Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Stipendiat i idrettsvitskap

Søknadsfrist: 20.10.2019

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei stilling som stipendiat i idrettsvitskap ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.

Om stillinga:

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod.
Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.


Institutt for idrett, kosthald og naturfag har ca 110 tilsette i Sogndal, Bergen og på Stord.

Fagområda i instituttet omfattar idrett, kroppsøving, fysisk aktivitet, folkehelse, friluftsliv, naturfag og mat og helse. Instituttet er og ansvarleg for oppfølging av Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet.

Instituttet har ansvar for fleire utdanningar på bachelornivå innan idrett, kroppsøving, friluftsliv og folkehelse. I tillegg kjem masterutdanningar i idrettsvitskap og fysisk aktivitet og kosthald i eit skulemiljø.
Instituttet gir og undervisning på sine fagområde på allenivå i barnehagelærarutdanninga, praktisk-pedagogisk utdanning og ved grunnskulelærarutdanningane, og bidreg i fakultetet sitt Ph.D.-program Danning og didaktiske praksisar.

Tilsette på instituttet er involvert i forsking og utviklingsarbeid som er relevant for aktiviteten ved fakultetet og deltek i faglege nettverk både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet er og ein viktig aktør regionalt og nasjonalt for å bidra til vidareutdanning og kompetanseutvikling i skule, barnehage, idrett, friluftsliv, helse- og treningssenterbransje m.m.

Stillinga er knytt til forskingsprosjektet Active Learning Norwegian Preschool(er)s (ACTNOW). ACTNOW er eit storskala forskings- og utviklingsprosjekt knytt til kompetanseutvikling i høve til fysisk aktivitet i barnehagen. Målet er å utvikle gode og bærekraftige modellar for auka fysisk aktivitet i barnehage og undersøke effekten av fysisk aktivitet på barns generelle utvikling, læring og helse. Prosjektet er leia av professor Eivind Aadland ved Institutt for idrett, kosthald og naturfag, Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, Campus Sogndal, her også stipendiaten vil ha sin arbeidsstad/tilknyting. Den utlyste stillinga er innafor tematikken fysisk aktivitet, fysisk form og motorisk utvikling, og har ei kvantitativ tilnærming. Stillinga vert lyst ut over 4 år med 25% pliktarbeid. Stipendiaten vil vere ein del av HVL sitt fagmiljø innafor idrettsutdanninga og barnehagelærarutdanninga, det strategiske forskingsprogrammet Idrett, fysisk aktivitet og kosthald, og eit av PhD-programma ved HVL. Arbeidsplassen er Sogndal.

Ansvars- og arbeidsområde:

  • Gjennomføre litteratursøk og setje seg inn i eige fagområde
  • Planlegge, koordinere og gjennomføre datainnsamling
  • Gjere kvalitetsvurdering og analysar av data
  • Presentere eiga forsking skriftleg og munnleg i ulike fora, inkludert vitskaplege konferansar og tidsskrift
  • Bidra konstruktivt i forskargruppa fysisk aktivitet og folkehelse
  • Undervising og rettleiing av studentar

Kvalifikasjonskrav:

Mastergrad i idrettsvitskap, kroppsøving eller tilsvarande fag eller kvalifikasjonar, må vere oppnådd ved søknadsfristen. Søkjarar må leggje ved ei prosjektskildring på inntil fem sider som presenterer og grunngjev tema, problemstilling og val av teori og metode for eit potensielt prosjekt. Denne prosjektskildringa blir brukt til vurdering av kvalifikasjonane til kandidaten og vil ikkje vere den endelege prosjektskildringa. Det endelege stipendiatprosjektet vil seinare bli utforma i samråd med rettleiarar.

Kandidaten må ha god kjennskap til kvantitativ metodikk, kunne kommunisere særs godt på norsk og godt på engelsk.

Stipendiaten som blir tilsett skal takast opp i eit av dei to doktorgradsprogramma; Helse, funksjon og deltaking ved Fakultet for helse- og sosialvitenskap eller Studiar av danning og didaktiske praksisar ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett. Det er ein føresetnad at stipendiaten fyller krava for opptak til ph.d.-studiet/studier. Normalt tek programma opp berre kandidatar med karakter A eller B på mastergraden. Søknad om opptak til doktorgradsprogrammet skal fyrst sendast etter tilsetjing. Endeleg prosjektskildring og plan for gjennomføring av forskarutdanninga skal vere godkjend av høgskulen seinast tre månader etter at ein er teke til i stillinga.

Ønska kvalifikasjonar:

  • Har erfaring med gjennomføring av større forskingsprosjekt
  • Har erfaring med bruk av akselerometer, samt testing og datainnsamling knytt til fysisk form og motorisk utvikling, primært hjå barn
  • Har god kjennskap til fysisk aktivitet og folkehelsearbeid
  • Har erfaring frå arbeid i barnehage
  • Har tidlegare publikasjonar med relevans for utlysinga

Personlege egenskapar:

  • God evne til munnleg og skriftleg kommunikasjon
  • God evne til sjølvstendig og systematisk arbeid
  • God samarbeidsevne
  • Evne til å ta initiativ
  • Kommunisere godt med barn

Korleis søke stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillingen” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknadar blir vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved utløp av søknadsfristen. Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, slik som masteroppgåve/hovudfagsoppgåva og inntil fem vitskaplege arbeid som du ønskjer å ha med i vurderinga, fullstendig publikasjonsliste, prosjektomtale, attestar og vitnemål. Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller på engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 15 MB må dei komprimerast før di vert lasta opp eller leggjast ved som lenke.

Søkjarar til vitskaplege stillingar vert vurdert av ein sakkunnig komité. Vurderinga skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse og inntil 5 vitskaplege arbeid. På bakgrunn av komiteen si innstilling vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveforelesing. Tilsettingsorgan er tilsettingsutvalet ved Høgskulen på Vestlandet.

Søknadene blir sendt elektronisk til det sakkyndige utvalet. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spanande fagmiljø med høve til kompetanseheving – og utvikling
  • Høve til trening i arbeidstida

Stillinga som stipendiat vert lønna i stillingskode 1017/ 1378 Stipendiat, lønnstrinn 54. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.

Frå lønna vert det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse. Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningsliner som til ei kvar tid er gjeldande for stillinga.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppførtpå søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansertalders- og kjønnssamansetning, rekruttere personer med minoritetsbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne. Høgskulen på Vestlandet er ei IA-verksemd.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:

  • Assisterande instituttleiar Ane Kristiansen Solbraa, tlf: 57 67 60 81 / 909 53 275, e-post Ane.Solbraa@hvl.no
  • Prosjektleiar: professor Eivind Aadland, tlf: 57 67 60 86, e-post: eivind.aadland@hvl.no

Søk stillingen

Powered by Labrador CMS