LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Førsteamanuensis i statsvitskap - Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap

Søknadsfrist: 21.11.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt og tre senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis i statsvitskap

Vi ønskjer deg velkomen som søkjar til ein fast stilling som førsteamanuensis i statsvitskap ved Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap, Universitetet i Bergen. Stillinga er todelt.

Undervisningsdelen er knytt til etter- og vidareutdanning/oppdragsbasert undervisning og inkluderer rettleiing og ulike formar for studentoppfølging. Forskingsdelen tek utgangspunkt i instituttets generelle forskingsaktivitet, og stillinga er i dag særleg knytt til forskingsområda organisasjonsteori, organisasjon og leiing og reformer i offentleg sektor.Instituttet har ein profil som eit statsvitskapleg fag basert på ein organisasjonsfagleg tilnærming til studiet av offentleg politikk, offentleg administrasjon og politiske institusjonar.

Søkjarar til stillingane blir rådde til å orientere seg om undervisningstilbodet og forskingsprofilen ved instituttet, sjå her.

Vi søkjer dedikerte forskarar, rettleiarar og undervisarar med gode samarbeidsevner som kan styrke forskinga og undervisningsprogramma ved Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap. Vi vil leggje vekt på at dei som blir tilsette er personleg eigna for stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha doktorgrad i statsvitskap eller eit anna samfunnsfag, med klar relevans for instituttet sin faglege profil.
  • Søkjarar må ha vist evne til publisering av forskingsresultat utover doktorgrad både nasjonalt og internasjonalt. Ved vurdering av det vitskaplege arbeidet vil forskinga frå dei siste fem åra bli tillagt særleg vekt.
  • Brei undervisningserfaring generelt er ein føresetnad, og i statsvitskapleg orientert organisasjonsteori spesielt er ønskeleg.
  • Kjennskap og erfaring frå forsking på reformar i offentleg sektor vil telja positivt.
  • Rettleiingserfaring og kjennskap til digitalt støtta undervisnings- og rettleiingsarbeid vil vere ein fordel.
  • Erfaring med å utvikle, administrere og drive større eksternt finansierte prosjekt er ønskjeleg.
  • Det er eit krav om god kjennskap til norsk. Den som vert tilsett må kunna undervise på norsk ved oppstart.
  • Pedagogisk basisutdanning er eit krav for stillinga. Den som blir tilsett vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing.

Den som blir tilsett må kunne undervise både på høgare og lågare grad ved instituttet. I tilknyting til undervisningsdelen av stillinga må det påreknast noko reising (samlingar à 3 dagar, inkludert i enkelte helgar, per no i Bergen).

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
  • Løn etter lønssteg 68-75 (17.510/kode 1011/LR 24) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på NOK 626 100 – 715 900 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det vere aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Følgjebrev som synar motivasjon for å søkja på stillinga og gir ei oppsummering av planlagt forskingsaktivitet framover
  • CV
  • Inntil 5 vitskapelege arbeid med opplysningar om kvar dei er offentleggjorde. Forsking frå dei siste fem åra vil bli tillagt særleg vekt
  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Medforfattarerklæringar
  • Undervisingsportefolio. Ei samla framstilling som synar din erfaring innan undervising og rettleiing. Legg gjerne ved pedagogiske publikasjonar, eigenutvikla undervisningsmateriell, evalueringsrapportar og mottekne undervisningsprisar
  • Godkjente kopiar av vitnemål og attester

Kontaktinformasjon til to referansarSøknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastas opp i www.jobbnorge.no.

Søknadsfrist: 21. november

Søknaden skal merkast: 2021/14365

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til seniorkonsulent HR Hanne Cappelen; hanne.cappelen@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som blir tilsett må rette seg etter dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga. Det vises til dei generelle reglane ved universitetet om at innanfor si normale arbeidsplikt og faglege kompetanse kan den som blir tilsett også bli pålagt undervisning, rettleiing og eksamensarbeid utanfor den organisasjonseininga stillinga er knytt til.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS