LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Prosjektstilling med ansvarsområde programvareutvikling

Søknadsfrist: 31.08.2022

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialfag, ingeniør- og naturfag, lærarutdanning og økonomi, samfunnsfag og maritime studier.


HVL tilbyr ulike årsstudium og bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar.

HVL skal vere tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har ambisjonar om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for helse- og sosialvitskap har om lag 490 tilsette og om lag 4900 studentar. Vi har eit breitt utdanningstilbod innan helse- og sosialfaglege profesjonsutdanningar, etter- og vidareutdanningar og fleire masterprogram.


Fakultetet tilbyr ph.d.-utdanninga "Helse, funksjon og deltaking". I tillegg har Fakultet for helse- og sosialvitskap ansvar for forskingsområdet: "Innovasjon i offentleg sektor" i ph.d.-utdanninga Responsible Innovation and regional Development (RESINNREG), som er eit samarbeid på tvers av fakulteta.

Studentane våre får omfattande ferdigheitstrening i tillegg til praksis, mellom anna gjennom øvingar i kommunikasjon og utprøving ved eit avansert simuleringssenter, SimArena. Vi praktiserer fleksible læringsformer der studenten sjølv blir utfordra til å delta i forsking og utviklingsarbeid.

Prosjektstilling med ansvarsområde programvareutvikling ved Fakultet for helse- og sosialvitskap

Høgskulen på Vestlandet, har ledig inntil 100 % prosjektstilling med ansvarsområde programvareutvikling ved Fakultet for helse- og sosialvitskap

Ved Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for helse- og sosialvitskap, er det ledig 1 fagleg prosjektstilling i inntil 100 % med ansvarsområde programvarutvikling i fakultetet. Stillinga er ledig for snarleg tilsetting og til 31.07.2024.

Den som vert tilsett vil bli knytt til eit av fakultetet sine institutt og inngå i fakultetet sitt digitaliseringsteam. Den som vert tilsett skal bidra til utvikling av nyskapande, digitale undervisningsmetoder, blant anna innan VR-teknologi som er eit av fakultetet sine leiande satsingsområde.

Arbeidsstad vil vere ved eit av våre fem campus i Førde, Bergen, Stord, Haugesund eller Sogndal.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Utvikle nye pedagogiske verktøy i tett samarbeid med fagmiljøa
  • Utvikle VR-applikasjonar
  • Bruk av VR-teknologi i undervisning og læring
  • 3D-modellering og animering
  • Bruk av UNITY eller tilsvarande programvare
  • Samarbeid med høgskulen sine kompetansesenter for teknologi og media, som Avdeling for utvikling av læring og undervisning, Medialab og Læringslab

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

  • Master i programvareutvikling, informasjonsbehandling eller informatikk. Bachelorutdanning i dataingeniørfag kan vere aktuelt.
  • Programmeringskompetanse og erfaring
  • Erfaring med kommersielle aktørar innan læring
  • Erfaring frå stillinga sine arbeidsoppgåver. Vi ber om at det i søknaden vert lagt ved ei skildring av eige arbeid som kan leggast fram i eit intervju
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk eller skandinavisk språk, i tillegg til engelsk.

Personlege eigenskapar:

  • Sjølvstendig og ansvarleg
  • Gode samarbeidsevner
  • Fleksibel og løysingsorientert
  • God evne til formidling

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Prosjektstillinga er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1113 - prosjektleiar.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Prodekan for utdanning ved Fakultet for helse- og sosialvitskap, Unni Margrethe Uren Aasen, tlf 57 67 62 36 e-post Unni.Margrethe.Uren.Aasen@hvl.no

2) Dekan ved Fakultet for helse- og sosialvitskap, Randi Skår, tlf 951 46 987 e-post randi.skar@hvl.no

Søk stilling

Powered by Labrador CMS