LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Instituttleiar ved Institutt for økonomi og administrasjon

Søknadsfrist: 31.08.2021

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap (FØS) har tre institutt, Institutt for økonomi og administrasjon, Institutt for maritime studier og Institutt for samfunnsvitskap. Totalt er det om lag 120 fagleg tilsette ved fakultetet og vel 2000 studentar. Fakultetet har ni bachelorprogram og fire masterprogram. Fakultetet har vidare eit doktorgradsprogram i nautiske operasjonar som er ein fellesgrad med Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet (NTNU), Norges arktiske universitet (UiT) og Universitetet i Sørøst-Norge (USN). FØS er også vertsfakultet for doktorgradsprogrammet «Ansvarleg innovasjon og regional utvikling» som går på tvers av fleire fakultet ved HVL. FØS har det faglege og administrative ansvaret for programmet.


Institutt for økonomi og administrasjon ved HVL har vel 85 fagtilsette og 1200 studentar. Instituttet er fordelt på tre campus: Bergen, Haugesund og Sogndal. Instituttet har seks bachelorprogram og to masterprogram.

Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap, har ledig åremålsstilling som instituttleiar ved Institutt for økonomi og administrasjon

Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap søkjer instituttleiar for Institutt for økonomi og administrasjon i fireårig åremålsstilling, med tiltreding 01.01.2022.

Instituttleiar har det overordna ansvaret for instituttet og dei tilsette ved instituttet. Instituttleiar rapporterer til dekan, og inngår i fakultetet si leiargruppe. Det er tre assisterande instituttleiarar ved instituttet, som rapporterer til instituttleiar.

Instituttleiar skal, som fagleg ansvarleg, leggje til rette for at instituttet sine primærfunksjonar - utdanning, forsking og utvikling, innovasjon og formidling - held høg kvalitet.

Som ansvarleg for effektiv utnytting av instituttet sine ressursar, skal instituttleiar sjå til at dette skjer i samsvar med høgskulens mål, departementet sine rammer, tildelt budsjett og styret sine strategiske føringar.

Instituttleiar har òg ansvar for at forvaltingsoppgåver vert ivaretekne med god kvalitet og at oppgåveløysinga er i samsvar med god forvaltingspraksis.

Den som vert tilsett må rekne med ein del reiseverksemd mellom campusane.

Arbeidsstad er ein av campusane Bergen, Haugesund eller Sogndal.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Ansvar for fagleg kvalitet i utdanning og forsking innanfor instituttet sine fagområde
  • Leie arbeidet med å tilpasse instituttet sine fagområde til samfunnets behov på tvers av campus
  • Tilretteleggje for og utvikle utdanningstilbod på bachelor- og masternivå, og bidra i arbeidet med utdanningstilbod på phd-nivå
  • Ansvarleg for at instituttet sine økonomiske rammer vert haldne, og sikre god og formålstenleg bruk av instituttet sine ressursar
  • Bidra til at HVL rekrutterer best mogeleg kvalifiserte studentar og tilsette
  • Stimulere instituttet sitt personale til kompetanseutvikling og til å utvikle og drive FoU-verksemd av høg kvalitet
  • Ivareta og ha eit overordna personal- og HMS-ansvar for instituttet sine tilsette
  • Ansvar for at instituttet er ein attraktiv arbeidsplass
  • Arbeide for godt læringsmiljø for studentane på instituttet
  • Legge til rette for digital vidareutvikling av utdanning og forsking
  • Stimulere dei tilsette til formidling av instituttet sine fag- og forskingsområde
  • Leggje til rette for, og fremje samarbeid og nettverk på tvers av campus
  • Arbeide for internasjonalisering og innovasjon i utdanning og forsking
  • Vidareutvikle relasjonane til relevante samarbeidspartnarar innanfor instituttet sine fagområde og tverrfaglege satsingsområde
  • Leggje til rette for å vidareutvikle det utoverretta samspelet med regionane og medverke til innovasjon.
  • Arbeidsoppgåvene kan bli endra som følgje av strategiske vedtak i HVL.

Mynde

Instituttleiar har ansvar innanfor sitt område og rapporterer til dekan ved fakultetet. Vidare inngår instituttleiar i fakultetet si leiargruppe og har medansvar for utvikling av fakultetet i samsvar med høgskulen sin strategi, målsetjingar og verdigrunnlag.

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse

  • Relevant høgare utdanning og høg vitskapleg kompetanse, helst på førstestillingsnivå
  • Dokumentert kompetanse og erfaring innanfor instituttet sitt fag- og forskingsområde
  • Leiarerfaring, dokumenterte resultat frå fagleg leiarstilling og resultat frå strategi og endringsarbeid blir vektlagt.

Generelle kompetansekrav

  • God forståing for høgskulen sitt samfunnsoppdrag
  • God kjennskap til og forståing for verdien av kontinuerleg arbeid med likestilling og mangfald i utdanningane og i rekrutteringa av studentar og tilsette
  • God pedagogisk kompetanse, m.a. god forståing for kunnskapsformidling og læreprosessar
  • Erfaring frå, og solid kunnskap om, universitets- og høgskulesektoren
  • Erfaring frå og kjennskap til dei profesjonane og praksisfelta som instituttet femnar om er ein føremon
  • Erfaring med å utvikle og vedlikehalde relasjonar til ulike aktørar regionalt, nasjonalt og internasjonalt
  • God forståing for moglegheitene i digitale løysingar
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne i norsk og engelsk.

Personlege eigenskapar

  • Gode leiareigenskapar og ein motiverande og inkluderande leiarstil med vekt på samarbeid og medverknad
  • Evne til strategisk heilskapleg perspektiv
  • Gode evner til kommunikasjon, samhandling og til å bygge tillit og relasjonar internt og eksternt
  • Gjennomføringsevne og resultatorientering
  • Løysings - og utviklingsorientering
  • Stort engasjement for å nå høgskulen sine ambisjonar.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving og -utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som instituttleiar lønt etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1475 - instituttleiar.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attestar og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga er større enn 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.

Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskjet ikkje vert teke til følgje.

Det kan bli endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetting og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og/eller hol i CV.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:

Søk stilling

Powered by Labrador CMS