LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

3 stipendiatstillingar innan Studiar av danning og didaktiske praksisar

Søknadsfrist: 15.09.2022

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.

Ved Høgskulen på Vestlandet er det ledig 3 stillingar som stipendiat innan Studiar av danning og didaktiske praksisar ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.

Om stillinga:

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett er det ledig 3 mellombelse stillingar som stipendiat innan «Studiar av danning og didaktiske praksisar». Stipendiatprosjekta må vere tematisk relevante for fakultetet si forskingsverksemd og for ph.d.-programmet Studiar av danning og didaktiske praksisar.

Fakultetet si forsking er organisert i to forskingssenter, fem strategiske forskingsprogram og 47 forskargrupper. Ei oversikt over forskingsorganiseringa ved fakultetet finn ein her, inklusiv informasjon om leiarar av forskingsprogram og forskargrupper.

Ph.d.-programmet "Studiar av danning og didaktiske praksisar" omfattar om lag 70 stipendiatar som alle er i gang med sitt ph.d.-prosjekt. Sjå omtale, studieplan og opptakskrav for programmet her.

Det er viktig at ph.d.-prosjekta vert nært knytt til forskingsaktiviteten ved fakultetet. Søkjarane til stillinga må, før søknaden vert utvikla, sjølve ta kontakt med éin eller fleire forskargruppeleiarar for å presentere sin idé til tema for ph.d.-prosjektet og drøfte relevans i høve til forskargruppa sine aktivitetar inkludert mulege rettleiarar frå forskargruppa. Dei må deretter få ein kort uttale frå den aktuelle forskargruppeleiaren som stadfestar kontakt og gjensidig interesse og relevans for prosjektet. Denne uttalen må leggjast ved søknaden. Dersom søkjar er usikker på kva forskargruppe som kan vere relevant, kan leiarane av dei strategiske forskingsprogramma konsulterast.

Søknader av høg vitskapleg kvalitet på forskingsområde som er knytt til utdannings- og/eller profesjonsporteføljen til FLKI vil bli prioritert. Det er spesielt behov for å byggja opp forsking i fakultetet innanfor spesialpedagogikk, yrkesdidaktikk eller utdanningsleiing.

Ansvars- og arbeidsområde:

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett har arbeidsplassen sin ved Høgskulen på Vestlandet. Stipendiaten kan ha kontorplass i Sogndal, Bergen eller Stord.

Varigheit:

Samla stipendiatperiode er tre år, men kan om ønskeleg forlengast til fire år der 25 % av tida er pliktarbeid knytt til undervisning og administrasjon. Om stipendet blir forlenga til fire år, vil undervisninga bli fordelt over alle åra. Det vil bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden for eventuell tidlegare rekrutteringsperiode.

Det er ønskeleg med tiltreding frå 1. januar 2023.

I tillegg til å gjennomføre ph.d.-prosjektet er det forventa at stipendiaten:

  • Bidreg konstruktivt inn i forskargruppa
  • Presenterer eigen forsking skriftleg og munnleg i ulike fora, inkludert på nasjonale og internasjonale vitskaplege konferansar og tidsskrifter.

Kvalifikasjonskrav:

Det er ein føresetnad at stipendiaten vert teke opp på ph.d.-programmet «Studiar av danning og didaktiske praksisar» ved HVL og oppfyller krava for opptak til Ph.d.-studiet:

  • Søkjer må ha fullført mastergrad, hovudfag eller tilsvarende med relevans for ph.d.programmet og fakultetet sine forskings- og utdanningsområde. Søkjar må dokumentere gode studieresultat. Normalt vil det vere ein føresetnad at søkjar har følgjende karakter:

    • Masteroppgåve eller tilsvarande: Karakter normalt B eller betre

    • Masterstudie; gjennomsnitt for studiedelen: Karakter normalt B eller betre

    • Søkjarar med mastergrad utan pedagogisk eller didaktisk komponent må dokumentere minimum 5 st.p. pedagogisk utdanning eller 1 års heiltidspraksis frå pedagogisk/didaktisk arbeid.

    • Mastergrad må vere oppnådd ved søknadsfristen.

Nærmare informasjon om doktorgradsprogrammet finn ein her.

Søknad om opptak til dette ph.d.-programmet skal først sendast etter eventuell tilsetting. Seinast 3 månader etter tilsetting må stipendiaten vere teke opp på ph.d.-programmet. Stipendiaten vert oppmoda om å søkje utanlandsopphald i løpet av stipendiatperioden.

Søkjarar må leggje ved ei mellombels prosjektskisse på 6 sider, inkludert litteraturlista, som presenterer og grunngjev tema med forankring i forskingslitteraturen på feltet, problemstilling og val av teori og metodisk tilnærming for eit potensielt prosjekt. Denne vert brukt i vurdering av kvalifikasjonane til kandidaten og vil ikkje vere den endelege prosjektskissa.

Den endelege prosjektskissa vil bli utarbeida i samarbeid med tildelt rettleiar når ein søkjer opptak til doktorgradsprogrammet.

Ønska kvalifikasjonar:

  • Stipendiaten bør meistre både kvantitative og kvalitative forskingsstrategiar.

Personlege eigenskapar:

Den som vert tilsett må

  • kunne arbeide sjølvstendig og i fellesskap
  • ha gode samarbeids- og formidlingsevner
  • ha godt etisk medvit i forskingsarbeidet

Korleis søkje på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillingen” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknader vert vurdert ut frå den informasjon som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, herunder;

  • masteroppgåva/hovudfagsoppgåva
  • inntil fem vitskapelege arbeid du ønskjer å ha med i vurderinga
  • fullstendig publikasjonsliste
  • prosjektskildring
  • attestar og vitnemål.

Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Om vedlegga overskridar 25 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje, total maksgrense for opplasting av vedlegg er 50 MB.

Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg leggje ved NOKUT si generelle vurdering om utdanninga (bachelor- og mastergrad) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå NOKUT for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering frå NOKUT kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit at du vil søkje stipendiatstilling. Dersom du ikkje har fått svar frå NOKUT innan søknadsfristen, leggjer du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har motteke søknaden din.

Søkjarar til stipendiatstillingar vert vurdert av ein bedømmingskomité. Bedømminga skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse og andre krav fastsett i utlysinga. På bakgrunn av komitéen si innstilling vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju.

Tilsettingsorgan er tilsettingsutvalget/råd ved Høgskulen på Vestlandet.

Søknadene vert sendt elektronisk til bedømmingskomitéen.

Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskolen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving – og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som stipendiat vert lønna i stillingskode 1017 - Stipendiat, lønstrinn 54. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.

Frå lønna vert det trekt 2 % innskudd til Statens pensjonskasse. Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinjer som til ein kvar tid gjeld for stilling.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista vert handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, vert varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, personar med nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet:

1) Prodekan for forsking, Vegard Fusche Moe, tlf 57 67 60 37/ 922 84 709

Søk stillingen

Powered by Labrador CMS