Stilling:

Praksiskoordinator og studeirettleiar - sjukepleiarutdanninga

Søknadsfrist 1. august 2018

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap, og lærerutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr ulike årsstudium og bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar.

HVL skal vere tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har ambisjonar om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Høgskulen på Vestlandet har ledig vikariat i 100 % stilling som praksiskoordinator og studierettleiar knytt til sjukepleieutdanninga ved campus Stord i tidsrommet august 2018 til februar 2019. Stillinga er ein del av høgskulen sin administrasjon i nærregion Stord/Haugesund og høyrer til i seksjonen Utdanningssenteret med omkring 25 tilsette.

Ansvars- og arbeidsoppgåver

• Koordinering av praksisplassar i sjukepleieutdanninga

• Bidra til god informasjonsflyt mot studentar, vitskapleg tilsette og praksisfeltet

• Rettleie studentar i samband med studiet

• Sakshandsaming av studentsaker

Høgskulen gjennomfører for tida ei større omorganisering og endringar i arbeidsoppgåver må difor påreknast.

Kvalifikasjonar (krav til stillinga)

• Høgare utdanning på bachelornivå, fortrinnsvis innafor helsefag.

• Relevant helsefagleg arbeidserfaring, fortrinnsvis med bakgrunn som sjukepleiar.

• Erfaring frå arbeid med koordinerande oppgåver i helsesektoren vert vektlagd.

• Rettleiingskompetanse

Personlige eigenskapar

• Serviceinnstilling og gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.

• Gode språkkunnskapar i både norsk og engelsk, skriftleg og munnleg.

• Kunne jobbe sjølvstendig og ta ansvar.

• God IKT-kompetanse

Arbeidsspråket er norsk.

Lønnsvilkår

Stillinga som Førstekonsulent vert lønna etter kompetanse i samsvar med Statens lønnsregulativ, i stillingskode 1408 førstekonsulent (kr 397 200 – kr 505 800). Frå lønna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Vi tilbyr elles

• Gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse

• Spanande fagmiljø med høve til kompetanseheving- og utvikling

• Fleksitid i samsvar med Særartale om fleksibel arbeidstid i Staten

• Høve til trening i arbeidstida.

• Flyttegodtgjering etter søknad i samsvar med «Særavtale om dekning av flyttekostnader».

Korleis søke stillinga

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merket ”Søk stillingen” på denne sida.Vi gjer merksam på at søknader blir vurdert ut frå den informasjon som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på et skandinavisk språk eller engelsk, må søker sjølv laste opp attesterte omsettingar.

Generell informasjon

Vi gjer merksam på at i samsvar til ny offentleglov kan opplysningar om søkar bli offentliggjort sjølv om søkar har oppmoda om å ikkje å bli oppført på søkarlista. Søkjarane vil bli varslet dersom oppmodinga ikkje vert teke til følge.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor et personalpolitisk mål å oppnå en balansert alders- og kjønnssamansetjing, rekruttere personer med minoritetsbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne. Høgskulen på Vestlandet er en IA bedrift.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er studiesjef Espen Fosse, tlf. 917 59 332, espen.fosse@hvl.no.

Søk stillingen

Powered by Labrador CMS