Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Stipendiatstilling knytt til prosjektet "From substance abuse disorder to full participation in society"

Søknadsfrist 07.04.2019

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for helse- og sosialvitskap har om lag 370 tilsette og om lag 4500 studentar. Vi har eit breitt utdanningstilbod innan helse- og sosialfaglege profesjonsutdanningar, etter- og vidareutdanningar og fleire masterprogram, samt Ph.d.-studiet "Helse, funksjon og deltaking". Fakultetet har ein vitskapleg ambisjon om å styrke forskingsbasert undervisning, rettleiing og praksis innan områda helse, funksjon og deltaking.


Studentane våre får omfattande ferdigheitstrening i tillegg til praksis, mellom anna gjennom øvingar i kommunikasjon og utprøving ved eit avansert simuleringssenter, SimArena. Vi praktiserer fleksible læringsformer der studenten sjølv blir utfordra til å delta i forsking og utviklingsarbeid.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig stilling som stipendiat knytt til Fakultet for helse- og sosialvitskap, campus Førde eller campus Sogndal.

Stipendiatstillinga er knytt til forskingsprosjektet "From substance abuse disorder to full participation in society", som er finansiert av HVL og som vert gjennomført i samarbeid mellom HVL og Regionalt kompetansesenter for rusmiddelforskning (KORFOR) i Helse Vest. Målet til prosjektet er å avdekke prosessar og faktorar som påverkar langsiktig tilfrisking for menneske som har vore i behandling for eit alvorleg rusproblem. Prosjektet bygger på både helse - og sosialfaglege kunnskapsperspektiv.

Stipendiaten vil vere del av forskingsgruppa for Psykisk Helse og Rus ved HVL, campus Førde, og forskingsgruppa for oppvekst, rus og sosial marginalisering ved HVL, campus Sogndal. Professor Christian Moltu (HVL), førsteamanuensis Lillian Bruland Selseng (HVL) og førsteamanuensis Jone Bjørnestad (UiS/KORFOR) vil utgjere rettleiargruppa i prosjektet.

Den som vert tilsett skal inngå i eit godkjent opplegg for ph.d.-studiet innan ei tidsramme på 4 år. 25 % av tida vil utgjere pliktarbeid i form av undervisning, utviklingsarbeid eller administrasjon. Det vil bli gjort frådrag i tilsettingsperioden for eventuell tidlegare rekrutteringsperiode.

Pliktarbeidet skal utføraste ved Høgskulen på Vestlandet. Det er ein føresetnad at den som vert tilsett har arbeidsplassen sin ved Høgskulen på Vestlandet, campus Førde eller campus Sogndal, i tilsettingsperioden.

Ansvars- og arbeidsområde:

Til grunn for utlysinga ligg ein protokoll som gir ytre rammer for prosjektet. Den som vert tilsett i stillinga skal på bakgrunn av denne, i samarbeid med rettleiarar og KORFOR, utvikle ein detaljert prosjektplan som tek utgangspunkt i stipendiaten sin utdanningsbakgrunn og forskingsinteresser. Prosjektet skal svare på kva som styrker og hindrar deltaking i arbeidslivsfellesskap og sosiale fellesskap i ein langsiktig tilfriskingsprosess etter alvorleg rusmiddelmisbruk.

KORFOR har gjennom STAYER-studien etablert ein langsiktig kohort av menneske som har vore gjennom alvorleg rusmisbruk, med svært høg datakvalitet og god oppfølging. Datainnsamlinga i dette prosjektet skal knyte seg til denne kohorten, etter avtale med og i samarbeid med KORFOR. Prosjektet skal bygge på solid kvalitativ forskingsmetode.

Kvalifikasjonskrav:

  • helse- eller sosialfagleg profesjonsutdanning med hovudfag eller mastergrad (120 studiepoeng)
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne i norsk og engelsk
  • gode analytiske evner
  • evne til å arbeide sjølvstendig og målretta
  • fagleg engasjement

Ønska kvalifikasjonar:

  • relevant erfaring frå forskings- og utviklingsarbeid
  • relevant praksiserfaring eller eigenerfaring

I vurderinga av søkjarar vil det bli lagt vekt på kvalitet på mastergradsoppgåva, samt metodiske kvalifikasjonar og gjennomføringsevne. Vitskaplege publikasjonar, erfaring frå forskingsarbeid og motivasjon vil også tilleggast vekt.

Tilleggskrav:

Søkjar skal gjere greie for eigen motivasjon for å gå inn i forskingsprosjekt og legge ved refleksjonar over korleis eiga utdanning - og erfaringsbakgrunn styrkar prosjektet.

Søkjar skal legge ved ei tentativ prosjektskisse på inntil fem sider med 1,5 linjeavstand som tar utgangspunkt i prosjektprotokollen og skildrar korleis søkjar ser føre seg gjennomføring av prosjektet. Prosjektprotokollen kan søkjar få ved å ta kontakt med kontaktpersonar i annonsa.

Mastergradsoppgåva må vere levert til vurdering innan søknadsfristen, og mastergraden må vere godkjent seinast fire veker etter søknadsfristen. Det vert føresett at stipendiaten sitt prosjekt vert innretta slik at stipendiaten kan bli tatt opp på ph.d.-studiet "Helse, funksjon og deltaking" ved Fakultet for helse- og sosialvitskap. Opptak krev normalt karakteren B eller betre på mastergrad, eller hovudfag med tilsvarande karakter.

Søknad om opptak til doktorgradsprogrammet skal først sendast etter ei eventuell tilsetting. Seinast 3 månader etter tilsetting må stipendiaten vere tatt opp på ph.d.-programmet ved gradsinstitusjonen.

Korleis søkje på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillingen” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknader blir vurdert ut frå den informasjon som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved utgang av søknadsfristen. Det er søkjars ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, dette gjeld masteroppgåva/hovudfagsoppåva og inntil fem vitskaplege arbeid de ønskjer å ha med i vurderinga, reflekson over eiga utdanning/eigen erfaring, fullstendig publikasjonsliste, prosjektbeskriving, attestar og vitnemål. Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 15 MB må desse komprimeras før opplasting eller leggast ved som lenkje.

Søkjarar til vitenskaplege stillingar blir vurdert av ein sakkunnig komité. Bedømminga skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse, inntil 5 vitenskaplege arbeid. På bakgrunn av komiteen si innstilling vil aktuelle søkjarar bli innkalt til intervju og prøveførelesing. Tilsettingsorgan er tilsettingsutvalet ved Høgskulen på Vestlandet.

Søknadane blir sendt elektronisk til det sakkunnige utvalet. Søknader kan ikkje sendes på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving – og utvikling
  • Høve til trening i arbeidstida

Stillinga som stipendiat er løna i stillingskode 1017/ 1378 Stipendiat, lønnstrinn 51. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.

Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse. Den som blir tilsett, må rette seg etter dei retningslinjer som til einkvar tid gjeld for stillinga.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jmf. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad gjenspegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personar med minoritetsbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne. Høgskulen på Vestlandet er ei IA bedrift.

Kontaktperson(ar) ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Professor, Christian Moltu, telefon: 92269691christian.moltu@hvl.no

2) Førsteamanuensis, Lillian Bruland Selseng, telefon: 92447113 lillian.bruland.selseng@hvl.no

Søk stillingen

Powered by Labrador CMS