Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Rådgjevar - nasjonalt oppdrag

Søknadsfrist: 19.04.2020

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program.

Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod.

Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og
forskargrupper.


Institutt for idrett, kosthald og naturfag har ca 110 tilsette i Sogndal, Bergen og på Stord. Fagområda i instituttet omfattar idrett, kroppsøving, fysisk aktivitet, folkehelse, friluftsliv, naturfag og mat og helse. Instituttet er og ansvarleg for oppfølging av Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet. Instituttet har ansvar for fleire utdanningar på bachelornivå innan idrett, kroppsøving, friluftsliv og folkehelse. I tillegg kjem masterutdanningar i idrettsvitskap og fysisk aktivitet og kosthald i eit skulemiljø.

Instituttet gir og undervisning på sine fagområde på alle nivå i barnehagelærarutdanninga, praktisk-pedagogisk utdanning og ved grunnskulelærarutdanningane, og bidreg i fakultetet sitt Ph.D.-program Danning og didaktiske praksisar.

Tilsette på instituttet er involvert i forsking og utviklingsarbeid som er relevant for aktiviteten ved fakultetet og deltek i faglege nettverk både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet er og ein viktig aktør regionalt og nasjonalt for å bidra til vidareutdanning og kompetanseutvikling i skule, barnehage, idrett, friluftsliv, helse- og treningssenterbransje m.m.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei fast stilling som rådgjevar nasjonalt oppdrag ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.

Stillinga inngår i Institutt for idrett, kosthald og naturfag, campus Bergen

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei stilling som rådgjevar nasjonalt oppdrag ved Institutt for idrett, kosthald og naturfag, campus Bergen. Stillinga er knytt til instituttet si oppfølging av Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet. Det overordna målet med dette arbeidet er å styrka barnehagens og skulens rolle som helsefremjande arena, med fokus på fysisk aktivitet, ernæring, mat og måltid, og på skulefaga kroppsøving og mat og helse.

Vi søkjer no etter ein medarbeidar med kompetanse innan relevant fagområde knytt til det nasjonale oppdraget, og med kunnskap om og erfaring med digital formidling, webarbeid og målgrupperetta kommunikasjonsarbeid.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Medarbeidaren vil samarbeide tett med fagmiljøa i instituttet og ha ansvar for strategisk og målgrupperetta kommunikasjons- og formidlingsarbeid knytt til det nasjonale oppdraget. Den tilsette vil ha hovudansvar for tekst og innhald på nettsider, digitalt utviklingsarbeid, og formidling og drift av ulike nett-portalar slik som mhfa.no, svømmedyktig.no og aktivitetskassen.no. Utvikling av nye digitale verktøy, ressursar og databasar for barnehagar og skuler innan blant anna fysisk aktivitet, kroppsøving, mat og helse, og kosthaldsarbeid, i samarbeid med fagpersonar i instituttet, vil være ei viktig del av stillinga. Noko reising må påreknast i denne stillinga.

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

  • Høgare utdanning frå universitet eller høgskule på minst masternivå, fortrinnsvis i eit fagområde innan det nasjonale oppdraget (til dømes helsefremjande arbeid blant barn og unge, fysisk aktivitet eller kroppsøving)
  • Utdanning og/eller erfaring frå arbeid innanfor kommunikasjon, digital formidling og webarbeid
  • God skriftleg framstillingsevne

Personlege eigenskapar:

Vi søkjer etter ein engasjert medarbeidar som kan arbeide sjølvstendig og i team, ein som har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, stor arbeidskapasitet og gjennomføringsevne og som har eit stort engasjement for helsefremjande arbeid i barnehage og skule. Kjennskap til norsk skulestruktur, praksisfelt og målgrupper for det nasjonale oppdraget er og ønskjeleg.

Det vil bli lagt vekt på at søkjaren er personleg eigna for stillinga.

Aktuelle kandidatar til stillinga vil bli innkalla til intervju.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som rådgjevar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1434 - rådgjevar

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annen dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrider 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.

Søknader kan ikkje sendes på e-post til enkeltpersoner ved høgskulen.

Generell informasjon:

Me gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hull i CV.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:

  • Assisterande instituttleiar Ingrid Leversen, 55 58 75 33 / 405 51 895, ingrid.leversen@hvl.no

Søk stilling

Powered by Labrador CMS