LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Førsteamanuensis innan marin geovitskap for infrastruktur for grøn energi

Søknadsfrist: 31.08.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis innan marin geovitskap for infrastruktur for grøn energi.

Ved Institutt for geovitskap er det ledig ei stilling som førsteamanuensis innan marin geovitskap. Overgangen til nye «grønare» energiformer tilseier at det er behov for å styrke forskings- og undervisningskapasiteten innanfor fagfelt som er relevante for infrastruktur på havbotnen nær kysten og på sokkelen. Eksempel på slik infrastruktur er vindturbinar til havs, kablar i havbotn og røyrleidningar for CO2-lagring. For å styrke denne kapasiteten vil vi rekruttere ein kandidat med sterk forskingserfaring innan det breie feltet marin geovitskap. Ein slik kandidat vil bidra til å forstå dei geologiske prosessane på havbotnen, og dei fysiske eigenskapane til den grunne undergrunnen til havs. Stillinga er finansiert av ei direkte tildeling til UiB frå Kunnskapsdepartementet, øyremerka «grøn energi».

Om instituttet

Institutt for geovitskap er eit stort institutt med brei forskings- og utdanningsprofil. Det har fleire forskargrupper som arbeider i fronten av sine fagfelt. Gjennom forsking, innovasjon og undervising vil Institutt for geovitskap gje samfunnet geofagleg kompetanse som skal bidra til å løyse utfordringane Noreg og verda møter – i dag og i framtida. Institutt for geovitskap driver undervising og forsking på tvers av geofaga, med energiomstilling, klima, miljø, geofarar og marin forsking som sentrale strategiske satsingsområde. Vi har om lag 170 tilsette, og dette inkluderer ca. 40 professorar og førsteamanuensar. Institutt for geovitskap er ein del av Bjerknessenteret for klimaforskning, SapienCE Center of Excellence, og er vertskap for et Senter for framifrå utdanning, iEarth.

Vi driv mange laboratorium og anna forskingsinfrastruktur, der nokon av disse er utpeika som nasjonal forskingsinfrastruktur. Vi har også tilgang til topp moderne forskingsfartøy og marin infrastruktur for både forsking og undervisning.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Vi ser etter ein kandidat med dokumentert merittliste og stor interesse for å styrke både utdannings- og forskingsporteføljen til Institutt for geovitskap, og som aktivt vil bidra med å utvikle grunnleggande geovitskapleg kunnskap for grøn energi frå havet.

Den ideelle kandidaten er ein forskar som er tidleg eller midt i karrieren (mindre enn ~15 år etter avlagt doktorgrad), med ekspertise innan marin geovitskap. Vi ønske oss ein kandidat som er villig til å ta på seg ei leiande rolle i organisering av marine toktaktiviteter, undervisning i marin geovitskap, og utvikling av eit eksternt finansiert forskingsprogram innan marin geovitskap. Den ideelle kandidaten er også nokon som trivast i grenselandet mellom grunnforsking og anvendt forsking, og som er interessert i å bidra til samspelet mellom akademia, industri og samfunnet rundt oss. Vi håpar at kandidaten framfor alt vil bidra til å leggje til rette for energiomstilling i Noreg og globalt, ved å auke vår kunnskap og utdanne studentar med marin geovitskapeleg kompetanse.

Kandidaten skal utfylle den eksisterande maringeologiske og geofysiske forskingsaktiviteten ved instituttet, og skal bidra til rettleiing av MSc- og ph.d.--prosjekter. Som vertsinstitutt for Senter for framifrå utdanning iEarth, er Institutt for geovitskap forplikta til å utvikle ein undervisingskultur som oppmuntrar og støttar studentsentrerte, aktive undervisningsmetodar i høgare utdanning.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha doktorgrad eller tilsvarande kvalifikasjonar innan marin geovitskap.
  • Erfaring med, og evne til å gjennomføre, vitskaplege tokt til havs er eit krav. Tidlegare toktleiarerfaring er ei føremon.
  • Brei geovitskapleg kompetanse og -erfaring med regionale til lokale marine sedimentære prosesser på sokkelen eller kontinentalmarginar er eit krav. Erfaring med glasiale marginar og glasiale prosessar er ein føremon.
  • Erfaring med relevante teknikkar og datatypar er fordelaktig, inkludert, men ikkje avgrensa til: ultrahøgoppløyseleg 3D-seismiske data (UHR3D), geotekniske data, avansert analyse av sedimentkjernar, 3D geotekniske grunnmodellar.
  • Søkjarar bør ha ei sterk publikasjonsliste innanfor dei felta som er nemnt ovanfor, sett i samanheng med kor langt kandidaten har kome i karrieren sin.
  • Kandidaten som får stillinga skal kunne undervise og rettleie studentar innanfor relevante tema innan marin geovitskap på alle nivå. Undervisnings- og rettleiingserfaring innan relevante fag bør dokumenterast i søknaden.
  • Det vert forventa at søkjaren bidrar til eksternt finansiert forskingsaktivitet. Det forventast derfor ei god merittliste når det kjem til å skaffe eksterne forskingsmidlar, sett i samanheng med kor langt kandidaten har kome i karrieren sin.
  • Søkjarar må ha evne til å drive forsking i samarbeid med både eksterne og interne vitskapelege partnarar.
  • Erfaring med å kommunisere med, og arbeide saman med, personar utanfor akademia er ein føremon, og då særskild med personar innanfor energisektoren.
  • Søkjaren må ha gode ferdigheiter i munnleg og skriftleg engelsk.
  • Evne til å kommunisere på eit skandinavisk språk er ei føremon

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli vektlagde. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Krav til utdanningsfagleg kompetanse

Til stilling som førsteamanuensis blir det kravd grunnleggjande kompetanse for undervisning og rettleiing på universitets- og høgskulenivå. Dette inneber dokumentasjon av

  • fullført universitetspedagogisk utdanning (relevante kurs i kombinasjon med eigen praktisk undervisning vil kunne erstatte universitetspedagogisk program)
  • grunnleggjande ferdigheiter innan planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av undervisning og rettleiing

Utdanningsfagleg kompetanse skal dokumenterast gjennom ei utdanningsfagleg mappe. Denne skal innehalde oversikt over praktisk erfaring og kompetanse, dokumentasjon av dette og eit kortfatta refleksjonsnotat. Notatet skal primært vere knytt til eigen undervisningsfilosofi og vurdering av eigen undervisning i høve til kunnskap om studentar si læring i høgre utdanning. Nærare informasjon om kriterium og dokumentasjonskrav til utdanningsfagleg kompetanse finst her.

Søkjarar som ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse ved tilsetjing, vil bli pålagt å oppfylle krava innan to år etter tiltreding.

Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Den som blir tilsett, må kunne undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan tre år etter tiltreding. Det vil bli lagt til rette for gjennomføring av norskkurs.

Ved Universitetet i Bergen blir det lagt reell vekt på pedagogiske kvalifikasjonar ved tilsetjing i vitskaplege mellom- og toppstillingar.

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 68–78 (kode 1011/LR 24, alternativ 8). Dette utgjer ei årsløn på kr. 636 700– 714 000 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Førsteamanuensis i fast stilling har høve til å søkje om opprykk til professor etter kompetanse. Meir informasjon finst her.

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • vitnemål og attestar
  • fullstendig publikasjonsliste
  • eit søknadsbrev som beskriv søkjarens interesse og motivasjon for å søkje på stillinga, og kva de vil bidra med i avdelinga med omsyn til detaljane i utlysinga. Søknadsbrevet skal også summere de viktigaste forskingsresultata og framtidige forskings- og utdanningsambisjonar til kandidaten.
  • utdanningsfagleg kompetanse dokumentert gjennom utdanningsfagleg mappe (sjå ovanfor)
  • liste over vitskapelege arbeid søkjaren vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er publiserte
  • namn på tre referansar, kor minst ein må kjenne søkjaren frå undervisningsarbeid

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Instituttleiar professor Atle Rotevatn (epost: atle.rotevatn@uib.no)

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS