Stilling:

Einingsleiar areal og drift / seksjonssjef

Søknadsfrist 17. desember 2018

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap, og lærerutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL skal vere tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har ambisjonar om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

HVL si arealforvaltning er leia av økonomi- og arealdirektør, som har det overordna ansvar for området. Til det ligg ansvar for HVL si samla økonomifunksjon, arealforvaltning, drift og prosjektoppfølging. Til området ligger òg verksemdstyring og internrevisjon. Økonomi- og arealområdet har to avdelingar, ei økonomiavdeling og ei avdeling for areal, drift og utvikling/prosjekt. Økonomiavdelinga er leia av ein avdelingsleiar og ein nestleiar. Areal, drift og utvikling/prosjekt er leia av ein avdelingsleiar, avdelinga har fire undereiningar.

Ledig stilling som Einingsleiar for areal og drift – Sogndal/Førde

Avdelinga er leia av ein avdelingsleiar, som er del av økonomi- og arealdirektør si leiargruppe. Avdelinga har fire formelle undereiningar, leia av einingsleiarar. Einingsleiar har fag- og budsjettansvar for eininga, og rapporterer til avdelingsleiar. Einingsleiar har delegert fagleg ansvar for drift og areal i nærregion . Dette inkluderer budsjett- og personalansvar. Einingsleiar rapporterer til avdelingsleiar.

Ansvarsområde

Eininga har ansvar for HVL sin arealforvaltning og drift i nær region Sogn og Fjordane (Sogndal/Førde). Eininga skal jobbe tett opp mot fakulteta og fellesadministrasjonen sine behov, og mot brukarane. Eininga skal og arbeide i nært samarbeid med tilsvarande einingar i dei andre nær regionane og bidra til at HVL har god forvaltning innan drift og arealforvaltning.

Einingsleiar har det overordna ansvaret for følgjande område:

  • Utvikle nærregionen arealmessig ift strategiske behov
  • Arealforvaltning og drift for Sogn og Fjordane
  • Ansvarlig for implementere felles system i regi av HVL
  • Delta i forhandlingar og inngå lokale avtaler
  • Rapportering/statistikk og analysar
  • Utviklingsarbeid på tvers innan AD
  • Budsjett og personalansvar

Til stillinga ligg og ansvar for og oppfølging av eigne tilsette innan funksjonsområde i nærregionen. Dette ansvaret omfattar god utnytting av ressursane og høg kvalitet på tenestene, og innsikt i dei krava som vert stilte til gode tenester.

Det må påreknast noko reiseverksemd mellom dei ulike nærregionane.

Arbeidsoppgåver

  • Operativ leiing av areal og drift.
  • Reinhald og oppfølging av reinhald
  • Utvikle, samkjøre og yte god kommunikasjon
  • Implementere og utvikle reservasjonssystem i regi av HVL ( Timeedit og FDV program)
  • Delta på kundemøter mm.
  • Ansvarlig for lovpålagte krav knyttet til drift og areal.
  • Oppfølging av HVL sine avtaler og kontraktar knytt til service, bygningsdrift og leigeforhold i nærregionen.
  • Ansvar for levering av tenester til brukarane.
  • Oppfølging og kvalitetssikring av tenester og leveransar innan området.
  • Budsjett- og økonomiansvar for området.
  • Oppfølging av daglig daglege arbeidsoppgåver for tilsette i nærregionen.
  • Rapportering.

Mynde

  • Mynde i stillinga er delegert frå avdelingsleiar for drift, areal og utvikling/prosjekt, einingsleiar rapporterer til avdelingsleiar.
  • Stillinga inngår i avdelingsleiar sin leiargruppe.
  • Mynde til å disponere eige budsjett.

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning.
  • Administrativ leiarerfaring og dokumenterte resultat frå leiarstilling vert vektlagd.
  • Erfaring frå arbeid med endring og omstilling er ønskjeleg.
  • Bred IKT kunnskap.
  • Dokumentert kompetanse innanfor ulike fagområde vil vere ein fordel
  • God forståing for statleg leiarskap og offentleg forvaltning.
  • God forståing for høgskulen sitt samfunnsoppdrag.
  • Kunnskap om relevant lov og avtaleverk.
  • Erfaring frå, og god kunnskap om, universitets- og høgskulesektoren.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk.

Personlige eigenskaper

  • Gode leiareigenskapar og ein motiverande og inkluderande leiarstil med vekt på samarbeid og medverknad.
  • Evne til strategisk heilskapleg perspektiv.
  • Gode evner til kommunikasjon, samhandling og til å bygge tillit og skape gode relasjonar internt og eksternt.
  • Gjennomføringsevne og resultatorientering.
  • Løysings - og utviklingsorientert.
  • Stort engasjement for å nå høgskulen sine ambisjonar.

Ved rangering av søkjarane vert det lagt vekt på å setja saman eit leiarteam som fyller krava for avdelinga sine funksjonsområder, samstundes som ein også tek omsyn til nærregionane og/eller campus sitt behov for leiing på ulike nivå

Vi tilbyr:

Stilling som er løna etter Statens lønnsregulativ, i stillingskode 1211. Frå lønna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Vi tilbyr elles:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving – og utvikling
  • Fleksitid jfr. Særavtale om fleksibel arbeidstid i staten
  • Moglegheiter for trening i arbeidstida
  • Moglegheiter for dekning av flyttekostnader jfr. Særavtale om dekning av flyttekostnader

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merkt ”Søk stilling” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknader blir vurdert ut frå den informasjon som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, herunder attester og vitnemål. Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrider 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.

Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersoner ved høgskulen.

Generell informasjon:

Vi gjør merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjar vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad gjenspegle mangfoldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personar med minoritetsbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne. Høgskulen på Vestlandet er ei IA bedrift.

Heimeside

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:

  • Avdelingsleder, Endre Laastad, Tlf: 55 58 76 43

Søk stilling

Powered by Labrador CMS