Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Assisterande instituttleiar ved Institutt for økonomi og administrasjon

Søknadsfrist 07.04.2019

Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap har ledig åremålsstilling som assisterande instituttleiar ved Institutt for økonomi og administrasjon, for perioden 1.8.2019 - 31.7.2023. Arbeidsstad for stillinga er Haugesund.

Assisterande instituttleiar skal bistå instituttleiar i leiinga av instituttet og har personalansvar for litt over 20 tilsette i Haugesund, og har overordna ansvar for oppfølging av studentar i programma.

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskolane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelt på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap, og lærerutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap (FØS) har tre institutt: Institutt for økonomi og administrasjon, Institutt for maritime studier og Institutt for samfunnsvitskap. Totalt er det ca. 120 fagleg tilsette ved fakultetet og vel 2000 studentar. Fakultetet har i dag ni bachelorprogram og tre masterprogram.

Fakultetet har eit doktorgradsprogram i nautiske operasjonar som er ein fellesgrad med Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet (NTNU), Norges arktiske universitet (UiT) og Universitetet i Sørøst-Norge (USN).


Institutt for økonomi og administrasjon ved HVL har vel 85 fagtilsette og 1000 studentar. Instituttet er fordelt på tre campus: Bergen, Haugesund og Sogndal. Instituttet har ni bachelorprogram og eitt masterprogram.

Mynde i stillinga er delegert frå instituttleiar, og assisterande instituttleiar rapporterer til instituttleiar. Det må påreknast ein del reiseverksemd mellom dei tre nærregionane.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Den assisterande instituttleiaren inngår i instituttet si leiargruppe og har medansvar for utvikling av instituttet i samsvar med fakultetet sin strategi og målsetjingar. Assisterande instituttleiar har delegert ansvar og stadleg leiing for følgjande:

  • Fagleg kvalitet i utdanning og forsking innanfor instituttet sine fagområde i Haugesund
  • Skal bidra til at HVL rekrutterer best mogleg kvalifiserte studentar og tilsette
  • Oppfølging av tildelte økonomiske rammer/budsjett
  • Personal- og HMS-ansvar for instituttet sine tilsette i Haugesund, som inkluderer blant anna utarbeiding av arbeidsplanar, rekruttering og oppfølging av fagtilsette og timelærarar
  • Planlegging, leiing, oppfølging og dokumentasjon av aktuell utdanningsverksemd og EVU/BOA
  • Stimulere til at dei tilsette aktivt formidlar instituttet sine forskingsaktivitetar
  • Arbeide for internasjonalisering og innovasjon i utdanning og forsking
  • Ansvar for at instituttet er ein attraktiv arbeidsplass
  • Arbeide for eit godt læringsmiljø for studentane på campus
  • Vidareutvikle relasjonane til relevante lokale og regionale samarbeidspartnarar innanfor instituttet sine fagområde og tverrfaglege satsingsområde

Assisterande instituttleiar kan tilleggjast andre oppgåver på tvers av campus.

Arbeidsoppgåvene kan bli endra som følge av strategiske vedtak i HVL og intern organisering i fakultetet.

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

  • Høgaregrads utdanning, helst førstekompetanse, med relevans for funksjonsområda for stillinga.
  • Vitskapleg kompetanse blir vektlagt.
  • Dokumentert kompetanse og erfaring innanfor instituttet sitt fagområde er ønskjeleg
  • Leiarerfaring og dokumenterte resultat frå fagleg leiarstilling blir vektlagt

Generelle kompetansekrav:

  • God forståing for høgskulen sitt samfunnsoppdrag og for verdien av kontinuerleg arbeid med likestilling og mangfald i utdanningane og i rekrutteringa av studentar og tilsette
  • God pedagogisk kompetanse, m.a. god forståing for kunnskapsformidling, læreprosessar og digitale verktøy
  • Erfaring frå, og kunnskap om universitets- og høgskulesektoren
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne i norsk og engelsk

Personlege eigenskapar:

  • Gode leiareigenskapar og ein motiverande og inkluderande leiarstil med vekt på samarbeid og medverknad
  • Evne til strategisk heilskapleg perspektiv
  • Gode evner til kommunikasjon, samhandling og til å bygge tillit og relasjonar internt og eksternt
  • Gjennomføringsevne og resultatorientering
  • Løysings - og utviklingsorientering
  • Stor arbeidskapasitet
  • Må kunne handtere komplekse utfordringar
  • Erfaring med endringsarbeid er ei føremon
  • Stort engasjement for å nå høgskulen sine ambisjonar

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Me gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjars ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, her dei vitskaplege arbeida (inntil 15 stk.), fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsettjingar. Hvis vedlegga overstig 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkyndige utvalet. På bakgrunn av komiteens innstilling vil aktuelle søkjarar verta innkalt til intervju og prøveforelesning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskolen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som assisterande instituttleiar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1473 Studieleiar.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personer med minoritetsbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne. Høgskulen på Vestlandet er ei IA-verksemd.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:

  • Dekan ved Fakultet for økonomi og samfunnsvitskapAnne Isabelle Robbestad Tlf +47 483 539 86 / +47 52 70 27 38
  • Instituttleiar ved Institutt for økonomi og administrasjon Tom SkaugeTlf: +47 55 58 77 30 / +47 916 06 803

Søk stilling

Powered by Labrador CMS