Stilling:

Førsteamanuensis i administrasjon og organisasjonsvitenskap

Søknadsfrist: 12. august 2018

Vi ønskjer deg velkomen som søkjar til en fast stilling som førsteamanuensis innan administrasjon og organisasjonsvitskap ved Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap, Universitetet i Bergen. Stillinga er todelt. Undervisningsdelen er knytt til etter- og vidareutdanning/oppdragsbasert undervisning. Forskingsdelen tar utgangspunkt i instituttets generelle forskingsaktivitet, og stillinga er i dag særlig knytt til forskingsområda organisasjonsteori, organisasjon og leiing og reformer i offentlig sektor.

Instituttet har ein profil som eit statsvitskapleg fag basert på ein organisasjonsfagleg tilnærming til studiet av offentleg politikk, offentleg administrasjon og politiske institusjonar. Søkjarar til stillingane blir rådde til å orientere seg om undervisningstilbodet og forskingsprofilen ved instituttet, sjå: http://www.uib.no/admorg

Vi søkjer dedikerte forskarar, rettleiarar og undervisarar med gode samarbeidsevner som kan styrke forskinga og undervisningsprogramma ved Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap. Vi vil leggje vekt på at dei som blir tilsette er personleg eigna for stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha doktorgrad i statsvitskap eller eit anna samfunnsfag, med klar relevans for instituttet sin faglege profil.
  • Søkjarar må ha vist evne til publisering av forskingsresultat utover doktorgrad både nasjonalt og internasjonalt. Ved vurdering av det vitskaplege arbeidet vil forskinga frå dei siste fem åra bli tillagt særleg vekt.
  • Brei undervisningserfaring generelt er en føresetnad, og i statsvitskapleg orientert organisasjonsteori spesielt er ønskeleg. Rettleiingserfaring og kjennskap til digitalt støtta undervisnings- og rettleiingsarbeid vil være en fordel.
  • Erfaring med å utvikle, administrere og drive større eksternt finansierte prosjekt er ønskjeleg.
  • Det er eit krav om god kjennskap til norsk. Den som vert tilsett må kunna undervise på norsk ved oppstart.
  • Pedagogisk basisutdanning er eit krav for stillinga. Den som blir tilsett vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing.

Den som blir tilsett må kunne undervise både på høgare og lågare grad ved instituttet. I tilknyting til undervisningsdelen av stillinga må det påreknast noko reising (samlingar à 3 dagar) og helgearbeid.

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
  • Løn etter lønssteg 68-75 (17.510/kode 1011/LR 24) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på NOK 600 200.- til 686 900.- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn. Løna er for tida under justering.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse og gode velferdsordningar.

Søknaden skal innehalde:

  • Følgjebrev som synar motivasjon for å søkja på stillinga og gjer ei oppsummering av planlagt forskingsaktivitet framover
  • CV
  • Inntil 5 vitskapelege arbeid med opplysningar om kvar dei er offentleggjorde. Forskinga frå dei siste fem åra vil bli tillagt særleg vekt.
  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Medforfattarerklæringar
  • Undervisingsportefolio. Ei samla framstilling som synar din erfaring innan undervising og rettleiing. Legg gjerne ved pedagogiske publikasjonar, eigenutvikla undervisingsmateriell, evalueringsrapportar og motekne undervisningsprisar.
  • Godkjente kopiar av vitnemål og attester
  • Kontaktinformasjon til to referansar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastas opp i www.jobbnorge.no.

Søknadsfrist: 12. august 2018

Søknaden skal merkast: 2018/5745

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til

  • instituttleiar Jacob Aars: jacob.aars@uib.no , eller
  • seniorkonsulent - HR Even Michal Endresen: even.endresen@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga. Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som blir tilsett må rette seg etter dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga. Det vises til dei generelle reglane ved universitetet om at innanfor si normale arbeidsplikt og faglege kompetanse kan den som blir tilsett også bli pålagt undervisning, rettleiing og eksamensarbeid utanfor den organisasjonseininga stillinga er knytt til.

Søk på stillingen

Søknadsfrist: 12.08.2018

Web: www.uib.no

Kontakt: Jacob Aars (Instituttleiar)

E-post: jacob.aars@uib.no

Kontakt 2: Even Michal Endresen (Seniorkonsulent - HR)

E-post: even.endresen@uib.no

Powered by Labrador CMS