Ledig stilling ved Havforskingsinstituttet

Vikariat som kommunikasjonsrådgjevar

Søknadsfrist 07.04.2019

Om stillinga

Havforskingsinstituttet søkjer etter ein kommunikasjonsrådgjevar i eit eittårig vikariat med moglegheit for fast tilsetting.

Havforskingsinstituttet

Havforskingsinstituttet (HI) er et av dei største marine forskingsinstituttene i Europa med vel tusen tilsette og ei rekkje forskingsfasilitetar og laboratorium av høg internasjonal standard. Hovudaktivitetane våre er forsking, rådgjeving og overvaking. Havforskingsinstituttet eig og driv seks forskingsfartøy. Vårt hovudkontor ligg i Bergen, vi har avdeling i Tromsø og forskingsstasjonar i Matre, Austevoll og Flødevigen.


Frå 1. januar 2018 er Havforskingsinstituttet fusjonert med Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking (NIFES). Det nye instituttet skal vere ein leiande kunnskapsleverandør for ei bærekraftig forvaltning av ressursane i dei marine økosystema, og for heile kjeda frå hav til mat.

Vi søkjer etter deg som kan filmsnuttar og foto til fingerspissane, og som veit akkurat kva sjanger som passar til dei ulike sosiale media. Du er nyfiken, kreativ og ikkje redd for å gje deg i kast med alt frå ørsmå plankton i mikroskopet til torskejakt i skjergarden. Sjøstøvlar og termodress er gjerne arbeidsantrekk hos oss! Mikroformidling er eit format vi brukar stadig meir, og du har auge for gode motiv og spennande historier. Den vi tilset må tola høgt tempo og strenge krav til kvalitet. Du bør ha nase for trendar innanfor digital formidling, og vera rask til å ta i bruk ny teknolog – og å dela kunnskap med kollegaene.

Vi er ute etter ein sjølvgåande kollega som held på humøret – også når det kokar på avdelinga. Du er stø i nynorsk og beherskar engelsk på eit relativt høgt nivå; både i tale og skrift.

Vi tilbyr ei lærerik og meiningsfull stilling i eit godt, dynamisk arbeidsmiljø med motiverte og kompetente kollegaer. Hos oss er det rikeleg rom for deg som er svolten på nye utfordringar og fagleg utvikling.

Arbeidsoppgåver

Vår nye kollega går inn i den daglege drifta av avdelinga – med leveransar til sosiale medium og nettsider som dei viktigaste oppgåvene.

Kvalifikasjonar

Utdanning frå universitet, høgskule eller fagskule innan relevante fag. Særleg relevant realkompetanse og/eller erfaring kan kompensera for utdanningskravet. Vi krev dokumentert og dagsfersk erfaring med film og foto. Arbeidserfaring frå journalistikk og/eller kommunikasjonsarbeid er ein fordel.

Stillinga vert løna etter Statens lønnsregulativ som 1434 rådgjevar.

Spørsmål om stillinga

For meir informasjon kontakt:

  • Kommunikasjonsdirektør Torny Aarbakke, tlf. 908 54 462, e-post: torny.aarbakke@hi.no eller
  • Rådgjevar Marie Hauge, tlf.: 975 68 384, e-post; marie.hauge@hi.no

Havforskingsinstituttet er ei IA-verksemd som er opptatt av mangfald og vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje stillinga.

Det vert gjort merksemd på at opplysingar om søkjarar kan offentleggjerast sjølv om søkjar har bedt om å ikkje verta oppført på søkjarlista. Søkjar vil verta orientert om dette på førehand.

Søknad med CV, arbeidsprøvar og kopi av attestar og vitnemål skal sendast via link på denne sida.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS