LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Prodekan for regional utvikling

Søknadsfrist: 15.08.2021

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og phd-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod.

Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.

Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har ledig åremålsstilling som prodekan for regional utvikling

Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett søkjer prodekan for regional utvikling i fireårig åremålsstilling, med tiltreding 01.01.2022.

Fakultetet har tre prodekanar. Prodekan for regional utvikling vil ha eit overordna ansvar for fakultetet sitt regionale samhandling, campusutvikling, innovasjon og nyskaping/entreprenørskap, og eit overordna ansvar for digitalisering i fakultetet og studentrekruttering.

I eininga til prodekan for regional utvikling inngår programleiar for regional kompetanseutvikling, 4-6 administrative stillingar og eksternt finansierte prosjektleiarar.

Det er venta at prodekan samarbeidar tett med institutta og med dei øvrige prodekanane i fakultetet.

Som ansvarleg for effektiv utnytting av eininga sine ressursar, skal prodekan sjå til at dette skjer i samsvar med høgskulens mål, departementet sine rammer, tildelt budsjett og styret sine strategiske føringar.

Prodekanen har òg ansvar for at forvaltingsoppgåvene vert ivaretekne med god kvalitet og at oppgåveløysinga er i samsvar med god forvaltingspraksis.

Den som vert tilsett må rekne med ein del reiseverksemd mellom campusane.

Arbeidsstad er campus Bergen, Sogndal eller Stord.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Posisjonere fakultetet som ein attraktiv utdanningsinstitusjon kjend for kvalitet og høg samhandling med vestlandsregionen og relevante internasjonale miljø
  • Ansvar for at tenestene vert utførte i samsvar med gjeldande reglar og retningslinjer for god forvaltning
  • Arbeide med å etablere/vidareutvikle gode samhandlingsordningar med vestlandsregionen
  • Overordna ansvar for digitalisering, campusutvikling, innovasjon, nyskaping og studentrekruttering i fakultetet
  • Delta i nasjonale fora som er relevante for stillinga
  • Ansvarleg for at eininga sine økonomiske rammer vert haldne, og sikre god og formålstenleg bruk av eininga sine ressursar
  • Ivareta personal- og HMS-ansvar for eininga sine tilsette
  • Fungere for dekan i dekan sitt fråver (gjeld ein av prodekanane)
  • Prodekan kan få ansvars-/arbeidsoppgåver ut over det som står i utlysinga

Mynde

Mynde i stillinga er delegert frå dekan, og prodekan rapporterer til dekan. Prodekan inngår i fakultetet si leiargruppe og har medansvar for utvikling av fakultetet i samsvar med høgskulen sin strategi, målsetjingar og verdigrunnlag.

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse

  • Relevant høgare utdanning og høg vitskapleg kompetanse, helst på førstestillingsnivå
  • Dokumentert kompetanse og erfaring innanfor stillinga sitt ansvarsområde
  • Leiarerfaring, dokumenterte resultat frå fagleg leiarstilling og resultat frå strategi- og endringsarbeid blir vektlagt.

Generelle kompetansekrav

  • God forståing for høgskulen sitt samfunnsoppdrag
  • Forståing for verdien av kontinuerleg arbeid med likestilling og mangfald i utdanningane og i rekrutteringa av studentar og tilsette
  • God pedagogisk kompetanse, m.a. god forståing for kunnskapsformidling og læreprosessar
  • Erfaring frå, og solid kunnskap om, universitets- og høgskulesektoren
  • Erfaring frå og kjennskap til dei profesjonane og praksisfelta som fakultetet femnar om er ein føremon
  • Erfaring med å utvikle og vedlikehalde relasjonar til ulike aktørar regionalt, nasjonalt og internasjonalt
  • God forståing for moglegheitene i digitale løysingar
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne i norsk og engelsk.

Personlege eigenskapar

  • Gode leiareigenskapar og ein motiverande og inkluderande leiarstil med vekt på samarbeid og medverknad
  • Evne til strategisk heilskapleg perspektiv
  • Gode evner til kommunikasjon, samhandling og til å bygge tillit og relasjonar internt og eksternt
  • Gjennomføringsevne og resultatorientering
  • Løysings- og utviklingsorientering
  • Stort engasjement for å nå høgskulen sine ambisjonar.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving og -utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som prodekan er lønt etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1474.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attestar og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga er større enn 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskjet ikkje vert teke til følgje.

Det kan bli endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetting og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:

Søk stilling

Powered by Labrador CMS