Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Førsteamanuensis i akustikk

Søknadsfrist: 07.06.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis innan akustikk

Ved Institutt for fysikk og teknologi, Universitetet i Bergen (UiB) er det ledig ei stilling som førsteamanuensis innan akustikk.

Om instituttetInstitutt for fysikk og teknologi driv forsking og utdanning som spenner frå basal grunnforsking på dei minste byggesteinane i universet, til teknologi og innovasjon for å bidra til å løyse utfordringar verda står framfor i dag, innanfor til dømes hav, energi og helse. Instituttet har store forskingsgrupper i romfysikk og i kjerne- og partikkelfysikk, og har sterke fagmiljø innan til dømes elektronikk og målevitskap, nanofysikk, medisinsk fysikk, energi, akustikk og optikk. Forskinga er i stor grad eksternfinansiert; mellom anna er instituttet vertskap for SFF «Birkeland Center for Space Science». Instituttet spelar sentrale roller i UiBs tre nye siv.ing.-program innan havteknologi, energi og medisinsk teknologi.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Den ledige stillinga er knytt til forskingsgruppa i akustikk. Gruppa bygger på 55 års erfaring innan eksperimentell, teoretisk og numerisk akustikk, og består hausten 2020 av 1 professor, 1 postdoktor, 5 ph.d.-studentar og 13 mastergradstudentar. Gruppa har tradisjonelt hatt utgangspunkt i basal grunnforsking, med fokus mot applikasjonar innan ultralydteknologi og marin akustikk i samarbeid med eksterne partnarar. Dette inkluderer årelangt og tett samarbeid med instituttsektor og helseføretak (NORCE, Havforskningsinstituttet, Nansensenteret for miljø- og fjernmåling og Helse Vest); andre forskingsgrupper ved UiB; internasjonale universitetsmiljø; og regionale, nasjonale og internasjonale bedrifter.

Akustikk er eit fagfelt i rask utvikling og med stor samfunnsmessig og industriell betydning, innan ei rekke område som oseanografi, medisin og biofysikk, petroleum, gass- og materialteknologi, mikroskopi, geofysikk og astrofysikk, m.m. Forskingsgruppa i akustikk tilbyr undervisning innan generell akustikk, akustiske metodar og ulike spesialfelt i akustikk, på bachelor-, master- og ph.d.-nivå. Kurstilbodet omfattar for tida 6 eigne kurs (60 studiepoeng) i akustikkfag. Aktive forskingsfelt i gruppa inkluderer akustiske elastiske bølgjeleiarar, ultralyd fiskal strømningsmåling av olje og gass, marin/fiskeri-akustikk, og materialkarakterisering.

Stillinga er knytt til marin akustikk, som omfattar generering, forplantning, mottaking og bruk av lydbølgjer i vatn, sjø og hav. Teknologi og applikasjonar spenner frå sonar, ekkolodd, transduser- og antenne-teknologi, bestandsmåling i fiskeri, integritetsmåling av marine strukturar, oseanografi, kommunikasjon, avbilding, straummåling, tomografi, temperaturmåling, sjøbotnskartlegging og -karakterisering, støymåling og økosystemovervaking; til sjøforsvar, minedeteksjon, fartøydeteksjon, m.m. Nytt utstyr og avanserte metodar innan slike og andre område gjev stadig betre grunnlag for presis akustisk måling og karakterisering. Samstundes krev utvikling og bruk av moderne avansert akustisk utstyr djup innsikt i fysikk.

Det er nyleg starta eit siv.ing.-studieprogram i havteknologi som gjev nye utfordringar og mogelegheiter innan forsking, undervisning og rettleiing av studentar, og samarbeid med industri og instituttsektor. Den som vert tilsett i stillinga skal bidra til å styrke instituttet sin kompetanse og forsking innan marin akustikk, og vere med på å vidareutvikle undervisinga i marin akustikk og havteknologi. Spesielt ønskjer ein å styrke koplinga mellom instituttet og akustikk-basert marin industri i regionen. Den som vert tilsett i stillinga skal delta aktivt i drift og vidareutvikling av gruppa sin forskings- og undervisningslaboratorium innan akustikk/ultralyd.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha doktorgrad eller tilsvarande kompetanse innan akustikk.
  • Søkjarar må dokumentere gode kunnskapar i akustikk/ultralyd, inklusiv matematisk fysikk/ultralyd, numerisk programmering, og ultralyd laboratoriemålingar.
  • Søkjarar må ha dokumentert solid forskingserfaring frå feltet marin akustikk.
  • Den som blir tilsett skal bidra i siv.ing.-programmet innan havteknologi. Søkjarar må difor dokumentere god kjennskap til marin industri (t.d. erfaring med arbeid i tett samarbeid med industri, arbeid i industribedrift, eller liknande), og erfaring frå innovasjon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må kunne bidra i forskingslag både som leiar og deltakar.
  • Søkjar må ha erfaring i leiing av forskingsprosjekt / forskingsgruppe og kunne dokumentere gjennomføringsevne.
  • Søkjarar må ha gode engelsk-kunnskapar; skriftleg og munnleg.

Erfaring frå eitt eller fleire av følgjande område vil vere ein føremon:

  • Eksperimentelt feltarbeid, som akustiske målingar i hav og sjø (eksempelvis fiskeriakustikk, marine installasjonar, m.m.).
  • Ikkje-lineær akustikk.
  • Gode programmeringskunnskapar (eksempelvis Matlab, Python, C/C++, m.m.).
  • Søkjarar bør ha eit breitt nasjonalt og internasjonalt vitskapeleg nettverk.
  • Det blir forventa at den som blir tilsett bidreg til eksternfinansiert forskingsaktivitet. Søkjarar bør difor kunne dokumentere evne til å hente inn ekstern forskingsfinansiering.
  • Organisatorisk arbeid (arrangering av konferanse/seminar, komitéarbeid, styremedlemskap).

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.

Krav til utdanningsfagleg kompetanseTil stilling som førsteamanuensis blir det kravd grunnleggjande kompetanse for undervisning og rettleiing på universitets- og høgskulenivå.

Dette inneber dokumentasjon av

  • fullført universitetspedagogisk utdanning (relevante kurs i kombinasjon med eigen praktisk undervisning vil kunne erstatte universitetspedagogisk program),
  • grunnleggjande ferdigheiter innan planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av undervisning og rettleiing.

Utdanningsfagleg kompetanse skal dokumenterast gjennom ei utdanningsfagleg mappe. Denne skal innehalde oversikt over praktisk erfaring og kompetanse, dokumentasjon av dette, og eit kortfatta refleksjonsnotat. Notatet skal primært vere knytt til eigen undervisningsfilosofi og vurdering av eiga undervisning, i høve til kunnskap om studentar si læring i høgre utdanning. Nærare informasjon om dokumentasjon av utdanningsfagleg kompetanse finn du her.

Den som blir tilsett, må ha pedagogisk basisutdanning, men søkjarar som ikkje fyller dette kravet ved tilsetjinga får tilbod om opplæring. Vedkommande må i slike tilfelle dokumentere at utdanninga er fullført innan to år etter tiltreding.

Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Den som blir tilsett, må kunne undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tiltreding.

Ved Universitetet i Bergen blir det lagt reell vekt på pedagogiske kvalifikasjonar ved tilsetjing i vitskaplege mellom- og toppstillingar.

Vi kan tilby:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø.
  • løn etter lønssteg 66–74 (kode 1011). Dette utgjer ei årsløn på kr. 594 400 – 691 400. brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse.
  • gode velferdsordningar

Førsteamanuensis i fast stilling har høve til å søkje om opprykk til professor etter kompetanse. Fristen for slik søknad er 15. september kvart år.

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • vitnemål og attestar
  • fullstendig publikasjonsliste
  • ei kort utgreiing om søkjaren si interesse og motivasjon for å søkje denne stillinga, og ei kort oppsummering av dei viktigaste resultata i søkjaren si forsking (2-3 sider)
  • utdanningsfagleg kompetanse dokumentert gjennom utdanningsfagleg mappe (sjå ovanfor)
  • liste over vitskapelege arbeid søkjaren vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er publiserte
  • namn på tre referansar, der minst ein må kjenne søkjaren frå undervisningsarbeid

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge. Søknadar sendt på e-post vil ikkje bli vurderte.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Instituttleiar, professor Øyvind Frette, tlf. (+47) 55 58 27 60, epost oyvind.frette@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS