Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Forskingsrådgjevar - Avdeling for forsking, internasjonalisering og innovasjon

Søknadsfrist: 06.10.2019

Høgskulen på Vestlandet, Avdeling for forsking, internasjonalisering og innovasjon, campus Sogndal har ledig 2 faste 100% stillingar som forskingsrådgjevarar.

Om stillingane:

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.Avdeling for forsking, internasjonalisering og innovasjon omfattar felles administrasjon og forvaltning knytt til høgskulen sine forskings- og innovasjonsaktivitet samt internasjonaliseringsaktivitet. Avdelinga skal utviklast vidare og støtte opp under den faglege profilen og universitetsambisjonen til HVL

Forskingsadministrasjonen er ein del av Avdeling for forsking, internasjonalisering og innovasjon. Vårt ansvarsområde er rådgjeving, administrasjon og sakshandsaming knytt til HVL sin forskings- og innovasjonsaktivitet, og vi skal legge til rette for at høgskulen lukkast i å nå målsettingane i høve til forskings- og innovasjonsaktiviteten, følge opp HVL sine strategiar og støtte opp under universitetsambisjonen til HVL.

Våre kompetanseområde omfattar ekstern finansiering av forsking og innovasjon, avtale- og kontraktsinngåing knytt til forsking og innovasjon, IPR, forskarutdanning, forskingsetikk og personvern i forsking og strategisk utviklingsarbeid knytt til forsking og innovasjon.

Vårt ansvar er heile HVL og vi jobbar på tvers av fakultet og campus.

Arbeidsplassen er Sogndal.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Ansvarsområde lagt til stillingane er administrasjon, rådgjeving og forvalting knytt til høgskulen sine forskings- og innovasjonsaktivitetar.

  • Informere og rådgje forskingsmiljøa ved høgskulen om ekstern forskingsfinansiering
  • Rådgjeving, rettleiing og støtte i utvikling av søknadar mot nasjonale og internasjonale finansieringskjelder for forsking- og innovasjonsprosjekt, samt i oppfølging av innvilga prosjekt
  • Bidra til å styrke samhandling mellom forskingsmiljøa ved høgskulen og andre regionale, nasjonale og internasjonale aktørar
  • Strategiske kompetansetiltak knytt til avdelinga sine funksjonsområde
  • Leiarstøtte og oppfølging av forskingsadministrative og forskingsstrategiske saker
  • Førebuing av saker til styre og utval, rapportering, utgreiing- og analyseoppgåver knytt til ansvarsområdet

Kvalifikasjonskrav:

Formelle kvalifikasjoner:

  • Høgare utdanning på minst masternivå, fortrinnsvis doktorgradsnivå.
  • Relevant administrativ erfaring og kompetanse på høgt nivå innanfor ansvarsområdet og tilpassa funksjonane i stillinga.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • God digital kompetanse

Ønskede kvalifikasjoner:

  • Kjennskap til universitets- og høgskulesektoren

Personlige egenskaper:

  • Kunne arbeide sjølvstendig og strategisk, ta initiativ og vere ein pådrivar
  • Strukturert og systematisk
  • Løysings- og utviklingsorientert
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Utadvendt og trivast i eit travelt miljø.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillingane som forskingsrådgjevarar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1434 - rådgjevar. For særkilt kvalifiserte kandidatar kan det vurderast å tilsetja i stillingskode 1364 - seniorrådgjevar.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillingane?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annen dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrider 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.

Søknader kan ikkje sendes på e-post til enkeltpersoner ved høgskulen.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personer med minoritetsbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne. Høgskulen på Vestlandet er ei IA-verksemd.

Kontaktperson(ar) ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Avdelingsleiar Eirin Fausa Pettersen, telefon +47 55 58 75 19 eller +47 951 43 100

2) Fagansvarleg Heidi Skramstad, telefon 55585640 og mobil 99532451

Søk stilling

Powered by Labrador CMS