Stilling:

Rådgjevar verksemdsstyring (Avdeling for økonomi)

Søknadsfrist 15. januar 2019

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig 2 faste 100% stillingar som rådgjevar/seniorrådgjevar innan verksemdsstyring i Avdeling for økonomi

HVL si verksemdstyring er leia av økonomi- og arealdirektør, som har det overordna ansvaret for området. Til området ligg og ansvar for HVL sin samla økonomifunksjon, arealforvaltning, drift og prosjektoppfølging.

Om stillingaStillinga inngår i stab direkte under økonomi- og arealdirektør.

Ansvars- og arbeidsområdeAnsvarsområde lagt til stillinga er oppgåver innan verksemdsstyring.

I dette inngår:

  • Utvikle, kvalitetssikre og støtte arbeidet med heilskapleg og gjennomgåande verksemdsstyring, medrekna arbeid med risikostyring og vurdering i alle sentrale planar
  • Følgje opp områder innanfor verksemdsstyring i einingar og fakultet
  • Sikre god leiingsinformasjon og beslutningsstøtte
  • Saksbehandle og utarbeide presentasjonar, oversyn og saker til styrer, råd og utval på institusjons- og fakultetsnivå
  • Utarbeide og koordinere arbeidet med styringsårshjul, strategiar, årsplanar og årsrapportar for verksemda
  • Delta i ulike institusjonelle og nasjonale utviklingsoppgåver innanfor ansvarsområdet, medrekna å bidra til implementering av digital verksemdstyring
  • Analyse- og utgreiingsoppgåver
  • Ansvar for å følgje opp høgskulen sin internrevisjon og oppfølgjing av tiltak/avvik
  • Evaluere og bidra til å forbetre etablerte styrings- og kontrolltiltak for risikostyring og måloppnåing

Kvalifikasjonskrav

Til stillingane vert der stilt krav om høgare utdanning på minst bachelornivå, fortrinnsvis master. I tillegg vert det stilt krav om relevant administrativ erfaring.

Kandidaten må kunne arbeide sjølvstendig og strategisk, ta initiativ og vere ein pådrivar og ha gode kommunikasjonsevner. Vidare må kandidaten ha erfaring med utgreiingsarbeid og ha god munnleg og skriftleg framstillingsevne på begge målformer. Kandidaten må ha god digital fortståing og kompetanse.

Vi tilbyr

Stillinga er løna etter Statens lønnsregulativ, i stillingskode 1434/1364 – Rådgjevar/Seniorrådgjevar. Frå lønna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Vi tilbyr elles:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving – og utvikling
  • Fleksitid jfr. Særavtale om fleksibel arbeidstid i staten
  • Moglegheit for trening i arbeidstida

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknader blir vurdert ut frå den informasjon som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, herunder attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annen dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrider 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.

Søknader kan ikkje sendes på e-post til enkeltpersoner ved høgskulen.

Generell informasjon

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad gjenspegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personer med minoritetsbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne. Høgskulen på Vestlandet er ei IA-verksemd.

Heimeside

Kontaktperson(ar) ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Direktør for økonomi og arealforvaltning - Helge Skugstad, telefon: 55 58 71 70, mobil: 478 82 007

Søk stilling

Powered by Labrador CMS