Stilling:

Forskingsleiar (Forskingsgruppe for Fangst)

Søknadsfrist 28.11.2018

Havforskingsinstituttet

Havforskingsinstituttet (HI) er ett av dei største marine forskingsinstitutta i Europa med vel tusen tilsette, og ei rekkje forskingsfasilitetar og laboratorium av høg internasjonal standard. Hovudaktivitetane våre er forsking, rådgjeving og overvaking. Havforskingsinstituttet eig og driv seks forskingsfartøy. Hovudkontoret vårt ligg i Bergen, vi har avdeling i Tromsø og forskingsstasjonar i Matre, Austevoll og Flødevigen.


Frå 1. januar 2018 er Havforskingsinstituttet fusjonert med Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking (NIFES). Det nye instituttet skal vere ein leiande kunnskapsleverandør for ei bærekraftig forvaltning av ressursane i dei marine økosystema, og for heile kjeda frå hav til mat.

Vi ser etter ein inspirerande forskingsleiar.

Om stillinga

Ved forskingsgruppe for Fangst har vi no ei ledig stilling som forskingsgruppeleiar. Stillinga er fast, og arbeidsstad ved tilsetting vil vera Bergen.

Hovudoppgåva for forskingsgruppeleiar er å bidra til instituttet sin faglege utvikling innfor gruppa sine fagfelt. Dette inneber personalansvar og -leiing, og fordeling av personalressursar i tråd med instituttet sitt behov for kompetanse i prosjekt. Som leiar vil du ha ansvar for at medarbeidarane sin kompetanse blir teken i bruk og utvikla i tråd med instituttet sin faglege strategi. Ein viktig føresetnad for at instituttet skal lukkast er at leiar meistrar å utvikle og motivere sine medarbeidarar, og ser sitt forskingsområde i ein heilheitleg samanheng med dei andre forskingsområda på instituttet.

Om forskingsgruppa

Forskingsgruppa Fangst består i dag av 21 forskarar og teknikarar. Forskingsgruppeleiar rapporterer til forskingsdirektør for akvakultur, marint miljø og teknologi. Forskingsgruppa Fangst jobbar med:

  • Energi- og kostnadseffektiv og miljø- og ressursvenleg fangstteknologi
  • Fangstrelevant åtferd
  • Tekniske reguleringar i fiske
  • Bestandsvurderingar
  • Teknologi inn mot berekraftig havbruk
  • Levandelagring

Leiar for forskingsgruppa skal bidra til at utviklinga av instituttet på dei ulike fagområda skjer i tråd med instituttet sin faglege strategi.

Krav til søkjar

Vi ser etter ein leiar som er resultatorientert, har gode samarbeidsevner og som kan motivere medarbeidarane. Søkjar må kunne dokumentere relevant forskingskompetanse tilsvarande 1110 forskar/1183 forskar/1013 professor. Gode leiareigenskapar er naudsynte, og det er eit føremon med tidlegare leiarerfaring frå forskingsbasert verksemd. Det er ein føresetnad for å lukkast i stillinga at leiar held seg fagleg oppdatert på forskingsgruppa sine fagområde og utviklar eigen kompetanse.

Arbeidsspråket vil vera norsk, og det vert stilt krav om god munnleg og skriftleg framstillingsevne. Vi legg til grunn at søkjaren også meistrar engelsk på høgt nivå, både skriftleg og munnleg.

Noko reiseverksemd må påreknast. Andre oppgåver enn dei som er nemnde ovanfor kan verte pålagde ved behov.

Vi tilbyr

  • Arbeid i ein av Europa sine leiande forskingsinstitusjonar, med stor samfunnsnytte
  • Eit spanande og solid fagmiljø
  • Lokalar sentralt i Bergen
  • Fleksitidsordning, med sommar- og vintertid
  • Offentleg tenestepensjonsordning i Statens Pensjonskasse
  • Bedriftshytter og bedriftsidrettslag

Ytterlegare informasjon

Søknadsfrist: 28. november.

Søknad skal sendast elektronisk via link på denne sida, med CV, relevante attestar, vitnemål og dokumentasjon på vitskapeleg produksjon.

Stillinga vert lønt i stillingskode 1111 forskingssjef. Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Statens Pensjonskasse. Me gjer merksam på at namn på søkjarar kan bli offentleggjort i samsvar med Offentleglova § 25.

Havforskningsinstituttet har fokus på mangfald, og vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Havforskningsinstituttet er ei IA-verksemd, og ønskjer å legge forholda til rette for søkjarar med redusert funksjonsevne.

Ynskjer du meir informasjon om stillinga?

Kontakt forskingsdirektør Geir Lasse Taranger:

Besøk gjerne våre nettsider på www.hi.no.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS