Stilling:

Vikariat som førstekonsulent 100 % stilling, campus Førde

Søknadsfrist 6. januar 2019

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap, og lærerutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr ulike årsstudium og bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar.


HVL skal vere tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har ambisjonar om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Høgskulen på Vestlandet har ledig vikariat som førstekonsulent knytt til personal og løn ved fakultet for helse- og sosialvitskap, campus Førde. Vikariatet gjeld til 31.03.2020

Snarleg tilsetting er ønskjeleg.

Fakultet for helse- og sosialvitskap har om lag 370 tilsette og om lag 4 500 studentar. Vi har eit breitt utdanningstilbod innan helse- og sosialfaglege profesjonsutdanningar, etter- og vidareutdanningar og fleire masterprogram. I tillegg er fire forskingssenter knytt til fakultetet innan fagområda samhandling, helseforsking, kunnskapsbasert praksis og omsorgsforsking. Ved campus Førde er det 11 administrativt tilsette fordelt på ulike fagområder knytt til Fakultet for helse- og sosialvitskap og Fakultet for ingeniør- og naturvitskap.

Ansvars- og arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene skal løysast i nært samarbeid med administrativt team med tilsvarande ansvarsområde ved fakultet for helse- og sosialvitskap. Administrativ organisering i HVL er under utforming, ein må difor pårekne at det kan bli endringar i arbeidsoppgåver.

Arbeidsstad for stillinga vil vere Førde.

  • Stillinga vil ha ansvar for personaladministrative oppgåver knytt til timelæraravtalar, variabel løn, reise- og utgiftsrefusjon.
  • Generelle rutineoppgåver knytta til HMS/IA
  • Andre administrative oppgåver knytt til dagleg drift kan òg bli lagt til stillinga
  • Økonomioppgåver

Kvalifikasjonar

  • Høgare utdanning på bachelornivå. Relevant erfaring/realkompetanse kan kompensere for utdanning
  • Erfaring frå administrativt arbeid
  • Gode ikt-kunnskapar

Personlege eigenskaper

  • Vi ønskjer søkjarar som er serviceinnstilte, som har evne til å arbeid systematisk og sjølvstendig, er gode på å samarbeide og som kan ivareta gode kommunikasjonslinjer på tvers av organisatoriske og faglege skilje.
  • Er løysingsorientert, og som kan vere med å effektivisere og utvikle rutiner der det er nødvendig.
  • Har god vurderingsevne og som trivast i eit hektisk miljø

Ved vurdering av den best kvalifiserte søkjaren, vert det lagt vekt på utdanning, erfaring og personleg eignaheit, i tillegg til motivasjon for stillinga.

Vi tilbyr

Stillinga som førstekonsulent er lønna etter Statens lønnsregulativ, i stillingskode 1408. Frå lønna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Vi tilbyr elles:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving – og utvikling
  • Fleksitid jfr. Særavtale om fleksibel arbeidstid i staten
  • Moglegheit for trening i arbeidstida

Moglegheit for dekning av flyttekostnader jfr. Særavtale om dekning av flyttekostnader

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknader blir vurdert ut frå den informasjon som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved utgang av søknadsfrist. Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, også attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annen dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrider 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.

Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersoner ved høgskulen.

Generell informasjon

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad gjenspegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personer med minoritetsbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne. Høgskulen på Vestlandet er ei IA bedrift.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet:

  • Administrasjonssjef, Trude Engebretsen, telefon: 55 58 78 86
  • Rådgjevar, Hanne Halland Eide, telefon: 57 67 76 72

Søk stilling

Powered by Labrador CMS