Stilling:

Prosjektleiar - arealutvikling

Søknadsfrist 15. august 2018

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap, og lærerutdanning, kultur og idrett.

HVL tilbyr ulike årsstudium og bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar. HVL skal vere tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har ambisjonar om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Høgskulen på Vestlandet (HVL) har ledig mellombels prosjektleiarstilling fram til 01.09.2020 med muligheit for fast tilsetjing.

Eininga HVL disponerer 130 000 m2 på fem ulike campus og har nye bygg under oppføring. Stillinga er i første rekkje knytt til ansvar for prosessen rundt innflytting i nybygget K2 og tilhøyrande prosessar på Campus Kronstad, men vil også bidra i arbeidet med generell utvikling og prosjektledelse innenfor HVLs samlede arealportefølje.

Stillinga er knytt til eining for utvikling under avdeling for areal, drift og utvikling (ADU). ADU samarbeider tett med våre utdannings-, forskings- og andre administrative miljø i utviklinga av institusjonen HVL. Vi ser etter ein medarbeidar som kan sikre leiinga gode arealanalysar, basert på god forståing av rammevilkår, tilsette sine av arealbehov, og kjennskap til måtar å møte slike behov på. Den som får jobben kan i tillegg kommunisere godt med ulike interessentar og ta del i ulike prosessar i arbeidet med å utvikle areal. Kjennskap til kompetansetunge verksemder er ein fordel.

Ansvars- og arbeidsoppgaver:

  • Ansvar for innflyttingsprosessar og tilrettelegging i nybygg
  • Kartlegging og analysar for utvikling av arbeidsplasskonsept og campusutvikling
  • Leiing av arbeidsgrupper og dialog med brukargrupper
  • Samarbeid med interiørarkitekter og prosjektleder for K2
  • Prosessleiing og prosessrådgjeving

Kvalifikasjonskrav:Søkjar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande innan økonomi, organisasjon eller teknologifag, med høy relevans for det utlyste fagområdet. Søkjarar med mindre enn femårig høgare utdanning, men med særs relevant erfaring vil også bli vurderte.

I tillegg må søkjar ha:

  • Dokumentert erfaring frå samordning av eigar- og brukarinteresser i byggeprosjekt
  • Erfaring fra endringsprosesser og forhandlinger
  • Erfaring frå utgreiing og analysearbeid

Det er vidare ein føresetnad at den som blir tilsett, har arbeidsplassen sin ved Høgskulen på Vestlandet, Campus Kronstad i tilsettingsperioden.

Personlege eigenskapar:

Den som vert tilsett må ha evne til relasjonsbygging, gode samarbeids- og kommunikasjonseigenskapar, og god munnleg og skriftleg framstillingsevne. I tillegg må den som vert tilsett vera analytisk og pragmatisk.

Vi tilbyr:

Stillinga er løna etter Statens lønnsregulativ, i stillingskode Prosjektleiar - 1113. Frå løna vil det verta trekt 2 % innskudd til Statens pensjonskasse.

Vi tilbyr elles:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving – og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merkt ”Søk stillingen” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknader blir vurdert ut frå den informasjon som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, herunder attester og vitnemål. Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrider 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.

Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersoner ved høgskulen.

Generell informasjon:

Vi gjør merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjar vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad gjenspegle mangfoldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personar med minoritetsbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne. Høgskulen på Vestlandet er ei IA bedrift.

Hjemmeside

Kontaktperson(er) ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Direktør økonomi og areal Helge Skugstad, telefon 47 88 20 07

2) Avdelingsleder ADU, Endre Laastad telefon 90 76 47 17

3) Prosjektleiar Knut Erik Kismul, telefon 99 23 24 73

Søk stillingen

Powered by Labrador CMS