Stilling:

Stipendiat i idrettsvitskap

Søknadsfrist 27. januar 2019

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap, og lærerutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL skal vere tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har ambisjonar om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Ved Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, er det ledig ein midlertidig stilling som stipendiat idrettsvitskap. Stillinga er knytt til Institutt for idrett, kosthald og naturfag, Campus Sogndal.

Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.- program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.

Institutt for idrett, kosthald og naturfag har ca 100 tilsette i Sogndal, Bergen og på Stord. Fagområda i instituttet omfattar idrett, kroppsøving, folkehelse, friluftsliv, naturfag og mat og helse. Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet er ein del av instituttet.

Instituttet har ansvar for fleire utdanningar på bachelornivå innan idrett, kroppsøving, friluftsliv og folkehelsearbeid. I tillegg kjem masterutdanningar i idrettsvitskap og fysisk aktivitet og kosthald i eit skulemiljø. Instituttet gir og undervisning på sine fagområde på alle nivå i barnehagelærarutdanninga og ved grunnskulelærarutdanningane og bidrar i fakultetet sitt Ph.D.-program Danning og didaktiske praksisar.

Tilsette på instituttet er involvert i forsking og utviklingsarbeid som er relevant for aktiviteten ved fakultetet og deltek i faglege nettverk både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet er og ein viktig aktør regionalt og nasjonalt for å bidra til vidareutdanning og kompetanseutvikling i skule, barnehage, idrett, friluftsliv, helse- og treningssenterbransje mm.

Stillinga er ein del av forskings- og utviklingsprosjektet «Talent- og ekspertiseutvikling i fotball» (TEFT). Å ha «teft» for talent- og ekspertiseutvikling handlar om å forstå fenomena godt og kunne utvisa godt skjønn. I TEFT legg ein vekt på å forstå relasjonar mellom utøvar og trenar og praksisar desse er innvevde i. Det finst mange modellar og tiltak som prøver å gjera greie for talent- og ekspertiseutvikling generelt i samfunnet og i idrett og fotball meir spesielt.

Arbeidet i prosjektet konsentrerer seg om to område. Det eine handlar om modellforståing. Det andre prøver ut tiltak overfor unge lovande fotballspelarar, trenarane og miljøa dei praktiserer i. Arbeid på begge områda skjer i tett samspel med praksisfeltet og er meint å henga saman slik: Modellforståing kring talent- og ekspertiseutvikling blir brukt som innramming for og utprøving av tiltak/aksjonar i nær dialog med spelarar og trenarar i ungdomsfotball.

Det kortsiktige målet til TEFT er å forstå modellar og prosessar som skal føra til ei styrka spelar- og/eller trenautvikling i ungdomsfotball. Det langsiktige målet er å utvikla godt skjønn og ein berekraftig modell for ekspertiseutvikling i fotball. Prosjektet er leia av førsteamanuensis Vegard Fusche Moe. Det høyrer til det strategiske forskingsprogrammet Idrett, fysisk aktivitet og kosthald og forskargruppa Trening, utvikling og prestasjon.

Å forstå samspel og deltaking i praksisfeltet fotball er sentralt for stillinga og i samsvar med PhD-programmet til HVL, "Studiar av danning og didaktiske praksisar", der stipendiaten vil gjennomføra forskarutdanninga si. Hovudtilnærminga i studien er kvalitativ. Stillinga blir lyst ut for 4 år med 25 prosent undervisningsomfang årleg innanfor det idrettsfaglege miljøet ved HVL.

Stipenidaten skal:

  • Gjennomføra litteratursøk, avdekke kunnskapsgap og plassere prosjektet i ein forskingskontekst
  • Formulere klare og interessante problemstillingar
  • Arbeide med modellar og utvikling av tiltak
  • Handtere kvalitetskrav til forskingsdesign
  • Formidle eiga forsking skriftleg og munnleg i ulike fora som vitskaplege konferansar og tidsskrift
  • Bidra konstruktivt i forskargruppa Trening, utvikling og prestasjon
  • Undervisning og rettleiing av studentar

Kvalifikasjonskrav

Mastergrad i idrettsvitskap, kroppsøving, pedagogikk eller andre relevante fag, eller tilsvarande kvalifikasjonar, må vere oppnådd ved søknadsfristen.

Søkjarar må leggje ved ei prosjektskildring på inntil fem sider som presenterer og grunngjev tema, problemstilling og val av teori og metode for eit potensielt prosjekt. Denne prosjektskildringa blir brukt til vurdering av kvalifikasjonane til kandidaten og vil ikkje vere den endelege prosjektskildringa. Det endelege stipendiatprosjektet vil seinare bli uforma i samråd med rettleiarar.

Kandidaten må ha god kjennskap til kvalitativ metode og kommunisere godt på norsk og engelsk.

Stipendiatar som blir tilsett må bli tekne opp i doktorgradsprogrammet "Studiar av danning og didaktiske praksisar" ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI). Det er ein føresetnad at stipendiatar fyller krava for opptak til ph.d.-studiet. Normalt tek programmet opp berre kandidatar med karakter A eller B på mastergraden. Søknad om opptak til doktorgradsprogrammet skal fyrst sendast etter tilsetjing. Endeleg prosjektskildring og plan for gjennomføring av forskarutdanninga skal vere godkjend av høgskulen seinast 3 månader etter at ein er teke til i stillinga.

Ønskede kvalifikasjoner

  • Har god kunnskap om idretts- og fotballsektoren.
  • Har erfaring som spelar eller trenar i fotball.
  • Har erfaring frå arbeid i idrettslag, fotballklubb eller tilsvarande.
  • Har erfaring frå undervisning og rettleiing innan høgare utdanning.
  • Har erfaring frå forskingsprosjekt utover eigen mastergrad.
  • Har publikasjonar med relevans for utlysinga.
  • Vitskaplig produksjon kan bli vektlagd.

Personlige egenskaper

  • God evne til munnleg og skriftleg kommunikasjon.
  • Arbeider sjølvstendig, systematisk og analytisk.
  • Samarbeider godt med andre.
  • Tek initiativ og kan utfordra.
  • Er open og deler kunnskapar og erfaringar.

Søk på stillinga

Søkjarar til stillingane vert vurderte av eit sakkunnig utval med tre medlem.

Send søknad og CV ved å klikka på knappen merka «Søk stillinga» på denne sida. Som vedlegg til søknaden må søkjarar også laste opp masteroppgåva og inntil fem vitskaplege arbeid dei ynskjer å ha med i vurderinga. Vidare må fullstendig publikasjonslista, attestar og vitnemål lastas opp. Søkjarar bør nemna dei arbeida eller delar av arbeid som særleg skal vektleggjast ved vurderinga.

Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsetjingar. Me gjer merksam på at søknader vert vurderte med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar å syta for at all informasjon er lagt inn innan fristen. Det er særs viktig at alle dei vitskaplege arbeida som skal vurderast vert lasta opp i sin heilskap som vedlegg til søknaden. Det er også mogleg å berre legga ved ei lenkja til særleg store dokument/publikasjonar. Dette finn du meir om under "Vedlegg" i søknadsprosessen. Søknadane vert sende elektronisk til det sakkunnige utvalet. Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi gjer merksam på at søknader blir vurderte med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Det er søkar sitt ansvar å sørge for at all informasjon er lagt inn innan fristen. Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersoner ved høgskulen.Aktuelle kandidatar til stillinga vil bli innkalla til intervju og bedne om å halde prøveforelesing.

Lønnsvilkår

Stillinga vert løna i stillingskode 1017 Stipendiat, lønnstrinn 51. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon

Den som vert tilsett må rette seg etter dei lover, forskrifter, instruksar og avtaler som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting og rekruttere personar med ulik nasjonal- eller etnisk bakgrunn.

Opplysingar om søkar kan bli gjort offentleg sjølv om søkar ber om ikkje å bli ført opp på søkarlista. Dersom førespurnaden ikkje blir tatt til følgje, vil søkar bli varsla om dette.

Høgskulen på Vestlandet er ei I/A-bedrift.

Heimeside

Kontaktperson:

  • Assisterande instituttleiar Ane Kristiansen Solbraa, tlf: +47 57 67 60 81
  • Førsteamanuensis Vegard Fusche Moe, tlf: +47 57 67 60 37

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS