Stilling:

Førsteamanuensis / førstelektor / høgskolelektor i idrett - vikariat

Søknadsfrist 28. november 2018

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialfag, ingeniør- og økonomifag, lærarutdanning og samfunnsfag. HVL tilbyr ulike årsstudium og bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar.

HVL skal vere tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har ambisjonar om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig inntil 3 vikariat som førsteamanuensis/ førstelektor/ høgskolelektor i idrett for perioden 1.8.19-31.7.20. Stillingane er knyttet til Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, Institutt for idrett, kosthald og naturfag, campus Sogndal.

Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.- program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.

Institutt for idrett, kosthald og naturfag har ca 100 tilsette i Sogndal, Bergen og på Stord. Fagområda i instituttet omfattar idrett, kroppsøving, folkehelse, friluftsliv, naturfag og mat og helse. Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet er ein del av instituttet. Instituttet har ansvar for fleire utdanningar på bachelornivå innan idrett, kroppsøving, friluftsliv og folkehelsearbeid. I tillegg kjem masterutdanningar i idrettsvitskap og fysisk aktivitet og kosthald i eit skulemiljø. Instituttet gir og undervisning på sine fagområde på alle nivå i barnehagelærarutdanninga og ved grunnskulelærarutdanningane og bidrar i fakultetet sitt Ph.D.-program Danning og didaktiske praksisar.

Tilsette på instituttet er involvert i forsking og utviklingsarbeid som er relevant for aktiviteten ved fakultetet og deltek i faglege nettverk både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet er og ein viktige aktør regionalt og nasjonalt for å bidra til vidareutdanning og kompetanseutvikling i skule, barnehage, idrett, friluftsliv, helse- og treningssenterbransje mm.

Ansvars- og arbeidsområde:

Stillingane er knytt til Institutt for idrett, kosthald og naturfag ved campus Sogndal. Fagområda vi søker særleg kompetanse i er aktivitetslære, undervisningslære, ferdigheitslære, personleg trenar, treningslære, bevegelseslære,coaching i idrettspsykologi, anatomi, motorikk og vitskapleg metode.

Arbeidsoppgåvene vil primært vere :

  • Teoretisk og praktisk undervisning
  • Praksisoppfølging
  • Forsking- og utviklingsarbeid knytt til forskingsprogrammet idrett, fysisk aktivitet og kosthald
  • Munnleg og skriftleg rettleiing
  • Studieadministrative oppgåver/koordinering av studentgruppe

Arbeidsoppgåver innan etter- og vidareutdanning- og/eller kurs og oppdragsverksemd kan og vere aktuelt, avhengig av søkaren sin kompetanse og instituttet sine behov. I stillingane inngår ressurs til faglig-administrativt arbeid.

Kvalifikasjonskrav

Søkaren må ha kompetanse i idrett/ kroppsøving /friluftsliv eller eit anna fag/fagområde med stor relevans for stillinga.

For tilsetjing som førsteamanuensis må søkar ha avlagt doktorgrad med relevans for stillingsprofilen. For tilsetjing som førstelektor må søkar ha kompetanse på nivå med norsk doktorgrad, og med tilsvarande relevanskrav. For tilsetting som høgskolelektor kreves det mastergrad i kroppsøving/idrett eller tilsvarande.

Den som blir tilsett må ha gode samarbeids- og formidlingsevner, men og evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel. Høgt etisk medvit i møte med studentar er påkrevd.Undervisningsspråket ved HVL er normalt norsk.

Ønska kvalifikasjoner

Ved vurdering og rangering av kvalifiserte søkarar vil det bli lagt vekt på:

  • Undervisningserfaring frå høgare utdanning, vidaregåande skule eller grunnskule
  • Erfaring frå idretten
  • Forskingserfaring
  • Erfaring frå rettleiing av studentar
  • Pedagogisk utdanning
  • Kompetanse innan praktiske idrettar og aktivitetar

Det vil bli vurdert om søkaren er personleg eigna for stillinga.

Søk på stillinga

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida. Som vedlegg til søknaden må søkarane også laste opp attestar og vitnemål. Søknaden må også innehalde vedlegg som dokumenterer søkarens pedagogiske kvalifikasjonar. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte oversettingar.

Vi gjer oppmerksom på at søknader blir vurdert med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Det er søkarens ansvar å sørge for at all informasjon er lagt inn innan fristen. Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Aktuelle søkarar blir kalt inn til intervju og det kan bli aktuelt med ei kort prøveforelesning.

Lønnsvilkår

Førsteamanuensis vert løna etter Statens regulativ, stillingskode 1011.

Førstelektor vert løna etter Statens regulativ, stillingskode 1198.

Høgskulelektor vert løna etter Statens regulativ, stillingskode 1008.

Høgskulen har tenestepensjonsordning og det vert trekt lovfesta innskot til Statens pensjonskasse

Generell informasjon

Den som vert tilsett må rette seg etter dei lover, forskrifter, instruksar og avtaler som til ei kvar tid gjeld for stillinga.Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting og rekruttere personar med ulik nasjonal- eller etnisk bakgrunn.

Opplysingar om søkar kan bli gjort offentleg sjølv om søkar ber om ikkje å bli ført opp på søkarlista. Dersom førespurnaden ikkje blir tatt til følgje, vil søkar bli varsla om dette.Høgskulen på Vestlandet er ei I/A-bedrift.

Heimeside

Kontaktperson:

  • Assisterande institutleiar Ane Solbraa tlf: 57 67 60 81/ mobil: 90953275

Søk stillinga