Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Førsteamanuensis (50 %) i møbel- og objektdesign

Søknadsfrist: 16.11.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Fakultet for kunst, musikk og design består av tre institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis (50 %) i møbel- og objektdesign

Ved Institutt for design er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis (50 %) i møbel- og objektdesign.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Vi søker ein erfaren designar som jobbar innovativt og eksperimenterande på tvers av fagfelta møbel- og objektdesign. Vi ønsker søkarar som har ein medviten haldning til designs betydning for samfunnet og til materialbruk og produksjon sett i eit berekraftsperspektiv.

Søkarar må kunne anvende dei nyaste teknologiske moglegheitene som finnast innanfor fagfeltet og ha god kunnskap om relevante designmetodar.

Den ideelle søkar har solid pedagogisk erfaring og evne til å inspirera og motivera studentar.

Den som tilsettast må kunne dokumentere designpraksis på høgt nivå og god teoretisk forståing for designfeltet. Søkar må kunne undervise og rettleie studentar med ulik fagleg orientering.

Søkarar må ha erfaring med kunstnarleg utviklingsarbeid og kunne planlegge og leie forskingsprosjekt. Søkarar må kunne integrere eige kunstnarisk utviklingsarbeid i undervisninga. Samarbeid, nettverksbygging og kontakt med utdanningsinstitusjonar og andre relevante partnarar er og viktige oppgåver i stillinga.

Arbeidsoppgåver:

  • Undervisning og rettleiing
  • Ansvar for undervisningsopplegg
  • Kunstnarleg utviklingsarbeid, prosjektutvikling/-leiing inkludert
  • Hovudrettleiar for ph.d.- MA- og BA-studentar
  • Rekruttering av ph.d.- MA- og BA-studentar
  • Formidling
  • Organisering og tilrettelegging av desse oppgåvene
  • Administrative- og faglege koordineringsoppgåver og andre styringsoppgåver

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Til stilling som førsteamanuensis vert det kravd ph.d.-utdanning eller gjennomført godkjent stipendprogram for kunstnarleg utviklingsarbeid på aktuelt fagområde eller dokumentert kunstnarleg verksemd eller utviklingsarbeid på høgt internasjonalt nivå og med ei særleg fordjuping som er relevant for fagområdet eller disiplinen

Til stilling som førsteamanuensis vert det kravd grunnleggjande kompetanse for undervising og rettleiing på universitets- og høgskulenivå. Dette inneber fullført universitetspedagogisk utdanning, samt grunnleggjande ferdigheiter innan planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av undervising og rettleiing. Relevante kurs i kombinasjon med eigen praktisk undervising vil kunne erstatte universitetspedagogisk program. Dersom den som blir tilsett ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse ved tilsetting, må krava vere oppfylte innan to år.

Utdanningsfagleg kompetanse skal dokumenterast gjennom ei utdanningsfagleg mappe. Denne skal innehalde oversikt over praktisk erfaring og kompetanse, dokumentasjon av dette og eit kortfatta refleksjonsnotat. Notat skal primært vere knytt til eigen undervisingsfilosofi og vurdering av eigen undervising i høve til kunnskap om studentar si læring i høgre utdanning. Nærare informasjon om dokumentasjon av utdanningsfagleg kompetanse finn du her.

Ved Universitetet i Bergen blir det lagt reell vekt på pedagogiske kvalifikasjonar ved tilsetjing i vitskaplege mellom- og toppstillingar.

Den faglege kompetansen vil bli vurdert av ein sakkunnig komité. Dei best kvalifiserte søkjarane vil bli kalla inn til intervju av ei intern intervjugruppe, og vil også kunne måtte halde prøveførelesning for instituttets stab og studentar.

I tillegg vil det bli lagt vekt på:

  • Erfaring med undervisning på universitetsnivå
  • Perspektiv på kunstnarisk utviklingsarbeid
  • Erfaring frå å arbeide med industrien.
  • Gode samarbeidsevner med vekt på dialog og inkluderande fagleg kommunikasjon
  • Kompetanse innan programvare for 3D-modellering/CAD, samt evt. erfaring med «open-source» teknologi og metodikk
  • Relevant erfaring frå arbeid i verkstad og prototyping
  • Organisatoriske evner og erfaring
  • Personlege og mellommenneskelege eigenskapar

Undervisningsspråket er skandinavisk og engelsk. Det blir stilt krav om at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjing.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Stilling som førsteamanuensis (kode 1011) i lønnssteg 64 - 72 (lønsramme 24:8, med løn kr. 575.600 – 670.100 brutto i året i fulltidsstilling). Det vert trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse. For særlig kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • Vitnemål og attestar
  • Dokumentasjon av undervisningserfaring og pedagogiske kvalifikasjonar
  • Materiale som dokumenterer kunstnarleg utviklingsarbeid og kunstnarleg verksemd

Søkaren må gjere greie for sine kvalifikasjonar knytt til dei forhold stillinga krev og vektlegg, mellom anna ei beskriving av intensjonar og mål for åremålsperioden. Det er viktig at søkaren tydeliggjer sine betraktningar og beskriv sitt syn på fagfeltets posisjon og muligheiter.

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS