LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Førsteamanuensis II (10 %) i musikkterapi ved Griegakademiet - Institutt for musikk

Søknadsfrist: 10.07.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Fakultet for kunst, musikk og design består av tre institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis II (10 %) i musikkterapi ved Griegakademiet - Institutt for musikk

Ved Griegakademiet - Institutt for musikk er det ledig ei bistilling for 2 år som førsteamanuensis II (10 %) i musikkterapi.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Til stillinga ligg undervisningsoppgåver knytt til studieprogrammet Integrert master i musikkterapi. Den som vert tilsett vil ha hovudansvar for undervisning på kurs i relasjons- kommunikasjonserfaring. Enkelte andre undervisningsoppgåver på programmet kan bli aktuelt. Fagmiljøet ynskjer å knyte til seg ein fagperson som har særleg kompetanse og erfaring knytt til terapeutisk profesjonalitet og prosessarbeid i undervisning og musikkterapi.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Ph.d.-grad i musikkterapi, eller dokumentert kompetanse som førsteamanuensis innan fagområdet.
  • Dokumentert utdanningsfagleg kompetanse, sjå Regler for vurdering av utdanningsfagleg kompetanse ved UiB. Kravet om dokumentert utdanningsfagleg kompetanse kan i særlege tilfelle fråvikast, men må då oppfyllast innan to år etter tilsetjing.

Dei best kvalifiserte søkjarane vil bli kalla inn til intervju av ei intern intervjugruppe, og vil også måtte halde prøveundervisning for stab og studentar ved instituttet.

I tillegg vil det bli lagt vekt på:

  • Ein utvikla praksis innan fagområdet
  • Erfaring med undervisning på universitetsnivå
  • Gode samarbeidsevner, med vekt på dialog og inkluderande fagleg kommunikasjon
  • Organisatoriske evner og erfaring
  • Personlege og mellommenneskelege eigenskapar
  • Relevant erfaring med gruppeprosessar i musikkterapeutisk praksis eller undervisning

Det er og sterkt ynskjeleg at den som vert tilsett kan tilby kontinuerleg undervisning.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn etter lønssteg 64 - 72 (kode 1011/lønsramme 24, minimum alternativ 8) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 636 700 – 689 100 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • CV med oversikt over kunstnarleg produksjon
  • Vitnemål
  • Attestar
  • Materiale som dokumenterer kompetanse som førsteamanuensis

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Instituttleiar Randi Rolvsjord tlf. +47 97 51 48 78, e-post: randi.rolvsjord@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS