Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

To stillingar som førsteamanuensis i pedagogikk

Søknadsfrist: 01.04.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det psykologiske fakultet består av fem institutter og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt/sentre.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis, to stillingar

Ved Institutt for pedagogikk, Det psykologiske fakultet, er det ledig to stillingar som førsteamanuensis i pedagogikk knytt til pedagogikk i lærarutdanninga. I lærarutdanninga jobbar ein i dag med å imøtekomme regjeringas strategi for lærarutdanning 2025, med stor vekt på profesjonsorientering og partnarskap med skular.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

  • bidra til forskingsfronten innan pedagogikkfaget gjennom aktiv deltaking i ei av instituttet sine forskingsgrupper
  • initiere og ta del i samarbeid om forskingsprosjekt, søknadsskriving og publisering
  • undervise på programma for pedagogikk i lærarutdanninga samt engasjere seg i partnarskap med skular
  • samarbeide og ta del i teamarbeid retta mot fagutvikling og forsking som støttar opp om lærarutdanninga sin profil
  • samarbeide om studiekvalitet og evaluering
  • rettleie doktorgradskandidatar
  • ta del i administrative oppgåver, møter og komitéarbeid på line med dei andre tilsette ved instituttet

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjarar må primært ha doktorgrad i pedagogikk eller doktorgrad i eit fagområde med relevans for pedagogikk i lærarutdanninga
  • søkjarar må kunne dokumentere forsking innanfor område med tema av relevans for pedagogikk i lærarutdanninga
  • det vil telje positivt om søkjaren har tatt del i internasjonale nettverk, og har internasjonal publisering på høgt nivå
  • det vil telje positivt om søkjaren har erfaring med, og eventuelt fått gjennomslag på, søknadar om forskingsmidlar
  • søkjarar må kunne dokumentere undervisningskompetanse på universitetsnivå, innafor område med tema av relevans for lærarutdanninga - slik det kjem fram i skildringar av emne og studieprogram
  • søkjarar må kunne vise god evne til fagleg formidling
  • erfaring med digital læring og studentaktive læringsformer i høgare utdanning vil vere ein føremon
  • pedagogisk basisutdanning er eit krav for stillinga
  • personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil verte vektlagt
  • det blir kravd at den som vert tilsett kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk ved tilsetjing.

Det vil bli gjennomført intervju, prøveforelesing og referanseinnhenting i tilsetjingsprosessen. Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.Dersom det ikkje melder seg kompetente søkjarar for fast tilsetjing, kan det vere aktuelt med midlertidig stilling for en periode på inntil to år dersom det er sannsynleg at vedkommande vil oppnå kvalifisering som førsteamanuensis i løpet av denne perioden jf. universitets- og høgskolelova § 6-5 (1). Ved utløpet av tilsetjingsperioden vil kompetansen til den det gjeld bli vurdert på nytt med tanke på fast tilsetjing

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn etter lønssteg 64 - 72 (kode 1011/lønsramme 24, minimum alternativ 8) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 573 100 - 667 200 brutto (inkl. OU). Direkteplassering kan verte aktuelt. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • Vitnemål og attestar
  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Liste over vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er offentleggjorde
  • Vitskaplege arbeid søkjaren vil det skal takast omsyn til ved vurderinga må lastas opp i sin heilskap (maks 10 stk)
  • Liste med vedlegg som dokumenterer dine pedagogiske kvalifikasjonar
  • Dokumentasjon på pedagogiske kvalifikasjonar (for eksempel pedagogisk portefølje)

Vi gjer merksame på at søknader vert vurdert med den informasjonen som er knytt til søknaden i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Vedlegga må vere på engelsk eller eit skandinavisk språk, og eventuelle omsetjingar må vere attesterte. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at all informasjon er lagt inn innan fristen.

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Astrid Tolo, instituttleiar/førsteamanuensis, e-post: astrid.tolo@uib.no, tlf. 55 58 48 81
  • Kariane Therese Gärtner Westrheim, stedfortreder/professor e-post: kariane.westrheim@uib.no, tlf. 55 58 87 97

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn, hol i CV eller personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga. Opplysningar om nedsatt funksjonsevne eller hol i CV, kan verte brukt til registreringsføremål i Universitetet i Bergen sin inkluderingsdugnad.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS