LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Førsteamanuensis i fiskehelse (bakteriologi)

Søknadsfrist: 29.05.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis

Ved Institutt for biovitskap (BIO) er det ledig ei stilling som førsteamanuensis i fiskehelse (bakteriologi).Om instituttet

Institutt for biovitskap har eit av dei breiaste fagmiljøa innan biovitskapleg forsking og utdanning i Norge, og har eit sterkt fokus på tema som livet sitt opphav, klima og økosystemendringar, fiskeri, havbruk og utviklingsrelatert forsking. BIO driv forsking og undervisning frå organismar til populasjons- og økosystemnivå innan teoretisk, eksperimentell og feltbaserte tema. Gjennom samlokalisering og felles forskingsgrupper er forskinga ved BIO tett integrert med biologisk forsking ved Universitetsmuseet i Bergen og med fleire tematiske avdelingar i NORCE (Norwegian Research Centre AS). BIO held til i moderne fasilitetar på Marineholmen.

BIO er det største av sju institutt ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet og har om lag 260 tilsette, inkludert 56 professorar og førsteamanuensar, 130 ph.d.-kandidatar og 70 teknisk og administrativt tilsette. Undervisninga ved instituttet dekkjer eit breitt spekter av biologiske disiplinar og blir tilbydd gjennom to bachelorprogram, to masterprogram, to integrerte femårige studieprogram og lærarutdanning, utanom doktorgradsutdanning. BIO har eit Senter for framifrå undervisning (SFU) og dermed eit særskild fokus på utvikling av kvalitet i undervisning og læring.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde/undervising:

Fiskehelse er eit sterkt og veksande fagfelt ved Universitetet i Bergen (UiB). Det er ei målsetting å vere i forskingsfronten nasjonalt og internasjonalt, og vere eit leiande fagmiljø innan fiskehelseutdanning.

Fiskehelsemiljøa ved BIO er sentrale i forsking og utdanning innan fiskehelse og i arbeidet med å betre fiskevelferda i norsk akvakultur. Forskinga er viktig for akvakulturnæringa, særleg i produksjonen av oppdrettsfisk og interaksjonar med ville fiskebestandar. Forskinga i bakteriologi siktar mot å klargjere grunnleggjande eigenskapar hos patogene bakteriar og sjukdomsprosessar hos oppdrettsartar. Forskinga skal fremje nysgjerrigheitsdriven vitskap i fagområdet og spenner frå rein grunnforsking til bruksretta problemstillingar.

Undervisninga ved BIO er organisert i 7 faggrupper inkludert faggruppa ‘Fiskehelse’. Fiskehelsemiljøet omfattar tre forskingsgrupper: Fiskeimmunologi, Fiskesjukdomar og Lakselussenteret. Forskinga i fiskehelse er både eksperimentell og knytt til feltarbeid. Dei viktigaste fagfelta er immunologi, parasittologi, bakteriologi og virologi, kor til dømes metodar i molekylærbiologi, cellebiologi, anatomi/histologi/cytologi, bioinformatikk og evolusjonsbiologi er sentrale. Forskingsgruppene har moderne og velutstyrte forskingslaboratorium, inkludert spesialiserte fasilitetar til fiskeforsøk. Dei har og eit tett samarbeid med oppdrettsnæringa gjennom m.a. Lakselussenteret, eit senter for framifrå innovasjon, ILab og andre aktører.

Undervising i profesjonsstudiet i fiskehelse er lagt til stillinga og den som blir tilsett skal undervise på emne knytt til fiskehelsestudiet og rettleie master- og ph.d.-studentar. Profesjonsstudiet i fiskehelse gjev grunnlag for autorisasjon og rett til tittelen fiskehelsebiolog. BIO tek årleg opp 25 studentar til fiskehelsestudiet.

Det er forventa at den som blir tilsett bidreg til eksternfinansiert forskingsaktivitet, og kan dokumentere evne til å hente inn ekstern forskingsfinansiering.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarane må ha norsk doktorgrad i biologi, veterinær- eller medisinfag eller anna relevant fagfelt, eller tilsvarande utanlandsk grad
  • Søkjarar må ha forskingserfaring innan fiskehelse og bakteriologi på eit internasjonalt nivå
  • Søkjarar må vise evne og motivasjon til å skaffe eksterne forskingsmiddel
  • Det blir lagt vekt på evne til å leie forskingsprosjekt, koordinere forskingsaktivitet og drive forskingsstrategisk arbeid, samt etablere forskingsnettverk
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, og det vil bli lagt vekt på dokumentert vilje og evne til samarbeid
  • Det vil bli lagt vekt erfaring frå undervising og undervisningsutvikling på universitetsnivå
  • Det vil bli lagt vekt på erfaring med diagnostikk og samarbeid med aktørar innan akvakulturnæringa
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.

Krav til utdanningsfagleg kompetanse

Til stilling som førsteamanuensis bli det kravd grunnleggjande kompetanse for undervisning og rettleiing på universitets- og høgskulenivå. Dette inneber dokumentasjon av

  • fullført universitetspedagogisk utdanning (relevante kurs i kombinasjon med eigen praktisk undervisning vil kunne erstatte universitetspedagogisk program)
  • grunnleggjande ferdigheiter innan planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av undervisning og rettleiing

Utdanningsfagleg kompetanse skal dokumenterast gjennom ei utdanningsfagleg mappe. Denne skal innehalde oversikt over praktisk erfaring og kompetanse, dokumentasjon av dette og eit kortfatta refleksjonsnotat. Notatet skal primært vere knytt til eigen undervisningsfilosofi og vurdering av eigen undervisning i høve til kunnskap om studentar si læring i høgre utdanning. Nærare informasjon om kriterium og dokumentasjonskrav til utdanningsfagleg kompetanse finst her.

Søkjarar som ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse ved tilsetjing, vil bli pålagt å oppfylle krava innan to år etter tiltreding.

Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Den som blir tilsett, må kunne undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tiltreding.

Ved Universitetet i Bergen blir det lagt reell vekt på pedagogiske kvalifikasjonar ved tilsetjing i vitskaplege mellom- og toppstillingar.

Vi kan tilby:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 68–74 (kode 1011/LR 24, alternativ 10). Dette utgjer ei årsløn på kr. 618 600 – 694 400 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Førsteamanuensis i fast stilling har høve til å søkje om opprykk til professor etter kompetanse. Meir informasjon finst her.

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • vitnemål, attestar
  • fullstendig publikasjonsliste
  • ei kort utgreiing om søkjaren si interesse og motivasjon for å søkje denne stillinga, og ei kort oppsummering av dei viktigaste resultata i søkjaren si forsking (2-3 sider)
  • ei fullstendig liste over undervisningserfaring
  • vedlegg som dokumenterer dine pedagogiske kvalifikasjonar
  • liste over vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er publiserte
  • namn på tre referansar, kor minst ein må kjenne søkjaren frå undervisningsarbeid

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge. Søknader sendt til einskilde personar per e-post, vil ikkje bli vurdert.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Are Nylund, faggruppeleder for fiskehelse (telefon: +47 55584444/e-post: are.nylund@uib.no eller til
  • Instituttleiar professor Ørjan Totland (telefon: +47 55584403/e-post: orjan.totland@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Vi oppmodar kvinner om å søkje. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS