LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Førsteamanuensis i odontologi (biomaterialar)

Søknadsfrist: 30.09.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis i odontologi (biomaterialar)

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for klinisk odontologi, er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis (50 %) i odontologi med arbeidsplass ved Seksjon for biomaterialar. Det kan bli moglegheit for utviding til ei 100 % stilling.

Vi søkjer ein medarbeidar som saman med tilsette ved instituttet vil bidra til framifrå forsking og undervisning. «Biomaterial Research Cluster» har fleire aktive forskingsmiljø innan blant anna biomekanisk forsking, nanomaterialar, nanotoksikologi, nanomedisin og klinisk odontologisk forsking. Det er samarbeid med «Tissue engineering», "Biomatlab" ved ortopedisk klinikk, Haukeland universitetssjukehus, Det medisinske fakultet, samt Det matematiske-naturfaglege fakultet og andre relevante miljø nasjonalt og internasjonalt.

Den som vert tilsett er i ei aktiv fase av karrieren, har fagleg tyngde innan dentale biomaterialar og er viljug til å engasjere seg i eigne og andre sine prosjekt ved Seksjon for biomaterialar og på instituttet. Seksjon for biomaterialar underviser i dentale biomaterialar som er eit viktig emne i grunnutdanninga for tannlegar og tannpleiarar samt i spesialistutdanninga. Den som vert tilsett må vere viljug til å ta ansvar for og engasjere seg i utvikling av undervisninga, ta del i eksamensarbeidet og rettleiing innafor fagområdet. Den som vert tilsett vil få undervisningsoppgåver og administrative oppgåver i fagområdet biomaterialar og i instituttadministrative prosessar i samsvar med gjeldande studieplanar. Nye studieplan krev god integrering med undervisning ved kliniske seksjonar og den som vert tilsett skal samarbeide med desse for å oppnå ei god integrering mellom faga.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Den som vert tilsett skal leie og initiere forskingsprosjekt, undervise og rettleie studentar og stipendiatar, samt ta på seg administrative oppgåver etter rettleiande tidsmessige rammer. Det vert forventa at den tilsette regelmessig sender søknadar til relevante nasjonale og internasjonale kjelder for forskingsfinansiering. Undervisningsplikta i stillinga er først og fremst knytt til grunnutdanning for tannlege- og tannpleiestudentar, og etterutdanning av tannlegar. Personen som vert tilsett pliktar å undervise i høve til dei studieprogramma fakultetet/instituttet til ei kvar tid har. Det vert forventa høge ambisjonar og god kvalitet med omsyn til forsking og undervisning, samt aktiv deltaking i instituttet og fakultetet sitt strategiarbeid og faglege aktivitetar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Kvalifisert søkjar har norsk doktorgrad i odontologi eller tilsvarande kompetanse. Den ideelle kandidaten publiserer på høgt internasjonalt nivå i faget, kan vise til søknader og tilslag frå nasjonale og internasjonale finansieringskjelder for forsking og utdanningsarbeid, og har etablert, eller er i ferd med å etablere, eiga forskingsgruppe. Resultat oppnådd dei siste 5-7 år vil bli særleg vektlagt ved bedømminga. Den ideelle kandidaten har erfaring med undervisning og rettleiing på bachelor- og masternivå eller i profesjonsutdanningar, og frå rettleiing av ph.d.-kandidatar. Erfaring frå ulike nasjonale og internasjonale forskingsinstitusjonar, og evne til å etablere internasjonale nettverk vil telje positivt ved bedømminga, og det same gjer også erfaring av og interesse for innovasjon. Personlege eigenskapar blir vektlagd ved vurderinga.

Undervisningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga, sjå retningsliner for oppretting av ei pedagogisk mappe på Eining for læring. Førsteamanuensis vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing. Det vert lagt vekt på interesse for pedagogikk og dokumentert gode evalueringar frå undervisning.

Undervisningsspråket er til vanleg norsk. Eksamensarbeid og administrative oppgåver krev norsk språk. Det vert kravd at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga. Kurs vert tilbode. Arbeidstida er fordelt likt mellom forsking og undervisning, når tid til andre oppgåver er trekt frå.

Vi tilbyr:

  • eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt
  • faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • løn etter lønssteg 68-74 (kode 1011/lønsramme 24.10), for tida kr 626 100-702 100, eller lønssteg 70-74 (spesialist) for tida kr 650 300 - 702 100. Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing, og vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • søknadsbrev som fortel kvifor du søkjer stillinga
  • utfyllande CV samt relevante vitnemål og attestar
  • fullstendig publikasjonsliste
  • pedagogisk mappe, sjå Eining for læring
  • ei liste over vitskaplege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (høgst 10). For kvart arbeid skal det følgje med eit kort samandrag som omtalar dei viktigaste funna i arbeidet
  • dei 10 vitskaplege arbeida frå punktet over i pdf-format
  • namn og kontaktinformasjon til minst to referansar

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga får ein ved å kontakte:

  • Mihaela R. Cimpan, Professor, seksjonsleiar (mihaela.cimpan@uib.no, tel: 55586263)

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS