- og utviklingsarbeid

Personlege eigenskapar:

  • Strukturert og ryddig
  • Gode samarbeidsevner
  • Sjølvstendig og ansvarleg
  • Løysingsorientert og kreativ

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som prosjektleder er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1113- prosjektleder.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annen dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrider 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.

Søknader kan ikkje sendes på e-post til enkeltpersoner ved høgskulen.

Generell informasjon:

Me gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hull i CV.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:

  • Studieadministrativ leiar Kristin Senneset, tlf 55 58 57 54

Søk stilling

Powered by Labrador CMS