LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Prosjektkoordinator profilering - Avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt

Søknadsfrist: 25.05.2021

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt har ansvar for å leggje til rette for at HVL blir ein synleg og attraktiv institusjon både regionalt, nasjonalt og internasjonalt, og sørgje for ein effektiv kommunikasjon internt og eksternt.

Avdelinga er pådrivar og tilretteleggjar for kunnskapsutvikling og innovasjon gjennom god samhandling med samfunns- og arbeidsliv.

Høgskulen på Vestlandet har ledig ei toårig 100% stilling som koordinator for vårt nye profileringsprosjekt

Om stillinga:

Stillinga er plassert i Avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt, og har arbeidsstad ved høgskulen sitt campus i Bergen.

Stillinga er ledig for snarleg tilsetjing.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Til stillinga ligg det eit ansvar for å setje i gang og gjennomføre eit toårig profileringsprosjekt med å synleggjere HVL, særleg overfor allmenta og samarbeidspartnarar innanfor arbeids-/samfunns- og næringsliv på Vestlandet. Profileringa har som mål å knyte det tradisjonelle biletet av høgskulen som sentral utdanningsinstitusjon i regionen til vårt nye universitet med ein tydeleg profil. Det vil òg bli lagt andre kommunikasjonsoppgåver til stillinga.

Vi søkjer etter ein dyktig organisator, med gode samarbeidsevner og evne til å ta sjølvstendig ansvar for oppgåvene.

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

  • Høgare utdanning på minst bachelornivå
  • God kommunikasjonsfagleg kompetanse
  • Arbeidserfaring og god kjennskap frå universitets- og høgskulesektoren
  • Erfaring frå prosjekt- og utviklingsarbeid
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk

Personlege eigenskapar:

  • Strukturert og ryddig
  • Kan holde eit høgt tempo
  • Stor arbeidskapasitet
  • Gode samarbeidsevner
  • Sjølvstendig og ansvarleg
  • Løysingsorientert og kreativ

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som prosjektkoordinator er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1434 - rådgjevar.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annen dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjaren sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga er større enn 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista (jf. Offentleglova). Søkjaren vil bli varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Difor vil vi ha mest mogleg jamvekt mellom menn og kvinner, og mellom eldre og yngre. Vi ønskjer òg å rekruttere personar med innvandrarbakgrunn, nedsett funkjsonsevne og hol i CV-en. Vi oppmodar difor alle som er kvalifiserte om å søkje stillinga utan omsyn til kjønn, alder, funksjonshemming eller kulturell bakgrunn.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:

  • Avdelingsleiar Svein Ove Eikenes, e-post: svein.eikenes@hvl.no; tlf.: +47 53 49 14 13 / +47 916 16 520

Søk stilling

Powered by Labrador CMS