Stilling:

Medarbeidare (jordbruksstatistikk)

Søknadsfrist: 26.08.2018

Statistisk sentralbyrå

Statistisk sentralbyrå (SSB) har hovudansvaret for offisiell statistikk i Noreg, og har ei omfattande forskings- og analyseverksemd. Vi har om lag 850 tilsette i Oslo og Kongsvinger, i tillegg til intervjuarar over heile landet.

SSB publiserer dagleg statstikk og analysar på ssb.no og har eit stort kontaktnett, også internasjonalt.

Vi er ei kompetanseverksemd med fagleg utfordrande arbeidsoppgåver, som satsar målretta for å modernsiere SSB og byggje ein framtidsretta organisasjon.

Har du lyst til å arbeide med jordbruksstatistikk?

SSB gjennomfører kvart år ei rekke undersøkingar retta mot jordbruksnæringane. Til å planlegge og gjennomføre slike undersøkingar, treng vi no inntil to interesserte og dyktige medarbeidare.

Saman med eigen datainnsamling, vert det nytta ei rekke administrative data i statistikkproduksjonen. Statistikkane er og såkalla forordna, det vil seie at Noreg er forplikta til å gjennomføre undersøkingar på same måte som resten av EU/EØS-området. SSB arbeider med effektivisering og modernisering, og difor vil ein del av oppgåvene vere å utvikle og etablere nye løysingar.

Jordbruksstatistikken er ein del av eit nytt kompetanseområde innafor eigedoms-, areal- og primærnæringsområdet. Vi arbeider og med å auke bruk av GIS og geodata i samband med statistikkproduksjonen.

Arbeidsoppgåver

  • Gjennomføring av utvalsundersøkingar i jordbruket
  • Støtte i formidling av resultat
  • Støtte oppgåvegivarar og statistikkbrukarar
  • Noko reising og internasjonal representasjon kan vere ein del av stillinga
  • Andre oppgåver innafor avdelinga sine ansvarsområder kan leggast til stillinga.

Kvalifikasjonar

  • Utdanning på mastergradsnivå, f.eks. sivilagronom, naturvitar
  • Ønskeleg med gode IT-kunnskapar, f.eks. SAS eller tilsvarande
  • Ønskeleg med erfaring frå å gjennomføre statistiske undersøkingar
  • Ønskeleg med kunnskap om primærnæringane
  • God skriftleg og muntleg framstillingsevne
  • God i talhandsaming
  • Relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet

Utdanningsretning

  • Natur- og miljøfag
  • Landbruk/skogbruk/sjøbruk

Utdanningsnivå

  • Høgskule/universitet, hovudfag/mastergrad

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidseigenskapar
  • Evne til sjølvstendig arbeidsinnsats
  • Løysingsorientert og effektiv
  • Strukturert og målretta
  • Fleksibel og endringsvillig

Vi tilbyr

  • Lønn som førstekonsulent/rådgivar (1408/1434) med årslønn kr 449 400-550 000 etter kvalifikasjonar
  • Fleksibel arbeidstid og god pensjonsordning
  • Lyse og trivelege lokale i Kongsvinger
  • Eit godt fagleg miljø som gir gode høve for eigenutvikling
  • Ein kunnskapsrik organisasjon, utfordrande arbeidsoppgåver, og eit hyggeleg og uformelt arbeidsmiljø
  • I SSB ønsker vi mangfold blant våre medarbeidarar. For å få til dette, oppmodar vi mellom anna personar med innvandrarbakgrunn til å søke. Som IA-verksemd legg vi forholda til rette for personar med nedsett funksjonsevne

Andre opplysningar

  • Reiseaktivitet: Du må rekne med å måtte reise noko i samband med jobben

Ref. nr.: 18/1038

Søk på stillingen

Web: www.ssb.no

Kontakt: Dagfinn Sve (Seksjonssjef)

Telefon: (+47) 932 47 568

E-post: sda@ssb.no

Kontakt: Berit Bjørlo (Seniorrådgivar)

Telefon: (+47) 918 55 921

E-post: bbj@ssb.no

Powered by Labrador CMS