LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Stipendiat i kunstfag

Søknadsfrist: 02.01.2022

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program.

Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.


Institutt for kunstfag har 70 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fagområda omfattar musikk, drama og anvendt teater og kunst- og handtverk. Instituttet tilbyr utdanningar på bachelor, master, årsstudium og etter og videreutdanning-nivå. Instituttet gir og undervisning på sine fagområde i barnehagelærarutdanninga og ved grunnskulelærarutdanningane og bidrar i fakultetet sitt Ph.D.-programet Studiar av danning og didaktiske praksisar.

Instituttet har som mål å vere i front av skule- og profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt, og vere ei drivkraft for utvikling av kunstfag på høgt nivå og med klar relevans for barnehage, skule og kulturfeltet. Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt.

Stipendiat, kunstfaglege forskingsformer i lærerutdanning

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei mellombels stilling som stipendiat i kunstfag ved Fakultet for lærerutdanning, kultur og idrett.

Om stillinga:

HVL sine studiar i estetiske fag er i endring. I tillegg til faga musikk og kunst og handverk i grunnskulelærarutdanninga, vil høgskulen om kort tid få 5-årig lærarutdanning i praktiske og estetiske fag (LUPE), og ein ny 2-årig master i kunstfag. Me lyser no ut eit Ph.d.-stipend som skal undersøkje korleis kunstfaglege forskingsformer kan ha plass i HVL sine utdanningar.

Lærarutdanningane sine estetiske fag og metodar står ofte fram gjennom hybride former som gjer bruk av kunst, estetikk, pedagogikk og vitskapsteori/filosofi. I denne forskingssjangeren blir det vektlagt at kroppen og kjenslene er involvert i handling og refleksjon, og at førestillingsevne og kreativitet er viktig, også i vitskap. Målet med forskingsprosjektet er å produsere kunnskap om korleis praktiske kunstnariske prosessar kan fungere ved gjennomføring, rettleiing og evaluering av studentar sine forskingsarbeid. Prosjektet fører med seg at HVL-studentar og tilsette skal være forskingsdeltakarar og bidragsytarar.

Samla stipendiatperiode er tre år, men kan om ønskeleg forlengast til fire år der 25 % av tida er pliktarbeid knytt til undervisning. Om stipendet blir forlenga til fire år, vil undervisning bli fordelt over alle åra. Det vil bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden for eventuell tidlegare rekrutteringsperiode. Forlenginga vil være avhengig av at kandidaten har undervisningskompetanse av relevans for instituttets studiar/utdanningar.

Samla stipendiatperiode er tre år, men kan om ønskeleg forlengast til fire år der 25 % av tida er pliktarbeid knytt til undervisning. Om stipendet blir forlenga til fire år, vil undervisning bli fordelt over alle åra. Det vil bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden for eventuell tidlegare rekrutteringsperiode. Forlenginga vil være avhengig av at kandidaten har undervisningskompetanse av relevans for instituttets studiar/utdanningar.

Stipendiatstillinga er knytt til PhD-programmet Studiar av danning og didaktiske praksisar ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett har arbeidsplassen sin ved HVL, campus Stord i tilsettingsperioden. Det er ønskeleg med oppstart i stillinga 1.8.2022.

Meir informasjon om det faglege innhaldet i stillinga kan fåast ved å kontakte professor Kari.holdhus@hvl.no, tlf. 97168005. Noko vegleiing vedkomande prosjektdelen av søknaden vil vere mogleg.

Ansvars- og arbeidsområde:

I tillegg til å gjennomføre ph.d.-prosjektet er det forventa at

  • stipendiaten bidreg konstruktivt inn i forskargruppa og i det aktuelle utdanningsmiljøet.
  • presenterer eigen forsking skriftleg og munnleg i ulike fora, slik som på nasjonale og internasjonale vitskapelege konferansar og i tidsskrift.

Kvalifikasjonskrav:

Søkjarar må ha mastergrad/hovudfag med karakteren B eller betre innan t.d. kunst og handverk, musikk, dans drama, kunstfagdidaktikk eller tilsvarande masterutdanning med høg relevans for dei forholda som er skildra ovanfor. Utdanninga må innehalde minimum 60 studiepoeng pedagogiske fag. Mastergrad må være nådd ved søknadsfristen.

Ønska kvalifikasjonar:

  • Har røynsle med gjennomføring av større forskingsprosjekt
  • Har god metodekunnskap
  • Har god kjennskap til kunstbaserte forskingsformer og kunstfagdidaktikk
  • Har røynsle frå arbeid i barnehage, skule eller lærarutdanning
  • Kommuniserer særs godt på norsk eller anna skandinavisk språk, samt på engelsk
  • Har tidlegare publikasjonar med relevans for utlysinga

Personlege eigenskapar:

Den som vert tilsett må ha gode samarabeids- og formidlingsevner, samt ha evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel. Høg etisk medvet i forskingsarbeidet er påkravd.

Krav til søknaden:

Søkjarar må leggje ved ei mellombels prosjektskisse på 5 sider som presenterer og grunngjev tema med forankring i forskingslitteraturen på feltet, problemstilling og val av teori og metodisk tilnærming for eit potensielt prosjekt. Denne vert brukt i vurdering av kvalifikasjonane til kandidaten og vil ikkje vere den endelege prosjektskissa.

Den endelege prosjektskissa vil bli utarbeida i samarbeid med tildelt rettleiar når ein søkjer opptak til doktorgradsprogrammet. Søknad om opptak til doktorgradsprogrammet skal først sendast etter ein eventuell tilsetting. Seinast 3 månader etter tilsetting må stipendiaten vere teke opp på ph.d.-prgrammet "Studier og danning av didaktiske praksisar" ved Fakultet for lærerutdanning, kultur og idrett.

Det er ein føresetnad at stipendiaten oppfyller krava for opptak til ph.d.-studiet:

  • Søkjar må ha fullført mastergrad, hovudfag eller tilsvarande og kunne dokumentere gode studieresultat. Normalt vil det vere ein føresetnad at søkjar har følgjende karakter:
    • Masteroppgåve eller tilsvarande: Karakter normalt B eller betre
    • Masterstudie; gjennomsnitt for studiedelen: Karakter normalt B eller betre
    • Søkjarar med mastergrad utan pedagogisk eller didaktisk komponent må dokumentere minimum 5 st.p. pedagogisk utdanning eller 1 års heiltidspraksis frå pedagogisk/didaktisk arbeid

Søknad om opptak til doktorgradsprogrammet skal først sendast etter tilsetting. Endeleg plan for gjennomføring av forskarutdanninga skal vere godkjent av høgskulen innan 3 månadar etter at du har tatt til i stillinga. Stipendiaten bør meistre både kvantitative og kvalitative forskingsstrategiar.

Følgjande kvalifikasjonar vil bli særskilt vektlagt: Faglege kvalifikasjonar innanfor det utlyste området, kvalitet i masteroppgåva, metodiske kvalifikasjonar, samt den førebelse prosjektskissa. Eventuelle vitskaplege publikasjonar kan og bli vektlagt

Korleis søkje på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillingen” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknader vert vurdert ut frå den informasjon som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, herunder;

  • masteroppgåva/hovudfagsoppgåva
  • inntil fem vitskapelege arbeid du ønskjer å ha med i vurderinga
  • fullstendig publikasjonsliste
  • prosjektskildring
  • attestar og vitnemål

Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Om vedlegga overskridar 25 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.

Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg leggje ved NOKUT si generelle vurdering om utdanninga (bachelor- og mastergrad) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering frå NOKUT kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit at du vil søkje stipendiatstilling. Dersom du ikkje har fått svar frå NOKUT innan søknadsfristen, leggjer du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har motteke søknaden din.

Søkjarar til stipendiatstillingar vert vurdert av ein bedømmingskomité. Bedømminga skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse og andre krav fastsett i utlysinga. På bakgrunn av komitéen si innstilling vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju.

Tilsettingsorgan er tilsettingsutvalget/råd ved Høgskulen på Vestlandet.

Søknadene vert sendt elektronisk til bedømmingskomitéen. Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskolen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving – og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som stipendiat vert lønna i stillingskode 1017/ 1378 Stipendiat, lønstrinn 54. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.

Frå lønna vert det trekt 2 % innskudd til Statens pensjonskasse. Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinjer som til ein kvar tid gjeld for stilling.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista vert handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, vert varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, personar med nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet:

1) Instituttleiar, Oded Ben-Horin, Tlf.: 53 49 14 56, E-post: oded.ben@hvl.no

2) Professor, Kari Holdhus, Tlf.: 97168005, E-post: Kari.holdhus@hvl.no

Søk stillingen

Powered by Labrador CMS