Stilling:

Rådgivar / seniorrådgivar - Avdeling for metodeutvikling og datainnsamling

Søknadsfrist: 17.02.2019

Statistisk sentralbyrå

Statistisk sentralbyrå − tal som fortel

Statistisk sentralbyrå (SSB) har hovudansvaret for offisiell statistikk i Noreg og har ei omfattande forskings- og analyseverksemd. Vi har rundt 850 medarbeidarar lokaliserte i Oslo og Kongsvinger, i tillegg til intervjuarar over heile landet.


SSB publiserer dagleg statistikk og analysar på ssb.no og har eit stort kontaktnett, òg internasjonalt.


Vi er ei kompetansebedrift med fagleg utfordrande arbeidsoppgåver, som satsar målretta for å modernisere SSB og byggje ein framtidsretta organisasjon

Seksjon for næringslivsundersøkingar har ansvar for å gjennomføre utvalsundersøkingar ved hjelp av ulike innsamlingsmetodar, med vekt på tenester på Altinn-plattforma. Seksjonen har ledig ei stilling som rådgivar/seniorrådgivar (kode 1434/1364) for å bidra med planlegging av og kontinuerleg forbetring og utvikling av SSB sine datainnsamlingar. Framover vil det vere eit større behov for å utvikle datafangstdesign for ulike typar data som ligg føre i kombinasjon med utvalsundersøkingar. Modernisering av Altinn gir rom for å utvikle nye innsamlingsdesign. Den som blir tilsett må rekne med å ta eit hovudansvar for vidareutviklinga av innsamlingsdesignet for produksjon av strukturstatistikken til SSB.

Arbeidsoppgåver

  • Fagleg ansvar for å planleggje og leie gjennomføring av utvalsundersøkingar
  • Arbeidet omfattar tenesteutvikling av SSB sine datainnsamlingar gjennom planlegging, kontakt med oppdragsgivarar internt og eksternt, skjemautforming, oppfølging og kvalitetssikring av datafangsten, samt prosjektstyring, rapportering og dokumentasjon

Kvalifikasjonar

  • Utdanning på hovudfags-/masternivå, helst innanfor samfunnsfaglege fag
  • Relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet
  • Erfaring med å samle inn data eller erfaring frå statistikkproduksjon
  • Erfaring med planlegging av utvalsundersøkingar
  • Gode språklege evner, både munnleg og skriftleg på norsk

Utdanningsretning

  • Samfunnsfag
  • Statistikk
  • Samfunnsøkonomi
  • Administrasjon/organisasjon/leiing

Utdanningsnivå

  • Høgskule/universitet, hovudfag/mastergrad

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner
  • Evne til å ta initiativ og motivere andre
  • Kunne organisere og leie medarbeidarar i arbeidsteam
  • Systematisk, analytisk og leveringsdyktig på eiga hand og saman med andre
  • Omgjengeleg og bidrar til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Lønn som rådgivar/seniorrådgivar (kode 1434/1364) kr 464 800 - 631 700 etter kvalifikasjonar
  • Fleksibel arbeidstid og god pensjonsordning frå Statens pensjonskasse
  • Lyse og trivelege lokale i Kongsvinger
  • Eit godt fagleg miljø som gjev gode moglegheiter for eigenutvikling
  • Ein kunnskapsrik organisasjon, utfordrande arbeidsoppgåver, og eit hyggeleg og uformelt arbeidsmiljø

Generelt:

  • Attestar/vitnemål skal registrerast/leggjast ved i søknadsportalen innan søknadsfristen. Vi ber søkarar som blir kalla inn til intervju, om å ta med originalar eller bekrefta kopiar av attestar og vitnemål. Vi kontrollerer dokumenta.
  • Vi gjer merksame på at opplysningar om søkaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkarlista. Dersom ønska reservasjon ikkje blir tatt omsyn til, vil søkaren bli varsla om dette før offentleg søkarliste blir laga.
  • Søkarar som gjer til kjenne at dei har nedsett funksjonsevne, må vere klar over at denne opplysninga kan
  • bli brukt til registreringsføremål jf. regjeringas arbeid med inkluderingsdugnaden.
  • I SSB ønskjer vi mangfald blant medarbeidarane våre. Vi oppfordrar difor blant anna personar med innvandrarbakgrunn til å søkje.

Ref. nr.: 19/123

Søk på stillingen

Kontaktinfo:

  • Roger Jensen (Seksjonssjef), 932 47849, roj@ssb.no
  • Kristin Halland (Seniorrådgiver), 97 617 850, knh@ssb.no
Powered by Labrador CMS