LEDIG STILLING VED HK-DIR

Digital rådgjevar / seniorrådgjevar

Søknadsfrist: 22.05.2022

HK-dir

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) har eit samla, nasjonalt ansvar for forvaltningsoppgåver innanfor høgare utdanning, høgare yrkesfagleg utdanning og kompetansepolitikk. Vi er fagleg rådgjevar for Kunnskapsdepartementet, og set i verk politikken og samordnar verkemidlane. Direktoratet skal bidra til å utvikle kvaliteten i utdanning og opplæring, styrke det internasjonale samarbeidet og bidra til digital omstilling av universitet og høgskular.


Vi jobbar for å løfte kompetansen i befolkninga, gjere utdanning og opplæring av høg kvalitet tilgjengeleg for alle heile livet, og sikre arbeidslivet tilgang på kompetent arbeidskraft.


Vi har kontor i Bergen, Oslo, Tromsø og Trondheim


Les meir om HK-dir her

Om stillinga

Vi søkjer ein dyktig digital rådgjevar/seniorrådgjevar i stab for kommunikasjon. Vi ser etter ein kollega med brei erfaring frå digital kommunikasjon og arbeid med nettsider. Direktoratet har ei kompleks målgruppe og vi har ambisjonar om at digitale tenester og nettløysingar skal gjere kvardagen enklare for brukarane våre.

Stab for kommunikasjon har om lag 20 medarbeidarar, fordelt på to avdelingar og med kontorstad i både Oslo og Bergen. Vi i kommunikasjon har ansvar for intern og ekstern kommunikasjon i direktoratet. Stillinga har kontorstad i Oslo.

Vi ser etter deg som er fagleg sterk, målretta og løysingsorientert og som trivst i eit breitt samarbeid med ulike miljø. Du ønskjer å bidra i arbeidet med å etablere nye nettsider for direktoratet, på same tid som du trivst med oppgåver knytt til drift av fleire av nettsidene våre.

Saman med nettredaktøren jobbar du analytisk og strategisk, men óg operativt og nytenkande.

Arbeidsoppgåver

  • dirft og utvikling av hkdir.no
  • vidareutvikle og utføre måling, statistikk og analyse av brukaråtferd, og rettleie organisasjonen på desse områda
  • kartleggje behov, setje i gang og leie utviklingsprosjekt
  • rådgjeving knytt til digitale prosjekt – små og store
  • forstå dei viktigaste brukarreisene og korleis ulike digitale løysingar og kanalar heng saman for sentrale brukargrupper
  • utarbeide og vedlikehalde retningsliner for innhaldsforvalting og arbeid med nettsider
  • rettleie organisasjonen om malverk, informasjonsarkitektur, lover og retningsliner (Klarspråk, Språklova, Universell utforming og personvern)
  • produksjon av nettsider
  • avløysar for nettredaktør

Kvalifikasjonskrav

  • høgare utdanning på minimum bachelornivå. Relevant realkompetanse kan erstatte utdanningskravet
  • relevant arbeidserfaring med drift og utvikling av nettstader
  • relevant arbeidserfaring frå prosjektarbeid
  • kunnskap om brukarorientert innhald og tilgjengelegheit
  • erfaring med måling, analyse og statistikk
  • gode språkkunnskapar i bokmål, nynorsk og engelsk

Personlege eigenskapar:

  • strukturert og målretta
  • gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • serviceinnstilt

Ønska tilleggskvalifikasjonar

  • erfaring frå offentleg forvalting
  • erfaring med rådgjeving og opplæring
  • kunnskap om informasjonsarkitektur og interaksjonsdesign

Vi tilbyr

  • lønnsplassering etter kompetanse
    • rådgjevar/seniorrågdjevar med ei årslønn mellom kr. 543 500,- og 677 600,-
      • for særskilt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast
  • eit uformelt og godt fag- og arbeidsmiljø
  • fleksibel arbeidstid
  • høve til fagleg utvikling
  • moglegheit for trening i arbeidstiden
  • godt tilrettelagte lokaler i Oslo sentrum
  • medlemskap i Statens pensjonskasse, som gir gunstig pensjonsordning og moglegheit for bustadlån, til dette vert det trekt 2 % av lønna til lovfesta innskot

Kontaktperson

Inkluderende arbeidsliv og mangfold

Arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i samfunnet og utnytte potensialet i den samla kompetansen i folkesetnaden. Vi oppmodar difor kvalifiserte kandidatar med ulik utdanning, arbeids- og livserfaring, og kandidatar som av ulike årsaker ikkje kan dokumentere ein samanhengande yrkeskarriere, til å søkje jobb hjå oss.

Dersom kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn skal bli vurdert som søkar i ein av desse kategoriane, det vil seie positiv særbehandling, må det kryssast av for dette i Jobbnorge dersom du fyller krava. Avkryssing i Jobbnorge dannar grunnlag for anonymisert statistikk, som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.

Offentlig søkerliste

Vi gjer oppmerksam på at opplysningar om søkaren kan bli offentleggjort sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkarlista, jf. offentleglova § 25. Søkarane vil i tilfelle bli informerte om dette på førehand.

Søknad

Søknad og komplett CV med oversikt over utdanning og tidlegare praksis, vedlagt skanna vitnemål og attestar skal leggast inn via lenke på denne sida (Jobbnorge). Vi oppmodar om å gje tilgang til vitnemålsportalen (ei teneste utvikla på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet, for å hente ut resultat frå høgare utdanning)

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS