LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Leiarstillingar på fleire nivå

Søknadsfrist: 22.08.2021

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

– Vi lyser no ut mange viktige og spennande leiarstillingar i fakulteta. Vi treng dedikerte og dyktige leiarar av den vidare utviklinga av undervisnings- og forskingsmiljøa våre, seier organisasjonsdirektør Tage Båtsvik.

Svært mange av noverande åremål går ut ved årsskiftet. Desse stillingane er viktige i den perioden vi er inne i der leiarane også har avgjerande roller i å byggja det nye universitetet.

– Eg vonar derfor at mange melder interesse for å vere med på å leie HVLs faglege verksemd fram mot universitetsstatus, seier Båtsvik.

Stillingar ved alle fakulteta

Alle dei fire fakulteta lysar ut leiarstillingar med søknadsfrist 15.og 22. august. Her er ei oversikt over stillingane.

Leiarstillingar på nivå 3

Det blir lyst ut 10 stillingar totalt på nivå 3, det vil seie instituttleiarar og prodekanar. Desse har søknadsfrist 15. august.

Oversikt over desse stillingane:

  • Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI): 4 instituttleiarar + 2 prodekan (utdanning og regional utvikling)
  • Fakultet for helse-og sosialvitskap (FHS): instiuttleiar og viseinstituttleiar IHO og instituttleiar IVD
  • Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap (FØS): instituttleiar IØA

Leiarstillingar på nivå 4

Desse stillingane omfattar assisterande instituttleiarar og fagseksjonsleiarar, 29 stillingar i alt. Søknadsfristen er 22. august.

Oversikt over desse stillingane:

  • FLKI: 13 assisterande instituttleiarar
  • FHS: 15 fagseksjonsleiarar
  • FIN: 1 assisterande instiuttleiar ISKB- kjemi og bioingeniørfag

Her finn du ei oversikt over alle eksternt utlyste stillingar ved HVL

Kontakt:

Powered by Labrador CMS