LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Førsteamanuensis i medievitskap

Søknadsfrist: 01.06.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt og tre senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis

Ved Institutt for informasjons- og medievitskap er det ledig fast stilling som førsteamanuensis i medievitskap med innretning mot media, demokrati og offentlegheit.

Institutt for informasjons- og medievitskap er eit forskingsintensivt og fleirfagleg institutt ved Det samfunnsvitskaplege fakultetet, Universitetet i Bergen. Instituttet er vertskap for fleire eksternfinansierte prosjekt og senter, blant anna senter for forskingsdrevet innovasjon MediaFutures, lokalisert ved kunnskapsklynga Media City Bergen.

Til instituttet er det for tida knytt 35 faste vitskaplege stillingar og om lag 30 ph.d.-kandidatar og postdoktorar. Instituttet tilbyr bachelor- og masterprogram i informasjonsvitskap, kunstig intelligens, kognitiv vitskap, media & kommunikasjon, samt innan TV-produksjon, journalistikk og interaksjonsdesign knytt til instituttets aktivitetar i Media City Bergen.

Forskinga i medievitskap er organisert i fire forskingsgrupper: Retorikk, demokrati og offentlig kultur, medieestetikk, journalistikk, og mediebruk.

Utfyllande informasjon om pågåande forsking og undervisning er tilgjengeleg på instituttets heimesider.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Stillinga er ein del av instituttets satsing på offentlegheits- og demokratiforsking, kor retorikk, strategisk kommunikasjon og kulturell og politiske offentlegheit står sentralt. Personen som tilsettast vil inngå i eit miljø kor det forskast på digitalisering og teknologidrivne samfunnsendringar, endringar i offentleg debatt og politisk kommunikasjon, samt meiningsdanningsprosessar hos individ og i grupper, kultur og samfunn. Særleg relevant i denne forskinga er betydninga av retorisk kommunikasjon, argumentasjon, resepsjon, truverde og tillit. Søkjarar må kunne delta aktivt i slik forsking og må kunne legge fram forskingsplanar og ha evne til prosjektutvikling.

Stillinga er delt mellom forsking, undervising, og administrasjonsoppgåver. Til stillinga høyrer undervisingsoppgåver på bachelor-, master og ph.d.-nivå på instituttets studieprogram i media & kommunikasjon, med særleg ansvar for programmet sitt tilbod innan media, demokrati og offentlegheit, samt strategisk og politisk kommunikasjon. Det vert lagt til rette for utstrekt samarbeid mellom instituttet sine studieprogram. Det vert forventa at den tilsette underviser på alle nivå, samt rettleiar ph.d.-kandidatar

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkere må ha oppnådd ph.d.–grad innenfor medievitenskap, kommunikasjon, retorikk eller tilsvarande.
  • Ein sterk akademisk bakgrunn og dokumentert kompetanse på relevante forskingsområde. Dette omfattar dokumentert evne til å publisere forsking på høgt internasjonalt nivå etter avlagt ph.d.-grad.
  • Dokumentert progresjon i forsking, og plan for framtidig forsking og publisering
  • I evaluering av søkarane sine vitenskapelige arbeid vil det bli lagt særlig vekt på forsking publisert dei siste fem år.
  • Evne til å utvikle og leie større eksternfinansierte prosjekt er ein fordel
  • Vi søker ein dedikert forskar, undervisar og rettleiar, som evner å engasjere og inspirere kollegar og studentar. Vi søkjer ein kandidat med gode samarbeidsevner og evne til å arbeide sjølvstendig. Personlege eigenskapar vil bli tillagd vekt.

Den som blir tilsett må kunne undervise både på høgare og lågare grads nivå ved instituttet. Undervisningsspråket er til vanleg norsk. Det blir kravd at den som blir tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjing.

Utdanningsfagleg kompetanse

Til stilling som førsteamanuensis vert det kravd grunnleggjande kompetanse for undervising og rettleiing på universitets- og høgskulenivå (sjå lenkje). Dette inneber fullført universitetspedagogisk utdanning, samt grunnleggjande ferdigheiter innan planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av undervising og rettleiing. Dersom den som blir tilsett ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse ved tilsetting, må krava vere oppfylte innan to år.

Utdanningsfagleg kompetanse skal dokumenterast gjennom ei utdanningsfagleg mappe. Denne skal innehalde oversikt over praktisk erfaring og kompetanse, dokumentasjon av dette og eit kortfatta refleksjonsnotat. Notatet skal primært vere knytt til eigen undervisingsfilosofi og vurdering av eigen undervising i høve til kunnskap om studentar si læring i høgre utdanning.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
  • Løn etter lønssteg 68-75 (kode 1011) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 618 600 – 708 000 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse og gode velferdsordningar.

Søknaden skal innehalde:

  • Følgjebrev som synar motivasjon for å søkja på stillinga og gjer ei oppsummering av planlagt forskingsaktivitet framover
  • CV
  • Inntil 5 vitskapelege arbeid med opplysningar om kvar dei er publisert. Forskinga frå dei siste fem åra vil bli tillagt særleg vekt.
  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Medforfattarerklæringar der kor det er naudsynt for å klargjere ditt bidrag
  • Undervisingsportfolio.
  • Godkjende kopiar av vitnemål og attester
  • Kontaktinformasjon til to referansar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastas opp i Jobbnorge.

Søknadsfrist: 1. juni 2021.

Søknaden skal merkast: 21/4164

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til: Seksjonsleiar for HR Bjørn-Arild Petersen, bjorn.petersen@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS