Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Konsulent servicetorg og praksiskoordinator

Søknadsfrist: 04.10.2019

Vikar som konsulent servicetorg og praksiskoordinator

Høgskulen på Vestlandet, campus Førde har ledig eit vikariat som konsulent servicetorg og praksiskonsulent

Om stillinga:

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Høgskulen på Vestlandet (HVL) har ledig eit vikariat i 100 % stilling som konsulent ved Campus Førde i perioden 01.10.2019 - 31.07.2020. Stillinga er delt mellom Avdeling for studieadministrasjon og Fakultet for helse- og sosialvitskap med oppgåver knytt til høgskulen si førstelinje (servicetorg) og til praksiskoordingering i sjukepleieutdanninga.

Arbeidsplassen er campus Førde.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Handsame førespurnader til førstelinja ved publikumsmottak, telefon og e-post
  • Studieadministrative oppgåver
  • Koordinering av praksisplassar i sjukepleieutdanninga
  • Bidra til god informasjonsflyt mot studenter, vitskapleg tilsette og praksisfeltet
  • Rettleie studentar i samband med praksis
  • Sakshandsaming av studentsaker
  • Handsame krav om refusjon av bu- og reiseutgifter
  • Andre påkommande arbeidsoppgåver

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetansar:

  • Utdanning på høgskulenivå
  • Relevant arbeidserfaring vil bli vektlagt
  • Gode språkkunnskapar skriftleg og munnleg i norsk og engelsk
  • God serviceinnstilling og flink til å samarbeide
  • God forståing for IKT-verktøy

Personlege eigenskapar:

Vi ser etter ein kollega som er positiv og imøtekommande. Som tilsett i Servicetorget må du vere løysingsorientert og profesjonell i møte med våre gjester, studentar og tilsette. Som praksiskoordinator må du skape god informasjonsflyt og dialog med og mellom dei ulike partane. Du har erfaring i bruk av relevante dataprogram og evne til å sette deg inn i nye administrative saksbehandlingssystem og - rutinar. Vi ser etter deg som er ansvarsfull, påliteleg og som har gode kommunikasjonsevner.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som konsulent er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1065 - konsulent.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annen dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrider 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.

Søknader kan ikkje sendes på e-post til enkeltpersoner ved høgskulen.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personer med minoritetsbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne. Høgskulen på Vestlandet er ei IA-verksemd.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Avdelingsleiar Espen Fosse, espen.fosse@hvl.no tlf 52 70 26 16

Søk stilling

Powered by Labrador CMS