Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Førstekonsulent / seniorkonsulent - arealforvaltning

Søknadsfrist: 26.09.2019

Høgskulen på Vestlandet (HVL) har ledig fast stilling som førstekonsulent/seniorkonsulent knytt til arealforvaltning

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


HVL si Avdeling for økonomi og arealforvaltning er leia av økonomi- og arealdirektør, som har det overordna ansvaret for området. Til det ligg ansvaret for HVL si samla økonomifunksjon, arealforvalting, drift og prosjektoppfølging. Til området ligg også verksemdsstyring og internrevisjon.

Om stillinga:

Stillinga inngår i seksjon for arealforvaltning og drift (AD) som er leia av einingsleiar for nærregion Sogn og Fjordane. AD inngår i avdeling for arealforvaltning, drift og utvikling ved HVL. Stillinga vil ha eit særskilt ansvar for timeplanlegging, utlån og utleie av lokale ved campus Sogndal og Førde i eitt team beståande av to personar. Arbeidsoppgåvevene inneber ansvar for rettleiing, forvaltning og sakshandsaming av timeplanlegging m.m. i programvara – TimeEdit. Stillinga rapporterer til einingsleiar, men må rekne med fagutvikling på tvers av nærregionane.

Arbeidsplassen er Campus Sogndal eller Campus Førde.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Timeplanlegging og utleie (booking) av lokale på campus Sogndal/ Førde
  • Sakshandsaming og utviklingsarbeid
  • Fagleg rettleiing og koordinerande oppgåver som krev samhandling internt og eksternt
  • Stillinga kan bli tillagd rettleiingsarbeid og rådgjevings oppgåver
  • Stillinga kan bli pålagd sjølvstendig ansvar for ein funksjon
  • Ansvarleg for arbeidsplasstildeling
  • Ansvar for å utarbeide analyser, rapportar og statistikk lokalt

Kvalifikasjonskrav:

Til stillinga er det krav om:

  • Høgare utdanning på minst bachelornivå
  • Relevant arbeidserfaring/realkompetanse kan kompensere for utdanning
  • Administrativ erfaring og spesialkompetanse tilpassa stillinga
  • Gode IKT kunnskapar
  • Erfaring frå offentleg sektor er ein fordel

Personlege eigenskapar:

  • Strukturert, analytisk, sjølvstendig og tydeleg
  • God gjennomføringsevne og løysingsorientert
  • God formidlingsevne både skriftleg og munnleg
  • Positiv og gode samarbeidsevner

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annen dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrider 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.

Søknader kan ikkje sendes på e-post til enkeltpersoner ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som førstekonsulent/ seniorkonsulent er lønna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1408 - førstekonsulent / 1363 seniorkonsulent.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personer med minoritetsbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne. Høgskulen på Vestlandet er ei IA-verksemd.

Kontaktperson(ar) ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Avdelingsleiar for ADU - Endre Laastad, telefon +47 99 23 24 73

2) Direktør for økonomi og arealforvaltning - Helge Skugstad, telefon +47 47 88 20 07

Søk stilling

Powered by Labrador CMS