Stilling:

Vitskapleg assistent i økonomiske og administrative fag

Søknadsfrist 6. januar 2019

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap, og lærerutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL skal vere tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har ambisjonar om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Instituttet er knytt til Fakultet for økonomi- og samfunnsvitskap (FØS). Fakultet har om lag 120 tilsette og om lag 2000 studentar. Den faglege verksemda er organisert i tre institutt fordelt på 3 ulike campus. Vi har eit breitt utdanningstilbod innan økonomifag, organisasjon og leiing, andre samfunnsvitskaplege fag, samt maritime studiar.

Ved Institutt for økonomi og administrasjon (IØA) er vi om lag 80 tilsette og 1000 studentar fordelte på studiestadane Bergen, Haugesund og Sogndal. Vi tilbyr bachelorutdanning i økonomi og administrasjon, økonomi og jus, eigedomsmekling, reiselivsleiing og natur- og opplevingsbasert reiseliv. IØA har òg eit masterstudium i innovasjon og leiing og tilbyr fleire etter- og vidareutdanningar. Ved Institutt for økonomi og administrasjon ønskjer ein no å tilsetta ein vitskapleg assistent i 50 % stilling. Åremålet kan ha ei varigheit på inntil 2 år.

Vitskapleg assistent er ei rekrutteringsstilling der hovudoppgåva er å vere støttespelar for dei vitskpaleg tilsette i deira undervisnings- og forskingsverskemd. Stillinga skal gje høve til innsikt i vitskapleg arbeid og metode.

Arbeidsoppgåver

Stillinga skal yta støtte til dei vitskapleg tilsette i analysar av økonomiske forhold i næringstlivet og i andre typar kvantitative analysar. Korrekturlesing og typesetting av eksamensoppgåver og vitskaplege arbeid vil også vera aktuelle oppgåver.

Kvalifikasjonar

For å søkje stillinga må du ha realfagleg mastergrad. Erfaring frå liknande arbeidsoppgåver vil bli vektlagt.

I tillegg er det ønskjeleg at den som søkjer har følgjande kunnskapar

  • kan bruke SPSS til analysar av store datamengder og kan bruke programmeringsspråket Syntax
  • har gode kunnskapar i bruk av Excel og kan programmere makroar i Visual Basic for Applications
  • har kunnskapar i bruk av typesettingsspråket La Tex
  • har kunnskapar innan fagområdet Systemdynamikk
  • har gode skrivekunnskapar både i nynorsk og bokmål

Personlege eigenskapar

  • Metodisk og sjølvstendig
  • Nysgjerrig
  • Kollegial og samarbeidsorientert

Vi tilbyr

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Eit godt og spanande fagmiljø
  • Moglegheiter for trening i arbeidstida

Stillinga er løna etter statens lønsregulativ som vitskapleg assistent i stillingskode 1019 eller 1020, avhengig av kompetanse.

Korleis søkje stillinga

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillingen” på denne sida. Vi gjer merksam på at søknadar blir vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no når søknadsfristen går ut. Det er søkjaren sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg, attestar og vitnemål, er lagt inn innan fristen. Dette gjeld òg master-/hovudsfagsoppgåva.

Generell informasjon

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjar vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad gjenspegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personer med minoritetsbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne. Høgskulen på Vestlandet er ei IA bedrift.

Heimeside: www.hvl.no

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Assisterande instituttleiar: Johannes Idsø, e-post: johannes.idso@hvl.no

2) Instituttleiar: Tom Skauge, e-post: tom.skauge@hvl.no

Søk stillingen

Powered by Labrador CMS