Ledig stilling ved Havforskingsinstituttet

Overingeniør (fast 100 % stilling)

Søknadsfrist: 09.08.2019

Er du vår nye ekspert innan mikrobiologi?

Om stillinga

Me søkjer etter ein overingeniør i fast 100 % stilling. Stillinga tilhøyrer molekylærbiologisk laboratorium i Bergen. Laboratoriet har mellom anna ansvar for biokjemisk og mikrobiologisk analyse av sjømat. Molekylærbiologisk laboratorium held til på Nordnes i Bergen.

Havforskingsinstituttet

Havforskingsinstituttet (HI) er eitt av dei største marine forskingsinstitutta i Europa, med vel tusen tilsette og ei rekkje forskingsfasilitetar og laboratorium av høg internasjonal standard. Hovudaktivitetane våre er forsking, rådgjeving og overvaking. Havforskingsinstituttet eig og driv seks forskingsfartøy. Hovudkontoret vårt ligg i Bergen. Vi har også avdeling i Tromsø, og forskingsstasjonar i Matre, Austevoll og Flødevigen.


Den 1. januar 2018 vart Havforskingsinstituttet fusjonert med Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking (NIFES). Det nye instituttet skal vere ein leiande kunnskapsleverandør for ei bærekraftig forvalting av ressursane i dei marine økosystema, og for heile kjeda frå hav til mat.

Til denne stillinga søkjer vi etter ein person med mikrobiologisk kompetanse. På mikrobiologisk laboratorium er dei fleste metodane akkreditert etter ISO17025 standarden.

Sentrale arbeidsoppgåver

  • Mikrobiologiske analysar av matvarer, fyrst og framst sjømat (kvalitetsforringande mikroorganismar og smittestoff som Listeria monocytogenes, Salmonella og Vibrio)
  • Metodeutvikling og forbetring av etablerte metodar
  • Instrumentansvar
  • Andre oppgåver knytt til laboratoriedrift
  • Deltaking på felt- og/eller forskingstokt kan verta aktuelt i denne stillinga

Kvalifikasjonskrav

Den som blir tilsett må meistre norsk og engelsk, skriftleg og munnleg. I tillegg ser vi etter deg som fyller desse kriteria:

  • Mastergrad i mikrobiologi, eller tilsvarande
  • Lang arbeidserfaring innan det aktuelle fagområdet kan kompensere for utdanningskravet
  • Kan jobbe sjølvstendig med innføring av nye metodar

Ynskjeleg kvalifikasjonar

  • erfaring med molekylærbiologiske metodar
  • kjennskap til antibiotikaresistensanalysar
  • erfaring med mikrobiologisk identifisering med Maldi-Tof MS
  • kjennskap til bruk av LIMS
  • kjennskap til kvalitetssikring

Personlege eigenskapar

Vi på Havforskningsinstituttet er overtydd om at personlegdom spelar ei rolle i korleis ein jobbar, kommuniserar og trivs på arbeidsplassen. Til denne stillingen ser vi for oss ein medarbeidar som

  • lærer av eigne erfaringar, og som set pris på innspel frå dei rundt seg
  • tek initiativ, søkjer nye utfordringar og går i bresjen for nye tiltak
  • fremjar lagspel, gjennom å dele informasjon og søkje kompromiss for å skape vinn-vinn situasjonar
  • held humøret oppe og arbeidar konstruktivt under press og endring

Vi tilbyr:

  • arbeid i ein av Europa sine leiande forskningsinstitusjonar, med stor samfunnsmessig relevans
  • eit spanande og solid fagmiljø
  • lokaler sentralt i Bergen
  • fleksitidsordning, med sommar- og vintertid
  • offentleg tenestepensjonsordning i Statens Pensjonsordning
  • bedriftshytter
  • bedriftsidrettslag
  • trening i arbeidstida

Ytterlegare informasjon

Stillinga vert lønt i stillingskode 1087 overingeniør, i samsvar med Hovedtariffavtalen i staten. Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Søknad må sendast elektronisk via JobbNorge. CV, relevante attestar og vitnemål må leggast ved i søknaden. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde, sjølv om søkjaren har bedt om å vera unnateken søkjarlista. Søkjaren vil bli orientert om dette på førehand.

Havforskingsinstituttet har fokus på mangfald, og vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonalitet eller etnisk bakgrunn. Havforskingsinstituttet er ei IA-bedrift, og ynskjer å legge forholda til rette for søkjarar med redusert funksjonsevne.

Ynskjer du fleire opplysninger om stillinga kan du kontakte:

  • Elin Danielsen, seksjonssjef, telefonnummer: 400 34 027, e-post: elin.danielsen@hi.no
  • Cecilie Svanevik, forskar, telefonnummer: 959 72 765, e-post: cecilie.svanevik@.no

Besøk gjerne nettsidene våre på www.imr.no.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS