Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Førstekonsulent eksamen

Søknadsfrist: 04.10.2019

Vikar førstekonsulent eining for eksamen

Høgskulen på Vestlandet, Avdeling for studieadministrasjon har ledig eit vikariat som førstekonsulent ved eining for eksamen.

Høgskulen på Vestlandet (HVL) har ledig eit vikariat i 100 % stilling som førstekonsulent ved campus Førde i tida 01.10.2019 - 31.07.2020. Stillinga er knytt til Avdeling for studieadministrasjon, Eining for eksamen som har ansvar for organisering og gjennomføring av eksamen.

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Eksamensførebuande arbeid og gjennomføring av eksamen, samt informasjons- og rettleiingsansvar knytt til eksamensrelevante spørsmål
  • Sakshandsaming (søknads - og klagehandsaming av enkeltvedtak)
  • Samarbeid med fakulteta sine faglege - og administrativt tilsette

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetansar:

  • Relevant høgare utdanning på minimum bachelornivå, relevant realkompetanse kan kompensere for manglande formal kompetanse
  • Juridisk kompetanse vil vere ein fordel
  • Relevant arbeidserfaring frå sakshandsaming i offentleg sektor vil bli vektlagt
  • Gode språkkunnskapar skriftleg og munnleg i norsk og engelsk
  • God forståing for IKT-verktøy

Vi søkjer deg som er:

  • Fleksibel, sjølvstendig og med gode samarbeidseigenskapar
  • Trivast med å jobbe i eit hektisk miljø
  • Serviceinnstilt
  • Løysingsorientert og systematisk

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som førstekonsulent er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1408 - Førstekonsulent.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annen dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrider 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.

Søknader kan ikkje sendes på e-post til enkeltpersoner ved høgskulen.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personer med minoritetsbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne. Høgskulen på Vestlandet er ei IA-verksemd.

Kontaktperson(ar) ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Avdelingsleiar Espen Fosse, espen.fosse@hvl.no tlf 52 70 26 16

2) Einingsleiar Gunhild Raunsgard, gunhild.raunsgard@hvl.no tlf 55 58 76 28

Søk stilling

Powered by Labrador CMS