Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Førsteamanuensis i bioinformatikk

Søknadsfrist: 01.05.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis i bioinformatikk

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for biomedisin, er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis (100 %) i bioinformatikk.

Stillinga skal vere knytt til ei av dei eksisterande forskingsgruppene ved instituttet, proteomikk-eininga (PROBE). Forskingsaktiviteten er i hovudsak finansiert av eksterne tilskot og dekker områda fysiologi, cellebiologi og biokjemi med særleg fokus på tumorbiologi, nevrobiologi og kardiovaskulær forsking mot menneskeleg biologi og medisin. Vi ønsker å styrke forskinga innan bioinformatikk med særleg fokus på proteomikkgrunna bioinformatikk og organisering og nyttiggjæring av storskala proteomikkdata. Vi leiter etter ein entusiastisk og motivert kandidat med ein klar visjon om å drive uavhengig forsking innanfor dette området av bioinformatikk. Den vellykka kandidaten må vere i ein positiv utvikling og forventast å ha ein klar plan for forskinga si dei kommande fem åra.

Instituttet underviser studentar i medisin, odontologi, ernæring og farmasi innan kjemi, cellebiologi, anatomi og fysiologi. Instituttet organiserer også eit masterprogram i biomedisinske vitskap, og det faste vitskapelege personalet deltar i undervisning og rettleiing av desse masterstudentane.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

(Det vitskapelege fokuset til den vellykka kandidaten må integrerast godt med den pågåande forskinga i forskingsgruppa ved proteomikk-kjerneanlegget ved Universitetet i Bergen (PROBE). Den vellykka kandidaten vil hovudsakleg undervise i bioinformatikk, men må være klar over at forpliktingane innom undervisning kan verta endra. Ein undervisningsplan med forslag til korleis deira undervisning kan integrerast i relevante kurs ved instituttet og medisinstudiet skal også leggast med. Kandidaten vil også rettleia master- og ph.d.-studentar. Den vellykka kandidaten vil også ta del i dei administrative pliktene til instituttet, lik resten av det faste vitskapelege personalet.

Undervisingsspråket er til vanleg norsk. Det vert kravd at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga. Kurs vert tilbode.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha relevant norsk doktorgrad i bioinformatikk eller tilsvarande kompetanse.
  • Den vellykka kandidaten må ha fullført ein produktiv postdoktorperiode.
  • Må dokumentere aktiv, uavhengig og utbredt forsking i bioinformatikk innan områda som er spesifisert over (relatert til fagområdet proteomikk).
  • Må dokumentere evne til å skaffe ekstern finansiering.
  • Søkjar må dokumentere erfaring i undervisning og rettleiing, og gi ei beskriving av deira undervisningsplan og integrering i relevante kurs ved instituttet.
  • Må demonstrere evne til å skape eit forskingsmiljø gjennom nasjonalt og internasjonalt nettverksbygging.
  • Må gi ein forskingsplan for dei kommande fem åra (maks. fem sider), og beskrive korleis deira forsking kan integreras med dei pågåande forskingstemaene ved instituttet og gi synergiar til desse.
  • Det er ein fordel om den vellykka kandidaten:
    • kan dokumentere erfaring i leiing så vel som erfaring med å koordinere forskingsaktiviteter og skriva søknader
    • kan dokumentere opplæring og utdanning i bioinformatikk
    • kan dokumentere lærarerfaring i bioinformatikk
    • har erfaring frå arbeid med proteomikkdata frå nevrologiske sjukdommar.
    • har erfaring med å utvikle brukarvennleg proteomikkprogramvare for organisering, visning og tolking av massespektrometri-baserte proteomikk.

Undervisningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga, ref. Regler for vurdering av utdanningsfaglig kompetanse ved UiB. Den som blir tilsett vil få tilbod om opplæring dersom krava ikkje er oppfylt før tilsetjing

Det vert lagt vekt på erfaring med leiing av forskingsprosjekt, koordinering av forskingsaktivitet, samt frå forskingsstrategisk arbeid. Vidare vert det lagt vekt på dokumentert vilje og evne til samarbeid.

Vi tilbyr:

  • eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt
  • faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • løn etter lønssteg 66-74 (kode 1011/lønsramme 24.10), for tida kr 594 400-691 400, eller lønssteg 68-74 (spesialistutdanning) for tida kr 615 900 - 691 400. Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing, og vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn-
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • vitnemål og attestar
  • fullstendig publikasjonsliste
  • pedagogisk mappe, sjå Eining for læring
  • ei liste over vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysning om kvar dei er offentleggjorde
  • vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10) i passande format (PDF) skal følgje med søknaden som vedlegg

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (pdf).

I tillegg ber vi søkjar legge ved:

  • dokumentasjon av innhenta eksternfinansiering
  • forskningsplan for dei neste fem år (maks 5 sider)

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS