Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Rådgjevar innan studie- og forskarutdanningsadministrasjon - Fakultet for ingeniør- og naturvitenskap

Søknadsfrist: 16.03.2020

Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for ingeniør- og naturvitenskap har ledig fast stilling som rådgjevar innan studie- og forskarutdanningsadministrasjon

Om stillinga:

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.Fakultet for ingeniør- og naturvitskap har om lag 270 tilsette og om lag 3200 studentar. Fakultetet blir leda av ein dekan som har det overordna ansvar for den faglege og administrative verksemda ved fakultetet og som rapporterer til rektor.


Fakultetet har eit breitt utdanningstilbod både på bachelor og masternivå innan ingeniør- og naturfag, samt PhD-utdanning innan datateknologi. Mohnsenteret for innovasjon og regional utvikling forskar på innovasjon og tilbyr masterutdanning innan innovasjon og entreprenørskap. Dykkarutdanninga tilbyr eittårig fagskuleutdanning.


Hovuddelen av fakultetets verksemd er i Haugesund, Bergen, Sogndal og Førde.

Fakultetets verksemd er internasjonalt forankra og skjer i tett samarbeid med regionale bedrifter, klynger, helseføretak og offentleg sektor, inkludert andre institusjonar i universitets- og høgskulesektoren. Dette gjeld både forsking, utvikling, innovasjon og ikkje minst utdanning med studentprosjekt på alle nivå.

Denne stillinga er ein del av fakultetsadministrasjonen og rapporterer til administrasjonssjef. Arbeidsplassen skal være på campus Bergen.

Stillinga har eit todelt ansvarsområde. I hovudsak skal rådgjevaren ha ansvaret for det administrative arbeidet knytt til forskarutdanninga på fakultetet, og ha eit spesielt administrativt ansvar for doktorgradsprogrammet i datateknologi. Denne stillinga vil og ha arbeidsoppgåver innan generell studieadministrasjon, då med fokus mot bachelor- og masterstudium. Fordelinga mellom ansvarsområda kan variere noko gjennom året.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Ansvars- og arbeidsoppgåver innan forskarutdanningsadministrasjon:

  • Tilrettelegging og sakshandsaming ved opptak til ph.d.-studiet, oppfølging av avtalar og studentar, organisering av midtvegsevaluering og disputas
  • Administrativ støtte for fagansvarleg i dagleg drift av ph.d.-studiet og sekretariat for programutvalet for ph.d.-studiet
  • Saksførebuing og -oppfølging, utviklingsarbeid, rapportering og utgreiingsoppgåver
  • Administrasjon knytt til emne på ph.d.-nivå (oppretting, nedlegging og revisjon)
  • Bidra på arrangement ved fakultetet

Ansvars- og arbeidsoppgåver innan studieadministrasjon:

  • Mottak, rettleiing og oppfølging av studentar
  • Utviklingsoppgåver knytt til studieadministrasjon og studieprogram
  • Generell saksbehandling innan studieadministrasjon

Kvalifikasjonskrav (krav til stillingen):

Formell utdanning og kompetanse:

  • Høgare utdanning fortrinnsvis på masternivå
  • Administrativ erfaring og kompetanse relevant for ansvarsområdet
  • Gode kommunikasjonsevner på norsk og engelsk, munnleg og skriftleg
  • Høg digital kompetanse

Ønska kvalifikasjonar:

  • Kjennskap til universitets- og høgskolesystemet og digitale verktøy som FS og og Public 360 er ein fordel

Personlege eigenskapar

  • Søkar må vere utadvendt, utviklingsorientert, initiativrik og trivast i eit travelt miljø
  • Stillinga krev evne til sjølvstendig og strukturert arbeid, gode samarbeidsevner og fleksibel innstilling

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Fleksitid jfr. særavtale om fleksibel arbeidstid i staten
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1434 - rådgjevar.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annen dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrider 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.

Søknader kan ikkje sendes på e-post til enkeltpersoner ved høgskulen.

Generell informasjon:

Me gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hull i CV.

Kontaktperson(ar) ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Administrasjonssjef Henning Norheim Fakultet for ingeniør og naturvitskap, +47 55 58 76 72

Søk stilling

Powered by Labrador CMS